På trykk i Klassekampen si spalte I god tro den 15. mai 2014 

Keltisk spiritualitet evnar å gje eit anna perspektiv på kvardagen.

Keltiske kistelokkDei siste månadane har vore prega av tunge, etiske debattar. Det har storma rundt tema som abortsak, reservasjonsrett og sorteringssamfunn. Nå står nasjonaldag og grunnlovsfeiringa for tur, og eg spør meg sjølv: Finst det ei, anna, djupare grunnlov i vårt tilvere? Noko som loddar djupare, som ligg skjult under alle meiningsbrytningane? For sjølv sig eg litt saman av alle meiningane, mine eigne inkludert. Eg har kava meg gjennom ein lang og slapsete vinter, med våte lærsko i munkedrakt som definitivt kunne vore reinare. Og når våren har kome har eg kjent at energinåla nærmar seg raudt.

Men forsynet har kome meg i møte og skjenkt meg eit avbrekk i dagane før 17. mai. På den lille øya Iona, i eit lite kapell ytst i havgapet på vestkysten av Skottland, har eg funne mitt lille eremitt-krypinn. I tolv dagar står tida stille. I tolv dagar får meiningar vere meiningar. I tolv dagar kan eg finne att ein djupare kvilepuls.

Eg er ikkje den fyrste som har hatt ynskje om å trekke meg unna travle kvardagar. I år 563 segla 42 år gamle Columba frå nordkysten av Irland etter å ha vore innblanda i ei lei copyright-sak der han ikkje vann fram. Han samla nokre vener og sette segl med eit indre lyfte om aldri å vende tilbake til Irland. Dei stranda etterkvart på sørspissen av Iona, på stranda som sidan fekk namnet Columba Bay. Der gjekk Columba i land med sine tolv fylgjesvener, grov båten ned og grunnla eit kloster. Han drog aldri attende til Irland. Den heilage Columba har i alle tider vore prisa for sin klokskap, sitt politiske talent, sitt kontemplative liv rotfest i mystikken, og for sitt djupe trusideal som forma utviklinga i klosterlivet. Han er ei viktig stemme i keltisk spiritualitet, og har prega forståinga av ei åndeleg røyrsle som har satt spor etter seg heilt fram til idag.

Men kva kan Columba lære oss? Er ikkje myteomspunne helgensoger passé? Tvert imot vil eg hevde. Visdomen som spring ut av keltisk åndsliv har mangt og mykje å gje oss i dag. Me kan få ein glimt av dette ved å sjå på nokre sentrale omgrep som spring ut av denne tradisjonen.

For det fyrste kan me nemne det kontemplative liv, ein grunnstein i keltisk trusliv. Det byggjer på den enkle overtydinga at menneske treng å falle til ro. Gjev meg eit fast punkt og eg skal flytte verda, seier filosofen. Gjerne det, men då må mennesket sjølv fyrst stoppe opp. Det er dette eg gjer, her eg sit og let blikket kvile på enger, fjord og solkledte fjell i det fjerne. Ingen avtaler, ingen telefonar. Berre vinden og eg…

I denne stilla veks det fram eit anna keltisk kjenneteikn, ei kjenslevar haldning til naturen. Når ein roar sjel og sinn trer verda og staden der ein er fram på fornya måte. Eg merkar sjølv korleis eg når djupare inn til alt rundt meg. Alt stryk ikkje berre forbi lenger. Eg tek del i det eg ser, og vert meir eitt med lamma på jordet, blomane i vegkanten, lyngen, fjella, regnet og nattemørkret.

Nærleiken til natur inneber også nærleik til meg sjølv. Difor er også åndeleg vegleiing viktig i keltisk tru. Me treng ein anam cara, ein sjele-ven som me kan tru oss til med alt me ber på i våre liv. For når me stoppar opp kjem både godt og vondt fram i dagen, og då treng me støtte for å kome gjennom det vanskelege. Venskap til andre styrkar venskapen til oss sjølve.

Alt dette leier fram mot ei holistisk tilnærming til røyndomen, der indre ro (somme tider også indre strid), venskap, nærleik til naturen og det å vere til stades i eige liv er smidd saman i eit heile, i einskap med Gud. Den keltiske knuten er eit teikn på denne forståinga av røyndomen, og speglar både eit menneskesyn og eit samfunnssyn som loddar djupt i det menneskelege tilværet.

Ved si enkle livsform og sin naturnære søken etter sanning speglar den keltiske tradisjonen ikkje berre eit ideal. Keltisk spiritualitet teiknar også eit bilete av ei djup grunnlov for kva det vil sei å leve eit integrert, heilskapeleg liv. Columba var ein mystikar som såg inn i den store løyndomen som omgjev oss: mennesket er eit mysterie for seg sjølv og for andre. Og det er ei livsoppgåve å bli ven med og leve ut dette mysteriet. Eg går gjerne i 17.-mai tog for slike mål, og ynskjer alle ei signa grunnlovsfeiring.

Keltisk signing

 

Advertisements