Fyrst publisert i Syn og Segn 1/2014
«Er du munk?» Kleda mine får menneske til å sperre auga opp, og folk spør meg rett ofte om dette. Dei ser på meg med opne augo i ei slags truskuldig vantru. Når eg bekreftande seier at det er eg, legg det seg eit nytt trekk over andletet, som regel ein ro, ofte eit smil, og gjerne ein venleg kommentar eller nye spørsmål. Drakta mi dreg til seg mykje merksemd. Men kva vil eg eigentleg med dette? Har eg ein strategi? Ynskjer eg å forme menneska eg møter i mitt bilete? Er eg ein pr-kåt narsissist som pressar trua mi på andre? Nei, det er ikkje slike haldningar som driv meg. Eg er det eg er. Ein ordensbror i Den katolske kyrkja anno 2014.
Eg har gjeve livet mitt over til Gud. Med det har eg òg tatt steget inn i ein strid. På den eine sida ligg tvilen som stadig spør, -kan eg klare å fylgje kallet mitt, tør eg late Gud bere heile livet mitt? Å overgje seg til Gud er å leve i håpet om at Han held meg oppe. Det er ei øving i audmjuking å late seg bere. På den andre sida ligg eigenviljen og luggar etter kontroll og ynskje om å ta livet tilbake. Eg lærer stadig på nytt at trua er eit vedvarande val, og at prestekallet er ein dagleg vigsel. Midt i alt dette ligg der ein fred som spring ut av noko utanfor meg sjølv. Ei kjelde som trass tårer, eller kanskje gjennom tårer, vell fram or mitt indre, utan at eg kan forklare kor krafta kjem frå, anna enn frå Gud.
Eg skriv meg inn i ein større samanheng. Eg er kan hende munk, men eg er ikkje unik kva gjeld tru i det norske samfunn. Kristen tru og praksis er ein levande realitet hjå oss. Heile Noreg bevrar og skjelv av hjarte fylt med tru, kjærleik og lengting. Sjølv har eg den siste tida gjort meg nokre tankar om Den katolske kyrkja sin plass i møte med vår samtid og norsk kultur. Kva kan eigentleg eit lite trussamfunn som Den katolske kyrkja i Noreg yte? Langt meir enn ein kanskje trur, vil eg svare.
Svaret har å gjere med det særeigne, katolske perspektivet som kyrkja kviler i. Den katolske kyrkja har nemleg eit utsyn frå den norske konteksten som gjev henne både tyngde og horisont. Ho skriv seg inn i ein verdsomspennande samanheng med paven som eit samlande teikn på einskap. Ho er rotfest i ei tydeleg lære, ei filosofisk og teologisk forankring og ein tradisjon som spenner over to tusen år. Kyrkja har faktisk forma det eksistensielle tankegodset, og danna grunnlaget for både det verdisynet og dei samfunnsordningane som pregar heile den vestlege utviklinga.
Men, vil ein kanskje spørje, er ikkje dette passé? Jau. Sjølv om kyrkja har lagt grunnen for eksisterande samfunnsverdiar har ho ikkje lenger ei normativ røyst. Men det betyr ikkje at ho ikkje har noko å sei, noko å bidra med. Det er nett i vår tid at kyrkja si stemme kan gje verdifulle bidrag, både i ord og ved sitt eksempel.
Ei universell kyrkje
Den apostoliske trusvedkjenninga er kyrkja sitt eldste uttrykk for kva ho trur på, og her stadfester me at kyrkja er «ei heilag, katolsk kyrkje». Dette vert omsett med «allmenn» i luthersk samanheng. Det er ikkje mistydande, men det utrykkjer ikkje fylden av meining. Ordet «katolsk» kjem frå gresk og tyder «universell». Men i denne samanhengen vil ein kunne definere ordet «katolsk» som det som ein lærer alle stader til alle tider. Det er den universelle referansen både gjennom geografisk utbreiing og gjennom historia som blir rettesnor for kyrkja, og normgjevande for den ståstaden kyrkja til ein kvar tid har. Dette omgrepet formar soleis kyrkja si sjølvforståing og gjev katolske truande ein identitet som spenner langt ut over nasjonale grenser. Kyrkja er den same, uansett kvar ein er i verda. Dette speglar seg også i det liturgiske språket: Messefeiringa har same struktur og dei same faste ledda i messa, uavhengig av kvar ein er i verda. Slik realiserer kyrkja det bibelske biletet om å vere ein lekam, eitt i tru og ånd, levande i tid og rom, og styrt ved Den Heilage Ande.
Denne sjølvforståinga er i høg grad noko som skil katolikkane frå den lutherske tradisjonen slik me kjenner han i Noreg. Kyrkja er ikkje bunden av dei nasjonale grensene på same måte som me ser det i luthersk praksis, men står i ein verdsomspennande samanheng. Ho er heller ikkje avgrensa av den tida ho lever i, men finn si norm i den store tradisjonen som veks fram av historia. Å stadfeste kyrkja som katolsk er difor ein annan måte å tenkje kyrkje på. Ein er fristilt frå nasjonale band (sjølv om ein sjølvsagt skriv seg inn i en lokal kultur), og ein er bunden til den læra som kyrkja har vedkjent som forpliktande sanning. Dette gjev kyrkja både segl og ror, slik at ho stekkjer seg over heile verda og i alle land, men alltid med eit blikk på kjølvatnet som tradisjonen legg etter seg, og som indikerer kursen framover. Kyrkja er ein fellesskap som lever med eit kollektivt, levande minne som strekkjer seg heilt tilbake til oldkyrkja og dei fyrste kristne. Det vert ei trusform som i nasjonal målestokk står fritt, men som med den same fridomen får tryggleik til å engasjere seg lokalt.
