Preken St Dominikus 4. søndag i fasten år A      Lesninger  Jesus leger den blinde mannen Duccio

Kjære kristne, i dag har me høyrd kortversjonen av Evangelielesninga. Kortvesjonen fortel den enkle historia om ein mann som fær at synet. Me høyrer ikkje mykje om dei lange drøftingane og forklarande tillegga. Me står att med ei enkel forteljing om ein mann som møter ein profet, ein mann frå Gud, som gjev han den største gåva han kunne tenkje seg. Ja, kanskje endå større? Så kven er denne mannen? Det er ikkje ein som har mist synet, og som får det attende. Han har nemleg vore blind heile livet, og har aldri visst kva det vil sei å sjå. Og i dag har denne tiggaren fått ei gåve han aldri har bedt om.

Forteljinga kallar fram mange referansar: For det fyrste er me vitne til korleis Kristus utfører ei skaparhandling. Det har ein klar parallell til korleis Gud skapte både verda og mennesket ved sitt Ord og sin Ande, då Han forma Adam og Eva av jord og gav dei liv. Vidare ser me den sakramentale referansen i denne hendinga. Ved ord og jord skjer mirakelet, der Gud grip inn i menneske sitt liv og skapar noko nytt. Kristus nyttar sjølv det usle støvet for å gje lekjedom, og viser slik korleis materien er del av dei gåvene Gud har skjenkt oss. Og endeleg ser me ein mann som er skjenkt eit nytt liv.

Slik speglar forteljinga den livsbejaande haldninga som alltid fylgjer Gud. Men forteljinga peikar fram mot eit heilt bestemt mål. Heile forteljinga når sitt klimaks i det mannen kjem til tru på Jesus. Mirakelet han har opplevd fullendast i trua, og i venskapen til Gud.

Mannen i dagens Evangelium mottek såleis ei dobbelt gåve: Han får lækjedom for augo sine. Og han har får evig lækjedom for si sjel. Jesus opnar dørene like inn i himmelen, til fellesskap med Han sjølv og med Faderen, og til livet som varar evig. Slik viser Kristus kva kraft som ligg i trua, og kva som er det ytste mål for kvart menneske.

Dette nye livet,og denne venskapen lyfter mennesket ut av ein tilstand der det kretsar om seg sjølv. Me skriv oss inn i ein større samanheng, og me ser kor høgt elska me er, og kor høgt Gud set kvart enkelt menneske. Dagens lesning grip rett inn i abortdebatten og debatten rundt samvitsfridom. Gud har opna våre auga. Som truande har han lete oss sjå kva verd me har. Dermed kan me ikkje unngå å sjå uretten som finn stad, og som krenkjer menneskeverdet.

I desse dagar går filmen om Børre Knudsen på norske kinoar. Det er forteljinga om ein mann som ikkje kunne lokke auga for overgrepet som finn stad i vår tid. Og ein kunne kanskje tru at Knudsen var nedbøygd etter så mange år med strid. For kven kan vel eigentleg bere all den kampen og all den motstanden og alle dei sår som både han sjølv og ikkje minst familien har gått gjennom? Jau, såra er der nok. Men me finn samstundes ein mann som på slutten av sitt liv er gjennomsyra av det Evangelium han alltid har forkynt. Han ber i seg ei livskraft, ein styrke som han har fått i gåve fordi han har høyrd Herren, ”han som talar med deg no”.

Lat oss høyre kva Knudsen sjølv seier mot slutten av filmen, og me kan òg sei mot slutten av livet:

”Jeg tror på våren, jeg tror på påsken, jeg tror på oppstandelsen. … Alt er vel. Alt er seier. Alt er lys. Alt er livet. Der hvor Herren er, der er livet. Og Han sier ”Kom: Følg meg.” Og du går gjennom en ny og blomstrende verden. Til det store møtet.”

Advertisements