For femti dagar sidan feira kyrkja påskemysteriet. Ved Kristi oppstode frå dødsriket fekk me den største gåva av alle: evig venskap med Gud. Likevel har me gått og venta på dagen i dag. For i dag er det guds folk, Kyrkja, som finn feste og den krafta ho treng for å stå som eit Guds teikn for alle. Sunniva Gylver kallar dagen i dag for Heilaganden sitt releaseparty! Det er eit presist uttrykk for kva som skjer i dag. For i dag vert mektige krefter frigjort, krefter som vart bunde allereie i dei aller fyrste tider.

Ut av Eden Masaccio, 1425Me må heilt tilbake til Edens hage for å famne kva som skjer i dag. Adam og Eva trossa Guds bod, og splitta venskapen til Herren. Då Gud vart vitne til menneskets svik mot den kjærleiken han hadde skapt oss for, stengde han paradiset slik at mennesket ikkje kunne vende tilbake. Aust for Eden stilte han opp to kjerubar (englar av høgste rang i engleskaren!) som stengde inngangen med eit flammande sverd. (1. Mos 3,24)

Men mennesket lét seg ikkje stoppe. Om vegen til Eden var stengt fekk dei bygge seg veg inn ein annan stad. Dermed byrja menneska på eit nytt fellesprosjekt. Babels tårn vaks seg snart opp mot himmelens høgder saman med det menneskelige hovmodet. Då splitta Gud menneska slik at dei ikkje lengre forsto kvarandre. Og menn og kvinner gjekk inn i ei ørkenvandring av einsemd, sorg og smerte der dei verken fann forløysing og fred.

Men i det skjulte byrja Gud på eit nytt byggverk. Langsamt reiste det seg ein ark, eit skip uendeleg mykje større enn Noas ark, ein ark som skulle romme alle menneske frå alle tider. Og då Kristus sto opp frå dei døde, då sjøsette Gud denne arken. Og Gud kalla på dei kjerubane som fram til no hadde stått og stengt inngangen til paradiset. Mektige kom dei med det flammande sverdet, og då pinsedagen rann, då kappa kjerubane alle trosser og ankerfeste og band til den nye arken, og slik opna Gud ein ny veg til himmelriket. Skipet dreiv av, og segla vart heisa og kursen satt, og Kyrkja sin seilas har sidan ført oss fram til her me er i dag, leia med stø kurs av Den Heilage Ande trass alle menneskelege manglar og feil.

pentecostSverdet som før hadde sperra vegen frigjorde alle. Og sverdet er Guds ord, og skipet, det er oss som er samla her og no, og heile den Kristne kyrkja som påkallar Gud og lovprisar hans heilage namn. Og Heilaganden er kjølen og roret, som gjev retning og kurs. Og Han er segla og banda som held alt på plass. Og Han er vinden som bles dit den vil, og som ved sin kjærleiks flamme leier både kyrkja og kvar einskild av oss nærare Gud og kvarandre.

Sidan pinsedagen er me alle merkte med denne nye elden i våre hjarte, slik Konsildokumentet Lumen Gentium lærer oss: Ved Evangeliets kraft hegnar Anden om si kyrkje slik at ho alltid held fast ved sin friske ungdom, og Han leier henne til fullkomen einskap med sin brudgom. (LG 4)

Men om kyrkja er eit skip, kven er me då? Passasjerar? Er me på luksuscruise med longdrinks og Hawaii-musikk på soldekket? Nei, me er mannskapet. Alle som har vore med seilas på ei seglskute veit at der må alle ta i eit tak. Alle har ei oppgåve å gjere, og det er berre ved å handle saman at store skuter kan segle. Nokre må heise og reve segl, andre må skure dekket, nokre må stå i byssa, og nokre må studere kartet. Me er Herrens dekksgutar og –jenter, og det gjeld å finne den oppgåva i Kyrkja og i livet som gud kallar oss til.

Vår aller viktigaste oppgåve er å lye til kva Anden kviskrar til oss i vårt indre. Då må me sjølv også somme tider teie, slik at me faktisk opnar oss for det Gud vil sei oss. Og som middel har Gud gjeve oss eit heilt apparat til kraft og styrke. Me har Bibelens ord, me har bøna. Og me har skriftemålets sakrament som på ny og på ny opnar våre hjarte for Herren. Og me har feiringa av den Heilage Messa, der Kristus gjev seg sjølv til oss i måltidet, slik at me vert eitt med han som gjorde seg til eitt med oss.

Må Gud signe oss alle denne pinsefesten, og måtte Anden få virke fritt i kvar einskild av oss, og slik bere rik frukt i våre liv.

Advertisements