Denne krysninga mellom det universelle og det lokale har eg som ordensbror sjølv fått erfare. Som dominikanarmunk står eg sjølv i ein 800 år gamal tradisjon, og våre konstitusjonar er rotfeste i Augustin sin ordensregel frå firehundretalet. Ordenen er til stades i 110 land, med meir enn 6000 brør. Mellom desse har eg i dag vener i dei fleste verdsdelar. Det er underleg kor lita verda blir når ein engasjerer seg i kyrkja sitt pulserande liv. Dette er elles ikkje noko nytt, -det var i stor grad kyrkja som batt Europa saman også i tidlegare tider, og vår ordensstiftar Dominikus var sjølv ein ferdamann som kryssa Europa til fots mange gonger. Frå ordenen vart grunnlagt i 1216 tok det mindre enn tjuge år før brørne kom til Noreg. Det viser kor mobil og dynamisk kyrkja kunne vere, og kor progressivt enkeltinitiativ kunne utfalde seg i ramma av heilskapen.
Då eg trådde inn i ordenen i 2005 vart eg òg ikledd den munkedrakta som kjenneteiknar ordenen. Habitten eg ber har det same snittet som på 1200-talet. Desse tidlause kleda har ofte ført til uventa møter med folk. I Lille i Frankrike vart eg meir enn ein gong stoppa og spurt om eg trengte skyss heim. I Oxford vart eg tidvis turistmagnet og foto-objekt, og oppsøkt av muslimar som ville vite meir om mi tru. I Oslo har eg hørt skriftemål og vore sjelesørgjar på open gate, og mang ein sein kveldstime har eg fått høyre livshistorier og drøfta Guds eksistens. Det hjelper somme tider på praten om ein sit med ein halvliter i handa, og det seiest at vår far Dominikus fekk ein vertshuseigar på fornya trustankar etter ei natteleg samtale over ein øl eller tre… Ut av dei mange møta og samtalene skin det gjennom eit mønster, mest ein rytme, noko som seier meg at det er behov for ein munk i Oslos gater og i Noregs land. Og ein munk står aldri åleine, han lever sitt liv i fellesskapen av ein kommunitet og vidare i ramma av kyrkja sitt levde liv. Dette peikar mot den kollektive identiteten som kyrkja byggjer på, og som finn si form også i det norske samfunnet.
Fellesskap i tid og rom
Den kollektive identiteten som formar Den katolske kyrkja grip inn både i enkeltmennesket og i den kyrkjelege fellesskapen, og han påverkar heile det sosiale liv. Om me ser bakover i historia ser me korleis kristentru har valt ulike retningar. Eit døme ser me i konsekvensane av Luther si lære som fekk åtgaum på 1500-talet. I kjølvatnet av den lutherske reformasjonen vaks det fram ei individualistisk tru som tona ned fellesskapstanken. Det leia mot eit einsidig trusfokus som i dag finn si uformelle form av typen Jesus-og-eg, ei form for privattru som svekker forståinga av kyrkja som den samlande og forpliktande fellesskapen. Der lutheranarar seier nattverd, vil ein i katolsk samanheng gjerne berre seie «kommmunion», eit ord som skriv seg frå det latinske communio – fellesskap. Parallelt har kyrkja heilt frå byrjinga av kalla det kristne fellesskapsmåltidet for eukaristi, som er det greske ordet for takkseiing. Begge uttrykk speglar den kollektive forankringa som fell seg så naturleg for Den katolske kyrkja.
Det interessante er at denne kollektive ein-for-alle/alle-for-ein-haldninga også blir oppfatta langt utanfor kyrkja sitt indre liv. Eit døme finn me i dramaet som byrja den dagen i februar i 2013 då pave Benedikt XVI annonserte at han ville abdisere. Midt i middagskvilen min ringde NRK som lura på om eg kunne kome opp til Marienlyst og snakke om den overraskande avgjerda. Det var ei surrealistisk oppleving å skulle sitje i studio på ein høg krakk med pudder i andletet og tre kamera stirande på meg, og legge ut om denne avgjerda som eg ikkje ein gong sjølv trudde var mogleg. Ein skarve dominikanarmunk skulle svare for dei interne hendingane til eit trussamfunn på 1,2 milliardar medlemmer. Likevel ser samfunnet dette som sjølvsagt. «Han er jo katolikk. Og munk attpåtil.»
Me finn også det same kollektive synet på kyrkja når det gjeld urett som finn stad i Den katolske kyrkja. Dei store skandalesakene som har merkt vårt trussamfunn dei siste tiåra har vore vonde å bere for den einskilde katolikk. Dette trykket som fell på kvar enkelt gjer kan hende Den katolske kyrkja meir sårbar og utsett for stort mediepress, men samstundes er kyrkja sin kollektive identitet hennar styrke også når det gjeld dei vonde erfaringane. Når enkeltmenneske i kyrkja sviktar sine ideal og sitt kall lir heile fellesskapen under dette. Ein urett rammar alle, for alle er del i ein og same lekam. Det er i lengda den forpliktande einskapen som gjev kyrkja ein verkeleg, sårbar og levande lekam som kjenner smerta over urett og som lir under synda. Og det gjev ho òg den ryggraden ho treng om ho skal halde fram med å vere det teiknet kyrkja er kalla til å vere. Det er nettopp som éi, heilag katolsk kyrkje at dei truande står til ansvar, både i og utanfor kyrkja sin einskap. Men det kostar. Eg, og mange med meg, har ofte opplevd det vanskeleg å skulle stå til ansvar for andre sine feilgrep, og me fortvilar over dei hatefulle åtaka på ei kyrkje som me ikkje kjenner oss att i. Mange stengjer av og lét vere å snakke om det. Det vert for tungt. Sjølv er eg viss på at det er til velsigning at sanninga kjem for ein dag, om enn det gjer vondt. Verken må ut om såret skal lækjast. Dette kallar kyrkja til bøn for alle som er merkte, og til eit fordjupa trusliv for heile kyrkja.
