(Homilie i St Johannes menighet langfredag 2014)

Krusifiks i St Johannes menighet i Bredtvet kirkeI dag fell det eit frelsesgjerande mørker over jord. For kven skulle kunne tenkt seg at dauden kunne skjenke oss nåde? Me som kjenner historia treng å minne oss på dramaet som finn stad.

Jesus ropar til sin Gud: Kvifor har du forlate meg? Disiplane står der, lamslått og utan von. Framtida rasar. Fortida rasar. Notida vert ein svart avgrunn. Langfredag er krisetid. Alt bryt saman.

Dette er noko me kan kjenne att i vår egen eksistens. I eit kvart liv vil det før eller seinare skje ei krossfesting. På eit eller anna punkt vil me stå konfrontert med noko djupt smertefullt i vårt eige tilvære, som me ikkje kan fri oss frå, og som me ikkje ser nokon utveg frå. Det kan vere ei fortrengt fortid som plutseleg kjem til overflata. Det kan vere ulykker eller alvorleg sjukdom som trugar oss sjølve eller nokon som står oss nær. Eller det kan vere den evig vanskelege konfrontasjonen med at alt kjem til ein ende, også livet sjølv. Menneskelivet er eit drama, der me flyt på ei kvardagsoverflate av kontroll, men som alltid vert truga av kaoskreftene og kjensla av avmakt.

Så har me kome til sakens kjerne; avmakt. Kristus triumferer ikkje i kraft og styrke, men i avmakt. Han vinn ikkje vår frelse ved makt, men ved bøn og offervilje. Han er ikkje ein herskande Herre, men ein audmjuk tenar. Det er i avmakta det opnar seg ein veg. Det oppstår eit før og etter på langfredag. Det opnar seg ein nådeveg, der Gud viser sin solidaritet med vår liding, der han kjem oss i møte i smerta, der han sjølv går vegen gjennom skuggelandet.

Der ein før berre kunne håpe på Guds mirakuløse inngripen, der har me no fått tryggleik. «Eg er vegen, sanninga og livet» seier Kristus. Me har fått ein livets veg å gå. Den vegen går gjennom overgjevinga, også for Kristus. Han må gje slipp, og bed til Faderen i Getsemane; ikkje som eg vil, men som du vil.

Dette er ein kvar kristen si bøn. Ikkje som eg vil. Gje meg mot til å ville det du vil, Herre. Gjer meg audmjuk, så eg slipp mitt eige, for du er livets veg. Dette er styrken i kristen avmakt – avmakt som vert til overgjeving når me ser mot Kristus – overgjeving som vert til nåde og liv i Guds hender.

Advertisements