Påskenattshomilie i St Dominikus 2014

PåskeeldenI natt spring kyrkja ut i jubel. Me feirar oppstoda og det evige livet som Gud skjenker oss i denne natt! For dei fyrste disiplane har det vore ei dyrekjøpt glede. Dei har stått som hjelpelause vitne mot ein Kafka-aktig prosess som berre akslerar mot katastrofen. Det heile kulminerer med Herren som døyr på krossen, og som vert gravlagd like før sabbatsfreden set inn.

No, i natta mot den fyrste dagen i veka, vert grensene sprengd for kva disiplane trudde var mogleg. Det skjer eit skifte i heile kosmos. Den mest universelle lova av alle er endra. Dauden har ikkje lengre siste ordet. Banda er brotne, Kristus gjev evig liv til alle menneske som ynskjer det. Me kan sei som med pave Johannes Paul II: «Lat oss ikkje sige ned i fortviling, me er påskefolket, og Halleluja er vår song!»

Kva er eigentleg Guds plan med det heile? Me ser at dauden har mist si kraft, og livet sigrar. Er det evig liv Gud ynskjer å skjenke oss? Ja, men det har ein hensikt. Evig liv er så å seie eit medel for det Gud verkeleg brenn for: Nemleg den fulle og heile venskapen med oss, full foreining med mennesket han sjølv har skapt i sitt bilete. Når Gud, som er evig, ynskjer menneskeleg fellesskap, da må det være både uavkorta og uavbrote. Ein menneskeleg målestokk vert for liten, det er som om han dreg oss inn i ein relasjon som han finn passande.

Og sjølv om denne Guds grenselause kjærleik overskrid vår menneskelege skala kan me likevel kjenne att denne lengselen i våre eigne liv. Me er lengtande vesen, og me vil elske og bli elska heilt inn i det umoglege. Dei store drama me kjenner, som startar allereie i antikkens tid, speglar denne grenselause lengten som er villig til å trosse døden. Den tyske filosofen Schopenhauer skal ha sagt at kvar ein avskjed er ein forsmak på døden; kvart eit gjensyn er ein forsmak på oppstoda. Dette speglar seg i våre eigne liv: me ser kor såra me kan kjenne oss når me vert avvist, eller den sprudlande gleda når nokon kjem oss i møte, når nokon ser oss.

Når Kristus sprenger daudens band sprenger han også kjærleikens avgrensing. Den umoglege kjærleiken som mennesket lengtar etter vert plutseleg mogleg. Ja, dette er sjølve livet, det som aldri endar, det som aldri vert kaldt. Ved trua opnar det seg nye dører, der me kan knytte nye band til Gud, til Kristus, og til einskapen med kvarandre i trua.

Men livet med den oppstadne Kristus er ein ny start. Den Kristus som dei fyrste disiplane før kjende, han som dei har vandra saman med, og som dei har sett lide og døy, denne mannen let seg ikkje lenger så lett kjenne att. Ved Kristi offer og Den Heilage Ande har me fått fullt innpass til Faderen. Men Jesus finn dei heller i det åndelege og sakramentale nærværet, i bøna, i fellesskapen, i drøftinga av skriftene slik som med Emmausbrørne, og framfor alt i Eukaristien, som disiplane fekk dele, nokon gonger på stranda ved ein liten eld med fisk, andre gonger bak låste dører i Jerusalem…

Thomas Aquinas snakkar om Kristus som kjærleikens sakrament; teiknet på einskap og kjærleikens band. «Et, vener og elskarar, og drikk dykk drukne!» Det er denne Kristus som Augustin spring i møte, i det han seier: «Han forsvann for auga våre, så me kan vende tilbake til våre hjarte og finne han der. For han forsvann, og sjå – han er her!» Halleluja!

Advertisements