Ved pavevalet i vår fekk kyrkja nett eit slikt andlet som strålar av varme og ei open haldning, og som kallar på fornying. Det har vore ei kjærkomen endring for både katolikkar og ikkje-katolikkar. Pave Frans har fått merksemd som får mang ein verdsleiar til å likne bakgrunnsstatistar. Ikkje berre blei han kåra til årets best kledde av motemagasinet Esquire, men Time gav han likegodt fyrsteplassen som årets person! Redaktør Nancy Gibbs grunngav avgjerda med at han har fått pavedømmet ut av palasset og ut på gatene. Og paven har jo bokstaveleg talt lista seg forbi sveitsargardens skarpe blikk i skumringstimen for å møte folk der dei lever; i Roma sine gater og smug. Gibbs hevdar vidare at paven vann prisen for sin vilje til å konfrontere kyrkja sine største behov og for å ha balansert dom opp mot nåde. Sett frå eit indrekyrkjeleg perspektiv haltar nok denne påstanden, for båe pavane som sat før Frans, har gjort mykje for å styrke kyrkja i lære og styre.
Det er evna til å kommunisere ut over eigne rekkjer som gjer pave Frans så eineståande. Han vert formeleg ein kjendis-pave, og det utan å ha hevda noko som skil seg frå kyrkja si tradisjonelle lære. Det er dei enkle grepa han gjer som vert lagde merke til: Han forkynner audmjukskap og omsorg for andre, og går sjølv i bresjen for kyrkja si lære ved å feire påskemesse i eit fengsel, forsvare regnskogen, omfamne sjuke og lidande, velsigne born, ja, han held endå til ei due på handa og legg eit lite lam over akslene. Alt dette skapar fornya interesse for kyrkja og spreier entusiasme både blant truande og ikkje-truande. Me ser at bodskapen som paven formidlar har ein positiv smittande effekt ikkje berre sentralt; engasjementet når ut alle stader der kyrkja er. Det viser seg altså at kvar enkelt katolikk står i ein stor einskap med heile kyrkja, samstundes som den øvste leiaren er nærverande ikkje berre blant katolske truande men blant nasjonar og alle samfunnslag. Kyrkja sitt nærvær både sentralt og lokalt gjev grunn til å reflektere over korleis kyrkja engasjerer seg i vår kultur.
yrkje og samfunn – kult og kultur
Kva plass har eigentlig Den katolske kyrkja i det norske samfunnet? Står ho fram som ein motkultur i eit sekulært samfunn, eller er ho medspelar for dei gode kreftene som allereie er til stades? Det er ikkje heilt likefram å skulle greie ut om forholdet mellom Den katolske kyrkja og den norske samfunnskulturen. Den protestantiske arven som Noreg både er forma av og prega av, skil seg frå den katolske på fleire måtar. Den lutherske tradisjonen er prega av to sentrale strøymingar. Etter brotet med moderkyrkja breidde det seg ei innanfor-utanfor-tenking, der det gjaldt å halde seg på rett side. Var du ikkje med, så var du mot, og det borgarlege konformitetskravet i opplysningstida gav lite rom for kunstnarar og intellektuelle med utforskande sinn. Dette har ofte ført til brot med statskyrkja, anten i form av at trua svann, eller at ein tydde til andre kyrkjesamfunn med meir vidd. Sigrid Undset vakla mellom båe alternativa før ho konvertera til Den katolske kyrkja i 1924. Allereie før ho vart katolikk, makta ho å male eit levande bilete av den inkluderande haldninga til kultur og folketru som kyrkja alltid har klart å romme. I andre bind av trilogien Kristin Lavransdatter, Husfrue (1921) les me om yngstesonen, Gaute, som har lege sjuk over lang tid. Erlend, mannen til Kristin har funne ein gamal, irra bronsedolk som han har gjev til Kristin. Kristin legg denne ned i vogga der ungen ligg,
«ned til alt det annet som lå under sengklærne – en jordfunnen stenøks, bevergjel, kors og tysbast, arvesløv og ildstål, røtter av Mariashånd og Olavsskjegg».
Dette skildrar vakkert korleis tru og folkelege mytar kan leve i sameksistens, fridd frå puritansk sneversyn og kontroll. Mennesket treng rom for å leve, og tru kan berre vekse i det fri. Då må ein byrje med mennesket og kulturen slik han er, og ikkje prøve å gjere Gud arbeidslaus ved å skilje kornet frå agnene. Det betyr sjølvsagt ikkje at rammer ikkje er naudsynte, slik som folkekyrkja i desse dagar tenderar mot. I dag kan det sjå ut til at pendelen har svinga tungt over til andre sida, der alt er greitt. Statskyrkja tek meir og meir form av ein sivilreligion, -ein folkereligion der ein kan tru nær sagt kva som helst så lenge ein berre er medlem. Den nye liturgireforma vitnar om ei normoppløysing som risikerer å tøme trua for innhald, både i lære og uttrykk.
Kyrkja kan ikkje fortape seg i slike eksperiment. Kristendom er ikkje ein idé, og heller ikkje ein verkstad. Den har eit innhald og ei retning som spring ut av misjonsbodet som den vesle skaren av disiplar får høyre i det Jesus forlét dei. «Gå ut og forkynn evangeliet». (Nokon har sidan lagt til: «-og om naudsynt: bruk ord!») Den katolske kyrkja legg alltid vinn på å vere autentisk i forhold til si utsending. Ho har syn for det menneskelege, og peikar fast på klippa ho står på og hovudet for kyrkja sin andelege lekam, Jesus Kristus. Det er ein både-og-mentalitet, som gjev både rom og retning.
