Preken i St Johannes 5. søndag i fasten 6. april

Lesningar for 5. søndag i fastetida år A 

den tomme grava

I dag høyrer vi om Lasarus som står opp av grava. Det er som vi får ein forsmak på det som skal komme, som eit løfte vi får innblikk i. Oppstandelsen er verkeleg, ikkje bare en åndelig konstruksjon eller ei hypotese. Før me seier noko meir om dette må me sei noko om Evangeliet vi har lest.

Dagens tekst kjem i to versjonar, ein lang og ein kort. Me høyrer om korleis Jesus vart «beveget og rystet i sin sjels innerste», men denne indre røyrsla har to forskjellige orsakar, avhengig av kva versjon ein les.

I den fyrste er det Maria som gret, saman med alle som har kome til, og Jesus syrgjer med. Og gret sjølv. Han vert «beveget og rystet» over denne sorga som kviler så tungt over alle som er til stades, og vil vite kvar Lasarus ligg.

I den andre versjonen vert teksten klipt saman slik at det Marta som står i fokus. Jesus spør om Marta trur på det evige livet, og om den som trur på Jesus aldri skal døy. Ho svarar: «Ja, herre; jeg er fullt forvisset om at du er Messias, Guds Sønn, han som skulle komme til verden.» Beveget og rystet i sin sjels innerste spurte han da: «Hvor har dere lagt ham?»

I den lange lesningsversjonen er det altså sorga til venene som Jesus vert rysta over. I den andre, kortare versjonen er det Marta si truvedkjenning som bevegar Kristus.

Kva versjon skal me så halde fast ved? Begge. I det eine tilfellet kan me lese den omsorga og medkjensla som Gud deler med oss. Kristus gret saman med Maria og dei syrgjande. Han tek del i vår sorg og smerte, både som menneske og som Guds Son. Det er nett for å fri alle menneske ut av den byrden som tynger og piner oss at Gud sjølv gjer seg til menneske. I djupaste solidaritet gjer Herren seg til eit med oss ved å verte som ein av oss.

I det andre tilfellet står trua i sentrum. Marta møter Kristus med tru, ei tru som har alt å seie for Gud sjølv. Herren lengtar etter full foreining med oss, men menneskehjarta og våre tankar og vår tru er vanskeleg å få flytta på. Men når han får tilsvar på kallet, og når eit menneske trur både i handling og vedkjenning, då frydar himlane seg, og den treeinige Gud jublar!

Heile hendinga med Lasarus og hans oppstode frå dei daude kretsar om trua. Jesus seier sjølv til disiplane at gjennom sjukdomen som Lasarus er ramma av, altså dauden, «skal guddomsglansen skinne om Guds sønn». På den mest konkrete måte gjev Jesus ein demonstrasjon på kva frelse inneber: Nemleg full foreining i kjærleik med Gud, med alle me er glade i, og i ytste instans full einskap i heile skaparverket. På denne måten ynskjer Herren å rive oss ut av ei passiv vanetru, og inn i den levande trua som brenn av håp.

Jesus ropar på Lasarus, og han kjem ut av grava. Men kva høyrde eigentleg Lasarus, der han låg i grava. Me tenkjer så lett at eit daudt menneske er ein kropp utan sjel. Men når Jesus ropar, då er det mennesket, altså personen Lasarus Jesus ropar på. Ikkje fyrst og fremst kroppen hans. Og Lasarus, han høyrer stemma til Jesus, stemma til ein ven som kallar på han. Han høyrer ei venleg stemme som gjev han attende kroppen, livet, rørslene, kreftene, styrken, og varmen i hjarta. Det er denne heilt unike stemma som Lasarus høyrer, og som gjer at han vender attende til livet.

Me som er her i dag, me har fått den same gåva, å kunne høyre Jesu stemme. Me har fått den heilt spesielle nåden å kunne lytte til Gud, både gjennom hans Ord i Bibelen, gjennom sakramenta som me feirar i liturgien, og særleg gjennom bøna, der Gud talar like inn i våre hjarta. Ikkje berre kan me lytte av eigen kraft, men me er tempel for Den Heilage Ande som bur i oss. Oppstoda er såleis ikkje noko som ligg framom oss i ei fjern framtid, ho startar her og nå.

Og når me etter messa går ut i vår kvardag, så er det me som er talerøyr for Kristi livgivande stemme.  Me er kalla til å gå ut og forkynne livet med stor L gjennom våre levde liv og vår venskap med alle rundt oss. Kristus kallar oss, og han kallar gjennom oss, inntil me ein dag alle skal verte eitt i Han som er vegen, sanninga og livet.

Advertisements