«Hei, dette er Sara. Jeg er fotostudent. Kan jeg følge deg noen dager og ta bilder?»
«Seff!»

Dette vart starten på nokre dagars fotfylging av fotostudent Sara Nordby. Ho skulle vere «fluge på veggen» og dokumentere min kvardag sett med hennar auge. Noko som førte til at eg òg såg meg sjølv med nye auge, det er eg takksam for. Eit knippe av bileta vart brukt til ei innleveringsoppgåve på skulen. I galleriet under finn de serien på fjorten bilete. Det siste biletet brukar eg som skjermsparar.

Bileta er lagt ut med samtykke frå Sara Nordby.
Alle bilete i galleriet under: © Sara Nordby

Advertisements