Eg har mange gonger undra meg over korleis eg, ein bygdegut frå Vest-Telemark som har vakse opp i eit miljø nær sagt saksa ut av filmen Fucking Åmål, kunne ende opp i senter av kyrkja som prest og som dominikanarmunk. For meg vert dette eit teikn på at Den katolske kyrkja nett ikkje er ein stammereligion, men ei misjonerande kyrkje som tek i mot mennesket der det er og slik det er. Eg opplevde sjølv å bli teken i mot av kyrkja, fyrste gongen då eg konvertera, og endå meir personleg utfordrande då eg spurde om å få bli ordensbror. Eg var utrygg på så mange måtar, og då eg vart konfrontert med stilla og bøna gjennom novisiatet det fyrste året slo dette utover mot mine medbrør i form av sinne og frustrasjon. Det kan vere hardt å stå andlet til andlet med seg sjølv og sine eigne manglar. Eg hugsar me drog på felles retrett. Ein trappistmunk leia retretten, og under ein spørsmålsrunde sa han på sin stillfarne måte: De må hugse på at de er meir brør for kvarandre i dykkar avmakt og veikskap enn i styrke og kraft. Det gjorde djupt inntrykk, og viser kyrkja si sanne natur i konkret form. Heilt sidan Peter fornekta Jesus har kyrkja omfamna det hjelpelause og haltande, og gjeve det tid og rom for bot og lækjedom. Berre slik kan sjela i sin tur blomstre og bere frukt som kjem alle til gode. Denne tilnærminga til enkeltmennesket har alltid vore eit av særmerka i den dominikanske tradisjonen. Brørne har alltid hatt syn for individet, noko som òg speglar seg i historia. Brørne har alltid hatt syn for individet, noko som òg speglar seg i historia. Tenk på tenkjarar som Thomas Aquinas eller kunstnarar som Fra Angelico. Dei fell inn i den lange rekka av ordensbrør som har makta å halde saman det særeigne dei ber i seg og kyrkja som femner det heile. Eg trur mange finn det livsromet dei lengtar etter i ei kyrkje med slike rammer, og det er her freistande å nemne Jon Fosse, ein av vår samtids aller største kunstnarar, som nyleg valde å konvertera til Den katolske kyrkja.
Er kyrkja ein motkultur i norsk setting? Spør ein slik må ein fyrst klargjere kva ein meiner med omgrepet kultur. Politikarar, andre samfunnsaktørar og media snakkar om kulturlandskapet, kulturarv og kulturvern. Språkbruken vitnar eit eigedomsforhold til kulturen, som om dette er noko ein fullt ut rår over og forvaltar. Men kultur er jo heilskapen av eit samfunn. Landskapet og landbruket vårt er kultur, men det er òg shoppingsenter og svenskehandel. Velferdsordningane våre er kultur. Det er òg dei narkomane sine kår, vår abortpraksis og dei einsame på dei mange gamleheimane våre. Universiteta og danningsinstitusjonane er kultur, men det er òg nettavisene med sine kommentarfelt…
Sjølve ordet kultur kjem av det greske cultura som tyder å dyrke fram eller kultivere. Kultur handlar om å legge til rette for ei foredling av samfunnet, ei verksemd som omfattar både materielle og åndelege ressursar. Under eit foredrag om klosterkultur i mellomalderen lyfte kunsthistorikar Kristin Bliksrud Aavitsland fram korleis ordensvesenet bidrog i samfunnsbygginga, nær sagt på alle plan; det spenner over infrastruktur og kommunikasjonsnettverk, sosialt arbeid og helsearbeid, kunnskapsforvalting og undervisning, og kunst i form av dikting, biletkunst og musikk. Men, sier Aavitsland, den mangfaldige verksemda hadde sitt feste og utspring i trua. Det er faktisk slik at ordet cultura, kultur, har same språklege rot som cultus, det som me i dag kjenner som religiøs kult. Gudstenesta –forvaltinga av den kristne kulten og foredlinga av sjel og sinn, var kjernen i det mangfaldet av arbeidsområde som kyrkja sto i. Alle aktivitetar, som spenner frå det konkrete til det abstrakte, frå det materielle til det andelege, møttest i éin, samlande motivasjon som lyfte kulturen vidare.
Sjølv om me i dag ser på mellomalderen som ei svunnen tid, lever kulturidealet vidare i Den katolske kyrkja på sitt vis. Ho held fast ved eit humanistisk oppsedingsideal, og trur på menneskets ibuande, gudgjevne kompetanse og potensial. Dette kjem til uttrykk i skuleverksemda som kyrkja engasjerer seg i, også her i Noreg. Det er ikkje slik at kyrkja søkjer å utdanne menneske til å verte katolikkar. Ho vil danne livsdugelege menneske som evnar å reflektere både etisk og åndeleg, som kan gjere seg opp ei meining om rett og gale, lygn og sanning.
