I dagens Evangelium vert Kristus freista tre gonger. I djevelens fyrste forsøk freistast Jesus til å bruke sine guddommelege krefter til eiga vinning, og ikkje i lydnad til Faderen. «Du treng jo mat, du har jo fortent det? Så kvifor ikkje gje deg sjølv eit lite mirakuløst måltid?» Deretter prøvar han å byte ut tilliten til Faderen med å sette Guds ord på prøve. «Gud vil jo ta i mot deg om du kastar deg ut for muren her, han er jo glad i deg, du kan gjere kva du vil…» Til slutt er det det reine hovmodet som utfordrast, med lovnad om å få all makt, all ære, og heile verda under eins føter. Den einaste vesle catchen er å falle på kne for djevelen sjølv.

San Marco: Temptations of Christ, 12th century mosaic at St Mark's Basilica, Venice

For kvar gong svarar Jesus på same måten: Eg legg min tillit i Guds hand, eg overgjev mitt eige til hans forsyn. Slik viser han oss ein veg gjennom vårt jordiske liv, ei rettesnor for korleis me skal møte våre freistingar i vår eigen kvardag.

Det er lett å kjenne att desse freistingane i våre eigne liv. Den fyrste freistinga er den sjølvsentrerte, egosentriske dragninga me alle ber i oss. «No har eg jammen fortent dette», tenkjer me i det stille (eller gjerne i store ord) når me har stått litt på, eller me spør: «Ja men kva med meg då?» Det er vanskeleg å stå og vente på Guds gåver med open hand, for me toler så dårlig å sjå handa tom… Treng me ei øving i tolmod?

Den andre freistinga er relativismens likegyldige haldning. «Det er ikkje så farlig, det gjer ikkje så mykje, Gud vil forstå, han vil ta i mot…» Det er ei vanleg haldning i vår tid, både utanfor men òg innanfor dei truande sine rekkjer. Når trua vert farga av ei slik haldning vert ho avslipt og rund. Ho blir som ein ball som rullar minste motstands veg. Då kan det rulle alle vegar, det einaste ein kan sei heilt sikkert er at så lenge ballen rullar går det stadig nedover… Me vedkjenner oss trua; vedkjenner me oss verdiane som fylgjer trua òg?

Den siste freistinga er ursynda, som òg sit djupast i menneskesjela: hovmodet. Adam og Eva freistar å rive makta ut av Guds hender i eit forsøk på sjølv å verte som Gud. Det som fylgjer av denne synda er ikkje makt, men isolasjon og avstand frå Herren. Adam og Eva skjuler seg i hagen, og fryktar Guds åsyn. Dei har gått bort frå det opne samveret med sin skapar. Kristus viser oss vegen attende til fullt fellesskap med Faderen. Den vegen leier oss til Guds nærvær gjennom bøna. Set me av tid til å vere saman med Gud? Set me av tid til bøn?

Men om Kristus har kome til jorda, stått alle prøver og skjenkt oss frelsa gjennom sitt endegyldige offer, kvifor må me då gjere så mykje? Er ikkje Kristi offer nok? Jau, Kristi offer er det me feirar kvar einaste sundag, det er den store sigeren me tek del i, dagen for Guds nåde og frelse for alle menneske. Men å vere kristen er å formast i Kristi bilde. Trua er ikkje berre ei vedkjenning, ho er også eit forpliktande program for våre liv.

Fastetida gjev oss anledning til å sjå nærare på dette livsprogrammet. I romarbrevet les me om den striden mennesket står i. Paulus veit kva grep synda har på hans eiga sjel, og vedgår: «det gode som eg vil, det gjer eg ikkje, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg».

Fastetida er ei tid for å snu på dette. Det er tid for å ta opp kampen mot vår eigen vonde vilje. Det eg ikkje vil, det gjer eg, seier Paulus. Ja, i dag kallar Gud oss til å vende blikket innover, og sjå med ærlege augo på oss sjølve. Herren sjølv står ved vår side og Den Heilage Ande skjenker oss nåden som gjer at me stadig kan vekse i trua. Lat oss no byrje å gjere det det me ikkje vil: Ikkje vonde gjerningar, men dei gode handlingane som me så alt for ofte avstår frå å gjere.

Og det er rart med det: når me opnar oss for Gud og hans nåde kan det faktisk hende at me i vårt indre kan merke ei endring og ei vekst som får konkrete fylgjer i vår kvardag. Og som Kristus vann over freistingane og fekk selskap, slik kan me òg kjenne englane sitt velsigna nærvær i våre liv og i vår strid, når me kjempar og held fast ved Kristus, vår Herre.

Advertisements