Preken i St Johannes menighet på miskunnssundag, 2. påskedag 2014

Blessed John XXIII and John Paul III dag feirar me oktavdagen for Kristi oppstode frå dei daude. Det er den åttande dagen, som i jødisk tradisjon er dagen for fullending. Og den fullendinga me snakkar om i dag speglar seg i namnet som denne dagen fekk i år 2000 av pave Johannes Paul II, nemleg Miskunnssundag. Feiringa har sitt utspring i Faustina Kowalska sine visjonar som fann stad på 1930-talet, og høver godt på denne dagen, dagen då disiplane får del i openberringa av Guds fulle miskunn.

For i dag er alle apostlane til stades, også Thomas, som var borte fyrste gong Jesus viser seg. Disiplane trenger i dag djupt inn i det miskunns mysterium som Gud openberrar i Sonen, og den store nåden som er skjenkt alle menneske. Thomas klarar ikkje å ta inn den nye røyndomen, om enn han vil. Men Jesus kjem han i møte, og gjev han beviset for at han har trossa dauden og vendt tilbake til livet. Men kva liv?

Den levande Jesus som står framom disiplane openberrar ein åndeleg røyndom som ikkje let seg sjå, men som er den store gåva som Gud ynskjer å skjenke alle sine born i denne verda. Difor andar Jesus på apostlane, slik at dei kan få del i den Anden som opnar augo. Difor seier også Jesus til Thomas: ver ikkje vantru, men truande. Det er som han seier: «Det eg eigentleg vil vise deg, det vil du ikkje kunne sjå i mine sårmerke. Det vil du berre kunne sjå i Ånd og sanning.»

Då er det som om Thomas endelig forstår. Gud, den aller høgste, himmelens og jorda sin skapar, står framom han, i eit menneskes skikkelse, men med Guds fylde. No er bodskapen om frelsa fullenda for Thomas. Og for dei andre disiplane. Og for alle menneske som vil tru. Gud har gjeve alt, til og med livet sitt, for å gje oss den endelege kjærleikserklæringa og det endelege bevis på at han vil fullt samfunn med oss, i Ånd og kjærleik.

Med den oppstadne Kristus openberrar Gud også ein ny røyndom. Me går frå dei konkrete erfaringar til ein sakramental røyndom. Kristus er meir enn eit enkelt menneske. Han kjem oss nær i sitt sakramentale nærvær. Kristi nærvær, kjære vener, utfoldar seg frå no av i den fellesskapen me kallar kyrkja. Og kyrkja er då også kalla sakramentenes sakrament, og er i sanning Kristi lekam her på jord, ein lekam som Kristus sjølv leier ved den heilage Ande. Ved denne lekamen vert menneska ført til frelse. Ved denne lekamen helgast mennesket, og veks i kjærleik og guddommeleg innsikt, og slik kan me sjå teikna på Kristi nærvær blant oss.

Eit slikt teikn er me vitne til i dag. For i dag vert både pave Johannes XXIII og pave Johannes paul II helligkåra. Båe desse to pavane ber teikna på eit liv der trua har fått utfalde seg. Dei har sett sårmerka i Jesu lekam. Dei har sett og trudd på Guds ord, og dei har late seg forme av trua og slik vorte reiskapar for Gud, i sanning og kjærleik. Dette kan me også sjå i måten desse pavane uttrykker seg. Pave Johannes skreiv i si dagbok:

«Mitt liv synest å vere forut bestemt til å bli levd i ljoset som strålar frå det heilage nattverdssakramentet. Det er i Kristi hjarte at eg må leite etter løysingar for alle mi otte og alt vanskeleg.»
(28. august 1964, «Journal Of A Soul» (New York: McGraw-Hill))

Ved å legge seg over i Guds hender skriv desse pavane seg inn den lange rekka av heilage som kyrkja har feira, og dei vert vitne og teikn på korleis Gud trufast leier sine truande og si Kyrkje: Ved Kristus er me alle kalle til å bli ført djupare inn i mysteriet, slik at me kan stemme i det same som pave Johannes Paul II sa i si tid:
«Kristus er den usynlige Guds sakrament – eit sakrament som ber i seg eit nærvær: Gud er med oss!»

Advertisements