Då pave Johannes Paul II i ensyklikaen Evangelium Vitae –livets Evangelium – skulda den vestlege verda for å gli inn i det han kalla ein dødskultur, vakte det sterke reaksjonar. Han sikta ikkje berre til spørsmål om liv og død i møte med abort og eutanasi eller oppløysinga av familiestruktur, men òg om dei kapitalistiske kreftene som gjer menneske til instrument og middel i staden for å vere eit mål i seg sjølv. Pave Frans fylgjer opp kritikken av den ujamne fordelinga av gode. Han kritiserer marknadskreftene og det kapitalistiske spelet for å fremje dei destruktive mekanismane som fornedrar menneskets verd. Paven kallar grådigheitskulturen for Babel-syndromet, som gjer at mennesket går frå kultur til ikkje-kultur, frå å fremje livskår til å øydelegge menneskets eksistensgrunnlag. Trass dei overveldande humanistiske argumenta vekkjer dette sterk motstand, og paven har måtta tole både hatbrev og dødstruslar. Ein utfordrar ikkje dei kapitalistiske kreftene utan fylgjer. Dette er like fullt kyrkja sin plass. Ho fylgjer Kristi bodskap om omsorg for dei utstøtte, og er evangelisk forplikta til å stå på dei svake si side, dei utstøtte, dei fattige, dei uviktige. Når kyrkja ikkje maktar dette står ho heller ikkje ved ankerfestet i sitt kall. Kristendomen treng ei oppvakning frå si tafatte haldning, og det er dette paven lyfter fram.
Den katolske kyrkja engasjerer seg i samfunnsbyggjande arbeid, men står og som eit stridens merke for vår tid. Slik må det bli for eit trussamfunn som ikkje definerer seg ut frå ein motsetnad til noko, men ut frå dei verdiane som kyrkja alltid har forplikta seg på. Dette verdigrunnlaget ynskjer kyrkja å dele med alle menneske. Ho oppmuntrar til dialog og openheit, og gjev aldri opp med å søkje samtalen og drøfte menneskets kår. Men kven er eigentlig kyrkja? Det er dei truande som til ei kvar tid lever sine liv der dei er, i dei rollene som dei har og med dei evner dei har, anten det er tale om samfunnsengasjement eller i kyrkjeleg teneste, eller begge delar. Så kan ein då spørje: korleis er det eigentleg å leve som praktiserande katolikk i Noreg i dag?
Grunnfest tru for vår tid
Å vere kristen i dag krev at ein lever medvite. Einskapssamfunnet er for lengst passé, dei som klamrar seg til slikt vil kverve bort i eit illusorisk trusunivers utgått på dato. Ettersom tidligare aksepterte samfunnsnormer vert oppløyste blir me slyngde ut i ei ny tid der ein må ta stilling. Katolske truande finn kraft i ei kyrkje som held fast på klassisk kristen lære og som ikkje bøyer av for samtidas vekslande impulsar. Tradisjonen som kyrkja kviler i, gjev kvar enkelt kristen eit fast punkt, sjølv om ikkje alle nødvendigvis vil seie seg einig i alle punkt i kyrkja si lære. Der kan meiningane sprike. Det faste punktet er kyrkja sjølv, med sakramenta som dei samlande, synlege teikna på Guds nærvær. Me finn ein fridom i katolsk lære og liturgi som kjem til uttrykk i den liturgiske feiringa, der den enkelte underordnar seg den sakramentale røyndomen i ramma av fellesskapet. Slik vert kyrkja sine medlemmer lyfte inn i ei tru som ber, og som ein ikkje til ei kvar tid må kjempe for å halde oppe. Kyrkja tilbyr ein fellesskap av truande som gjev den enkelte rom til å vekse. Dette inneber også famling, uvisse, søking. Kristentrua vert somme tider presentert som ein religion som hevdar å ha alle svar. Kyrkja sitt ytste mål er likevel ikkje å vere samfunnsfasit, men å leie menneske mot frelsa. Det er å gje menneske ein møtestad mellom den enkelte og Gud, og skape eit felles rom der kjærleik til Gud og menneske kan vekse fram. Ved nåden vert me invitera til det indre, ærlege møtet der venskapen til kjærleiks og sannings Gud kan skape dei fruktene i eit menneskes liv som Kristus gjev løfte om.
Eg er overtydd om at kyrkja har ei særs viktig oppgåve i å fremje det forløysande møtet mellom Gud og sin skapnad. Det betyr ikkje at eg aldri tvilar. Men det er ikkje Guds løfte om trufast kjærleik som nagar meg i livet mitt. Tvilen treff meg når eg høyrer Guds kall til å sjå på meg sjølv med eit blikk fylt av omsorgsfull sanning. Tvilen råkar meg når eg må stadfeste mi eiga fattige evne til å elske andre, og til å forbarme meg over meg sjølv. Sjølvforakta og det strenge, refsande blikket på meg sjølv gjer vondt, og gjer vegen mot Gud og andre menneske til ein avgrunn eg ikkje klarar å krysse. Likevel synest det som om det gong på gong opnar seg eit nytt far, ein veg heim. Meir enn ein gong har eg kjent meg som den bortkomne sonen som tok på heimveg. Kva vil det seie å kome heim? Det er å bli omfamna utan atterhald. Det er å få vere så liten som ein kjenner seg utan å bli avvist. Det er å kjenne seg heil midt i sin veikskap. Det er som eit evig ekko: menneskets verd ligg ikkje i den triumferande makta eller i presteringa, men i audmjuk aksept av å vere liten og ringe.
I Kristentrua er menneskeverdet djupast sett forankra til Kristus sjølv. Slik som Gud ein gong i opphavet skapte mennesket i Guds bilete, slik vende Herren det heile om, og gjorde eit kvart menneske til bilete på den inkarnerte Guds Son. Synet for individet og mennesket sitt verd er noko av det eg verdset høgast i Den katolske kyrkja. I ei tid der menneskeverdet og livsverdet er under press kallar kyrkja på refleksjon som finn næring både i teologi, filosofi og naturrett. Menneskeverdet er alltid personleg. Det gjev meg rom til å få vere meg sjølv, samstundes som det legg på meg og alle eit kollektivt ansvar for å ta vare på kvarandre. Dette er den djupaste forma for menneskeleg kultivering, og eit av dei viktigaste bidraga som kyrkja kan yte i samfunnet. Dette er også noko me godt kan kalle motkultur, ein kultur som bryt med den overflatiske forbrukskulturen og relativismens lammande grep, der menneske misser kontakten med seg sjølv.
