Innlegg til I god tro-spalta i Klassekampen 27.03.14

Den nye filmen om Børre Knudsen utfordrar vårt syn på toleranse.

En prest og en plage

For ei tid tilbake vart eg invitera til ei førvising av filmen «En prest og en plage», som handlar om livet og striden til Børre Knudsen. Tittelen, som er lånt av Niels Christian Geelmuyden si bok med same namn, famnar med få ord den rolla som den radikale presten tok eller fekk i abortkampen. Knudsen har stått som ein torn i kjøtet på abortmotstandarane, ulikeleg og forakta, og umogleg å oversjå. Og når alderen krev sitt og røysta til Knudsen svinn frå dagsrevyen og overskriftene, finn me han plutseleg på filmplakaten i det eit tjugetals kinoar i morgon set opp dokumentaren om mannen og saka.

Når så mange av landets kinosjefar vel å setje opp ein Cafeteateret 27 om ein så omstridd mann som Børre Knudsen har det meir å gjere med vår tid enn ein enkelt prest. Nett no, når det stormar kring spørsmål om menneskeverd og reservasjonsrett, får me ei slags oppsummerande skildring av tida som har gått frå abortlova vart vedteke og fram til i dag. Det er underleg å sjå vår eiga historie med dette retrospektive blikket. Og det er nett dette som gjer filmen verdt å sjå.

Filmen om Knudsen vekslar mellom notid og klipp frå aksjonar på sytti- og åttitalet. Den gongen kasta han seg inn i harde konfrontasjonar, kompromisslaus i sak, nådelaus mot dei han meinte sto ansvarleg for fosterdrap; staten og den sitjande regjeringa. No er det Knudsen sjølv som treng hjelp, og som vert tatt hand om av det helsevesenet han har konfrontert heile sitt prestelege liv. Når alderdom og skrantande helse set inn, reflekterer Knudsen over vala han tok og prisen det kosta. For min del vert filmen til ein refleksjon over det paradigmeskiftet som filmen vitnar om.

Slike skifte er skjeldan vare, men det er dette me står i no. Før sto alle under det same merket, og den same, gudgjevne loven om menneskeverdet sto over alle. Slik er det ikkje lenger. Livet er ikkje ukrenkeleg, ikkje dauden heller. Abort er kvinnerett, eutanasi er individets rett til sjølv å bestemme. Det siste er den forlenga konsekvensen av det fyrste, og vil med tida manifestere seg i den kulturen som spring ut av vår tids paradigme.

Men med dette skiftet tvingar det seg fram ei ny utfordring, og dette speglar seg i nokre av klippa i filmen. Det var to scener som særleg merkte meg. Den eine viser ei kvinne som legg handa over munnen på Knudsen i det han ytrar seg framfor eit sjukehus. Den andre scenen viser Knudsen som står og skrik i ein mikrofon på vegne av fosteret framfor ei rasande, spyttande folkemengd. Begge scenene viser den totale ikkje-kommunikasjonen der ingen lyer, og der dialog er bytt ut med monolog eller vald.
Det er nedslåande å vere vitne til eit slikt scenario, ikkje berre på grunn av dei historiske hendingane i seg sjølv, men fordi det same skjer i dag. Abortmotstandarane ropar etter gehør for ein uskuldig og forsvarslaus tredjepart, forkjemparane ropar etter respekt for retten til sjølv å bestemme. Og media let gjerne dei med dei mest radikale ytringane syngje solo i koret. I eit land som likar å kalle seg best på så mangt fell me syrgjeleg langt ned på lista når det gjeld kommunikasjon og dialog.

Bak dagens ropande monologar finn me ulike verdisyn rotfest i livssyn som bryt med kvarandre. Me går frå ein einskapskultur til multikultur og verdipluralisme. Dette tvingar fram eit nytt skifte: Når einskapssamfunnet svinn må me finne nye måtar å leve saman på. Me må gje slipp på tanken om at alle skal inn i den same folden. Me kan ikkje halde handa for munnen på motstandaren. Me må slutte å slenge om oss med flåsete og nedsetjande kommentarar. Og det hastar. Skal me leve opp til å vere det tolerante samfunnet som så mange hevdar å arbeide for? Då må me finne løysingar som tek omsyn til splitta syn, også når det gjeld dei mest alvorlege sakene som rokkar ved livsverd og menneskeleg fridom. Dette har me lite grep på. Reservasjonsdebatten vitnar om ei totalitær haldning som ikkje taklar den pragmatiske tilnærminga som må til om alle partar skal finne ein plass.

Eg trur Knudsen si stemme har vore naudsynt, sjølv for forkjemparane av abort. Me må innsjå at siger for berre ein part vert eit nederlag for fellesskapen. Om ein part vinn, då tapar alle.

Advertisements