Bakside-artikkel fyrste gong publisert i St Olav kyrkjeblad 3/2012.

pastoralt landskap på Iona

Eg er tilbake på den vesle øya Iona, i lag med den heilage Colomba, pilgrimane, fuglane og vinden. Les om korleis eg hadde det fyrste gong eg hadde retrett her for to år sidan. Den gongen reiste eg saman med vår kjære medbror Arnfinn Haram,  som døydde berre ein månad seinare. Vemodet og saknet vert femna av alt livet her på øya, og leier meg til ei kjensle av djup takksemd. Iona er ein stad der takkesongen framleis susar…

Eg har nyleg kome att frå eit retrettprega studieopphald på øya Iona nordvest for Glasgow, Skottland. Under opphaldet på Iona har eg arbeidd med ei masteroppgåve som skal handle om liturgi. Dess meir eg les, dess større vert oppgåva, sjølve ordet ’liturgi’ famnar stadig vidare, og det kjennest ut som om eg sjølv vert mindre og mindre. Men medan eg er her på Iona sig det innover meg ein fred, det er mest som det ligg i jordsmonnet og i landskapet på denne staden. Ja, kanskje er det nettopp øya Iona som kan gje meg nykelen til ei fordjupa forståing av temaet eg søkjer innsikt i. Lat oss legge turen utover mot ytterkanten av dei skotske øyane, og inn i dei heilage mysteria som Gud sjølv har lagt ned i sitt skaparverk.

Eg ferdast saman med ein medbror frå Glasgow. Det tek tid å kome ut til Iona, ein ferdast med lokaltog, ferge, buss og båt, og når me endeleg kjem fram er eg allreie prega av eit meir langsamt tempo. Kroppen har falle litt meir til ro, sansane opnar seg. Me feirar messe i kapellet til det katolske retretthuset medan ettermiddagsljoset fell over grøne jorder, lyngkledde fjellknausar, kvite hus og blått hav og blå himmel. Her møtest grunnelementa i tilveret; sol, himmel, hav og land. Her går kyr på beite, sauene spreier seg utover landskapet og fyller alt med stille fred, medan små lam hoppar med leikne sprett, yre og lukkelege.

Det bur 150 innbyggarar på Iona, men i løpet av året kjem det 150.000 gjester til øya. Det ser ut til at alle ynskjer eit møte med denne staden som tok i mot den heilage Kolumba ein gong på 500-talet. Rundt det gamle benediktinarklosteret står tre vakre steinkrossar framleis att og vitnar om øya si historie. Ein gong fanst det over tusen av dei på øya. Eg står og ser utover det heile, og eg kjenner meg eit med vår Skapar som sjølv sto slik ein gong og såg på skaparverket – Og Gud såg at det var godt.

Det kviler ein signa fred over Iona. Å kome hit er som å kome eit steg nærare det me djupast sett er i oss sjølve; ikkje berre ”homo sapiens” – det tenkjande menneske, ei heller ”homo faber” – det skapande menneske. Nei, me vert leia nærare vårt eigentlige vesen; ”homo adorans”, det tilbedande menneske. Me er skapte for å love og prise Gud, takke for dei gode gåver me får, for jorda som ber oss, og for himmelen som speglar Guds velde. Og me er kalla til å leve i einskap med vår Skapar, og finne oss sjølve i einskap med Gud og verda. Det lovprisande og tilbedande menneske står som eit bindeledd mellom himmel og jord, og vår takkesong, vår eukaristi, stig til vår Herre som skulle me alle vere prestar. Denne takkesongen er den evige liturgien som me var meint til å leve ut. Slik er liturgien sjølve grunnsteinen i menneskets tilvere, og ”liturgi” betyr då også ”folkets arbeid”.

Men korleis skal me fattige menneske, farga av synd og manglande kjærleik, korleis skal me prise Gud på ein fullkomen måte? Eukaristien, den fullkomne takkesongen, spring ut av det fullkomne mennesket, det er Jesus Kristus. I Kristus vert me alle eit med Kristi lovsong, og i Sonen vert me alle ført inn i den nye skapnaden. Himmelens portar står opne. Me er frie til å gå inn.

Klosterlivet uttrykker på ein særskild måte den kristne eukaristi, og den Gudvendte fellesskapen (uttrykt både i feststemt høgtid og i morgongretten kvardag!) står som eit teikn på den nye røyndomen gjeven oss ved Kristi frelse. Men dette gjeld ikkje berre klosterlivet, heile det truande folk står under det grunnleggande kristne kall, nemleg å realisere Guds rike som allereie omsluttar oss.

På Iona kan ein kjenne dette suset av einskap, der skapningen og forløysinga ved Kristus møtest. Den fordreia skilnaden mellom ”verdsleg” og ”åndeleg” falmar, og verda står fram som det ho er meint å vere – ein heilskap som fyllest av samstemt takkesong. Eukaristien i den daglege messefeiringa møter havets dønningar, himmelen, trea og blomane, og dei leikne lamma på engene. Me treng å ta med oss dette perspektivet inn i vår eigen kvardag, og stadig på nytt opne oss for dette underfulle me har del i. Me treng det for vår eigen skuld, for Guds skuld, og for heile verda si skuld, fylt av sjeler som lengtar etter å sjå teikna etter Guds nærver på jord… Me som har fått del i Kristus, lat oss føre liturgien ut i heile vår eksistens, og lat oss opne oss for takkesongen som stig frå skaparverket. Lat oss sjå Guds rike i brunostskiva, i mjølkeglaset og i andletet til dei me møter. For Guds rike er kome nær.

bror Arnfinn Haram i kveldsmeditasjon på Iona

Advertisements