Å vere kristen er å ta val som grip inn i kvardagslivet og strukturerer dagen. Kristenlivet har visse kjennemerke: Den regelmessige gudstenesta, dagleg bøneliv, etiske og moralske normer, aktivt engasjement der omsorg og nestekjærleik står sentralt. Ordenslivet er ei spissa form av alt dette, som inneber løfte om fattigdom, kyskheit og lydnad. Eg trur det er sunt for vår samtid å ha slike levande teikn på Guds kall. Det vekkjer ettertanke å sjå at nokre tek radikale val, der det me ser på som nødvendige behov og gode er vald frå. Mange vert utfordra av å høyre at ekteskap er vald bort og erstatta med lydnad til ein orden. Samstundes skapar det nyfikne og undring. Eg har ofte både fortalt om mine val og lytta meg inn mot andre menneske sine liv, med alt som kjem fram av tru og tvil og djupe tankar. Dei mange møta gjev von for framtida. Mennesket er og blir eit søkjande vesen, som lengtar mot sanning, kjærleik og det å høyre til. Gjennom samtalen møter mennesket seg sjølv og sine inste lengslar. Jesus er den som alltid tek initiativ til samtale, anten det er skeptikarar eller søkjande. Me møter dei same menneska i dag, som ber på ei open eller skjult lengting eller behov for å få setje ord på sine tankar. Eg vil gjerne ta del i den dialogen.
«Mennesket treng rom for å leve, og tru kan berre vekse i det fri.»
«,,,,, verdigrunnlaget ynskjer kyrkja å dele med alle menneske. Ho oppmuntrar til dialog og openheit, og gjev aldri opp med å søkje samtalen og drøfte menneskets kår. Men kven er eigentlig kyrkja? Det er dei truande som til ei kvar tid lever sine liv der dei er, i dei rollene som dei har og med dei evner dei har, anten det er tale om samfunnsengasjement eller i kyrkjeleg teneste, eller begge delar.»
«Menneskeverdet er alltid personleg. Det gjev meg rom til å få vere meg sjølv, samstundes som det legg på meg og alle eit kollektivt ansvar for å ta vare på kvarandre. Dette er den djupaste forma for menneskeleg kultivering, og eit av dei viktigaste bidraga som kyrkja kan yte i samfunnet »
«Kristentrua er menneskeverdet djupast sett forankra til Kristus sjølv.»
«Mennesket er og blir eit søkjande vesen, som lengtar mot sanning, kjærleik og det å høyre til.»
Takk for eit tankevekkande innlegg. Eg les, tenkjer og undrar meg. Eg står i den lutheranske kyrkja. Nett i dag diskuterar dei viktige saker, der avgjerdslene vil påverke mange, både dei utøvande i kyrkja og oss som er medlemmer der.
Mi kyrkje. Di kyrkje. Er den inkluderande for andre enn dens medlemmer ? Stenger den ute dei som ikkje kjenner kodane? Verdigrunnlaget…..
Eg har kopiert nokre av dine finfine tankar.Dei er samlande for våra kyrkjer tenkjer eg 🙂
Eit lite spørsmål….Eg har forstått det slik at eg som lutheraner ikkje kan motta nattverd i den katolske kyrkja. Kvifor er det slik? Det er då Gud sjølv som tilbyr meg den?
Du har ein viktig funksjon med di stemme!
Marieklem
Takk for kommentarar. For eit tid tilbake skreiv eg om Den katolske kyrkja og forholdet til andre kyrkjesamfunn: https://haavarsimon.wordpress.com/wp-admin/edit-comments.php
Nattverdssynet i Den katolske kyrkja heng saman med kyrkjesyn. Det er kristi lekam ein tek imot, og ein gjer det i tru på. og ved aksept av den læra som kyrkja står for. I luthersk samanheng tenkjer ein ofte at nattverden er det som samlar tross brytningar i meining og oppfatning av trua sitt innhald. I katolsk samanheng er eukaristien det som kronar einskapen, og som ein tek i mot fyrst når ein stadfestar si felles tru som katolikk. Ordet katolsk vil ikkje berre sei «universell». Det vil og sei «det ein lærer alle stader, til alle tider». Det vil sei at ein må sjå rundt seg ikkje berre i notid, men òg bakover i tida, på kva som har vore dei grunnleggande trekka i Kyrkja sitt liv opp gjennom historia.
Då finn ein at Kyrkja har både ei inkluderande og ei avgrensande side. Den fyrste nattverden ber noko av dette eksklusive i seg. Kvifor gav ikkje Jesus ut nattverden på gater og torg, til ein kvar som ville? Kvifor stengde han seg inne med berre den næraste kretsen av trufaste? Denne skjerma praksisen i kyrkja har alltid vore der, om ein ser på dei historiske linjene. Me er no i fastetida, tida då katekumenane forbereder seg på å bli døypte i Kyrkja. I denne tida går dei gjennom undervisning, dei lærer om tru sitt innhald, om sakramenta, om kyrkja, og om dei etiske og moralske retningslinjer som dei forpliktar seg på som truande kristne. Når så påskevigilien byrjar natt til fyrste påskedag får dei del i den fulle fellesskapen og kan ta del i det store teiknet på einskap i kommunionen. Nå er det sjølvsagt forskjell på ikkjedøypte og kristne av andre konfesjonar, men der er og likheitstrekk i dette å verte fullt medlem av den kyrkja ein trur på, og fyrst då dele det høgaste, mest heilage uttrykket for einskapen i Kristus.
Når det er sagt er det ikkje slik at Den katolske kyrkja ikkje annerkjenner andre trussamfunn, i så fall ville det vore eit feilaktig bilete av den Gud som opnar seg for alle menneske. Kyrkja står i rolla å halde fast på si lære og ideala, men samstundes med eit pastoralt ansvar for alle menneske. Eg har sjelesorg for mange truande av mange konfesjonar, for ikkje å gløyme alle dei som tvilar eller kanskje ikkje trur i det heile. Kyrkja skal og må vere der for alle, og slik fylgje det eksemplet som Kristus gav oss i sitt jordeliv.
Eg prøvar så godt eg kan å leve dette eksempelet, diverre mange gonger så alt for mangelfullt. Det er berre nåden som ber, det er det som blir sluttstreken i det reiknskapet…
Alt godt, signe dagen.
br. Haavar S.
Takk for fint svar. Eg har respektert at eg ikkje kan ta imot nattverden i ei katolsk messe dei få gongane eg har hatt anledning til å vere til stades og vil gjere det vidare også, men eg kjenner slik på at det hadde vore så fint at nett nattverden kunne eine oss alle, under Guds Faders vernande hand.
Påska er mi «yndlings»høgtid, nett fordi Nåden bær.
Du sier noe.
når du slår på med «fylden» som man ikke har som luteraner eller som ikke- underkastet Paven i Rom, så trekker jeg på smilebåndet.
(Jesus blev vred to ganger ifølge skriftens bokstav, og det var da disiplene og i neste omgang det betrodde presteskapet sto der og blokkerte dørene.)
Der er jeg nok over deg i gradene og kan se Paven rett inn i øynene og skal ikke krype på knea til ganossa og til korset først. Paven i Rom driver med de øvelsene der for oss idag. (!)
Der må du skjerpe deg gutt, og rette ryggen. Det er meget viktigere ting vi har å gjøre, paven kryper for oss idag.
Katolsk… hva betyr det?
Jeg slo opp i latinsk engelsk lexicon, der står det «universal».
så skal man titte litt i Luthers lille katekisme i forklaringen til troens tredje artikkel. Der står det «Eine heilige Christliche Kirche»
og «Was bedeutet das?»
Så sier han at den er en og at den er hellig og at den er kristelig og at den gjelder worldwide- weltweit.
So far so good, og man tar ham med en klype salt, som det barn av sin tid han var. Husk, lynet hadde slått ned i ham, i en ellers meget mørk og tung tid.
Men jeg tror jeg endelig fant den rette forklaringen i Aschehougs lexicon.
Kat- er gresk, preposisjonen i , og det forstår jeg som kjemiker, katalyse og en katalysator.
Det er det lille som skal til, ofte bare ørsmå mengder, (nemlig i løsningen,) og som hjelper den ellers umulige eller svært usannsynlige reaksjonen fra A til B uten selv å forbrukes. Det er en håndlanger eller døråpner eller lur veiviser over eller gjennom barriærene.
Holisk er noe holistisk,….
….. tilsammen, i helheten, betyr det.
P.S.
Jeg kan føye til så du kanskje kjøper mitt argument.
Lignelsen om surdeigen innebærer nettop en katalysator, et organisk enzym. Og så har du saltet som må være tilstede i fysiologiske mengder ellers,… og som ikke kan erstattes eller fremstilles kunstig, det måtte være ekte.
Da rimer det hvordan jeg har lagt det ut.
DS.
Takk for innlegg. Kanskje litt skarp i kantane, men med poeng eg kan lye til, til dømes i viktige stikkord du nemner, så som håndlanger, døråpner, veiviser og ekthet. Kva gjeld ordet katolsk kan du sjå svarkommentaren min over.
Gud signe, br Haavar S.
Takk for svar
Da håber jeg vi har kontakt. jeg trenger en kontakt innenfor romerkirken etterat jeg har oppnådd det på essensiell måte i Tromsø og har ikke adgang og kapasitet til å farte herfra og inn til menighetene i byen her i Oslofeltet. Og fordrar ikke å bli rasediskriminert og sladdet og utkastet av ramp i tjenerklassen.
Jeg lever etter en viss opplysning og visse instrukser om rett underdanighet, som har stått sin prøve. Og kan ikke fortelle hele historien her men kan gi FACIT.
Husk kirketukten har vært brukt og misbrukt både i nord og særlig i sør som et gammelt tyrannisk politisk ensrettings og styringsmiddel med et vell av kollektive og linjegymnastiske, anstaltmessige forskrifter.
Der er det at vi hever øyenbrynene og styrer unna.
Det skjer til og med at vi skyter først og spør etterpå. Min farfar var verksmester på Oscarsborg. Både han og obersten var pietister og høyt skolert og trenet over for eksempel deg i gradene og jeg har sikret lærebøkene deres i teknologi., En av dem er nytestamentet. Som er innskjerpet i tilfelle krig.
Børre Knutsen har bare fått det i dobbelt dose i forhold til meg men det er samme ulla og samme skolen.
I Tromsø var «katolikkene» klart mer forstandige enn hva jeg har funnet her sørpå. Jeg traff både Biskopen og Sognepresten og Herr og Fru Kyrkjelyden personlig og hadde stort utbytte av det.Jeg hadde til og med den ære å lempe opp ei nonne som sto og spant med bil på holka.
Og jeg lærte messen å kjenne. Jeg måtte ta meg omhyggelig sammen og følge med og det var som å begynne på bånn igjen. men jeg kunne gjenkjenne inventaret og gjenkjenne den som MIN! kirke. jeg gikk inn med den klare beslutning om ikke å vike en millimeter fra MITT! religiøse regime, går dette galt så er det værst for kjerka, og kirken besto og kan anbefales videre. Jeg fulgte en lære og instruks om hvordan å «ta» en stavkirke og satset på at det bør holde.
jeg vil ikke ha ødelagt og dretet på dette inntrykk og denne erfaring; som Ratzinger sa klart: «Den Hellige Ånd kan ha virket også utenfor pavekirken i århundrer og de kan på områder være kommet lengre enn oss og skal møtes med forstand og respekt og ikke som aspiranter og lærlinger under det lavere tjenerskap hos oss i gradene.
Direkte på grunn av hva jeg hadde opplevet i Tromsø kunne jeg så betjene videre som GURU og veileder da det gjaldt livet, og jeg måtte vite å henvise riktig. Og høstet senere varm takk av dattera, det hadde vært sånn fest i huset hver gang det kom brev fra Norge, og jeg fikk til takk Fransciscusbønnen i orginal på italiensk av Frøken Franscesca.
Det gjaldt kreft og jeg måtte instruere for krig.
Jeg føyde til at jeg er ikke prest , jeg er bare en viking, men dette er ting vi har fått sørfra og her virker det. Spør din Pastor der nede si ham hvor du har det fra og spør ham om det stemmer, og følg hans råd.
Da kunne jeg være fri til å undervise videre i naturfag.
Jeg tror kirketukten med politisk påholdenhet på brødet og vinen er hva som kommer til å måtte vike. Carol Vojtyla viste et annet eksempel.
Så tror jeg det obligatoriske prestesølibat vil rakne. Muligens vil man få noe omtrent lik østkirkelig orden. Kvinnelige prester, der er jeg mindre sikker, og tror mer på hva jeg selv har erfart at bispefruen og prestefruen virker og betjener og misjonerer ganske eminent på sin måte. Ofte bedre enn presten sjøl.
Klostervesen tror jeg med stor fordel kunne gjenopprettes og gjenoppbygges når man ser hvordan mange ugifte driver og vansmekter på byen idag.
Men vi har Pauli ord til jypplingen Timoteus som skulle bli biskop for de hadde vel ingen annen, han anbefalte en bispefrue og et glass vin for maven (Guts?)
Så har vi side opp og side ned i Mattheusevangeliet om kvinner og menn.. Det er vel kjernepensum, men Paulus visste åpenbart mye om hva han snakket om og var glimtvis genial, og jeg synes han gir oss et eminent innsyn i Jødisk forståelse av disse ting av anno dazumal.
«
Hva jeg ikke kan følge er statskirkens utsvevninger i form av homse- ekteskap. men vi må hele tiden sanne at de minste skal bli de største i Guds rike og at barna er viktigst, det er nisseloven.
Apropos, i skoleboka til min tyske kone står det at vin selv i små mengder er skadelig for barn. Men vi har knabba en stikling og fått et ekte vintre i haven og det er stor fest når barna kan klatre opp der på stiger med kurver og de stjæler som ravner også.
De skal ha vindruer ganske enkelt og være med på festen..
Min svigerdatter fra Dresden tar med minstebarnet på armen til alters og ungen får også et brødstøkke. Det passerer, og ser helt riktig ut og er vel Dresdener skikk fra under svarteste Honecker.
Der skal man heller være stabil i troen, tror jeg, og stole på skriftens bokstav.
Det var mere også der i Italia. Divorzio con italiano med eget seremoniell, man slamrer med dørene og kjefter og smeller. Jeg kunne instruere korrekt dicorzioseremoniell, A- dios my Darling , we meet at sunrise, for we`re bound for the Rio grande!
Og at nøklene til utgangsdøra i et harem ligger ikke i menneskelige hender så man må vokte inngangsdøra, der har kirken også et poeng.
======000000
Men det er «Ei tru for vår tid…» som er temaet her,…
Jeg gjør så godt jeg kan og resirkulerer fra dynga og tar det ut av skogen og av løse lufta og smir sjøl.
Så kan man se på gamle eksempler som har virket før. Og se opp for Timeless wisdom.
Dear brother
Utrolig men sant, jeg blir ikke sletta og sladda her.
Da må jeg nok skjerpe meg, dette var bare en satt examensprøve på hans integritet, forstand og hederlighet.
Men da får jeg ønske dere god påske og håper dere har hatt en stille uke, for det har vi.
Vi har vært i havna og fått fast og igang ny dieselmotor og ligger i rute. Så har vi fått unna et enormt lass med ved hvor det gjelder å være en kropp for jeg må holde og kjerringa må slå, og dernest må jeg dræle til med øks, og så må vi peke og kommandere, og jeg må ofte betenke dyrevelferdsloven §4 / Pauli ord til alle menn av Efesos, og gi dama rett i alt så langt råd er. Men vi begynner å kunne det så smått etter å ha vært gift i 46 år og det synes for vårt vedkommende å være gunstig for helsa og humøret, og må etterhvert leve forbilledlig slik det står til Timoteus & frue.
Klosterliv er out of question for mitt vedkommende, men jeg håber dere har det bra og tenker ofte på dere.
Til påskemorgen må jeg ha noen salmer klar så jeg kan minne folk om hvilken dag det er. Jeg har brukt som punkt i en teknisk traktat om barokt blokkfløytemakeri at religionenes antall må reduseres til det absolutte minimum ellers vokser religionene som sopp i møla i verkstedet og at det holder med 1 absurditet, Markus 16.6.
Belgia tok ekstra til orde og gav meg uttelling for det punktet. Man er fra Norsk side liksom ikke så steril som de hollandske calvinister, og Belgia liker sånt.