(innlegg i spalta «I god tro» i Klassekampen torsdag 27. februar 2014)

Marie Simonsen – Marte Wexelsen Goksøyr: 0-1

imageDet er når eins eigne overtydingar vert stilt ovanfor konkret røyndom at ein får prøvd si sak. Nett i krysninga mellom ideologi og personlege møte vil ein måtte ta endeleg stilling til kva ein trur på. Det er her Marie Simonsen ikkje har stått si prøve.

Under den direktesendte jubileumsfeiringa frå Eidsvoll 16. februar i år held Marte Wexelsen Goksøyr tale der ho blant anna hevda at «Norge har tatt mål av seg å bli verdens mest inkluderende samfunn. Slik jeg ser det lever vi i et ekskluderende samfunn.» Ho peika på den systematiske utreinskinga av foster med Down’s syndrom, og held fram: «Vil vi ha et sorteringssamfunn hvor vi dyrker det perfekte, hva nå det er, og fjerner de vi mener er uønskede?»

Dette vart for sterk kost for Marie Simonsen, som kvitra høglydt om si usemje med arrangørane. Ho hadde helst sett at Goksøyr ikkje fekk talerett denne kvelden, og var «overrasket over at ‘sorteringssamfunnet’ var et tema» under grunnlovsjubileet. Trass den iherdige motstanden mot tematikken som Goksøyr tok opp har Simonsen klart å skape blest om ei sak ho helst vil ha dyssa ned. Somme av oss ser det lett humoristiske i dette paradokset.

I etterkant lyfte Vårt Land fram saka, og gav Simonsen spalteplass. I staden for positivt å ytre kvar ho står beklaga ho at ho vart sett i bås, og sa vidare at ho ville trekkje seg frå debatten. Eg veit knapt om finst dårlegare måte å handtere konsekvensen av sitt eige utspel. Å kome med provoserande utsegn, for i neste runde å nytte reaksjonane til å sei kva ein faktisk meiner er ein kjent strategi. Eg sit att og undrar meg over kvifor Simonsen ikkje har nytta dette høvet. Eg trur orsaka er Goksøyr.

Å hevde kva ein meiner er rett og gale i prinsippet er ikkje krevjande. Det er noko heilt anna å gå inn i diskusjon om abortpraksis kva gjeld menneske med Down’s syndrom når det er eit slikt menneske ein snakkar med. For kva skal ein sei? «Eg synst det er greitt at slike som deg ikkje skal få leve»? «Du var ikkje eit menneske den gongen du kunne ha vorte abortert»? Du skal vite kva du meiner når du står andlet til andlet med dei som er ramma.

Me har elles hatt eit eksempel med visse parallellar på Facebook. For ikkje lenge sidan la filmselskapet f(x) ut traileren til den nye filmen om Børre Knudsen, «En prest og en plage», som vil bli å sjå på mange av landets kinoar i slutten av mars. Sida vart snart stengd fordi norske fb-brukarar som ikke er einige med Knudsen og saka han kjempa for hadde rapportert innhaldet som krenkande. Det rare var at det ikkje er noko krenkande i bileta som vart presenterte i traileren; ikkje lammeblod over hovudet til Knudsen framfor Stortinget, ingen fosterdukker smurt inn med ketsjup. Det var det ideologiske innhaldet som vart merkt som krenkande.

Det underlege i denne hendinga var ikkje kritikken i seg sjølv, men korleis kritikken kom til uttrykk. Ein kunne gått inn i aktiv dialog og fronta sine meiningar på ein open måte, til dømes ved å skrive i kommentarfeltet under videoen. Meiningsmotstandarane av filmen (og saka) vendte seg i staden til ein høgare instans, nemleg Facebook-redaksjonen. Resultatet gav seg sjølve, for Facebook likar ikkje noko som skapar dårleg stemning. Likeins var det med Marie Simonsen. Ho hevda å gå i debatt med Goksøyr, men i sanning var det arrangørane ho gjekk til åtak på. Slik sto ho over den dialogen ho kunne opna for i møte med Goksøyr. Ho valde heller å posisjonere seg som offer i debatten.

Som forkjempar for abort vil ikkje Marie Simonsen assosiere seg med sorteringssamfunnet. Som abortmotstandar vil ikkje eg assosiere meg med å vere kvinnefiendtleg. Det hindrar meg likevel ikkje frå å debattere. Det er ikkje sant, det Simonsen hevdar, «at sorteringssamfunnet er et begrep som effektivt stanser debatt og stempler meningsmotstand.» Debattantane skal ikkje gjere seg til offer for omgrepa som nyttast. Det er feigt å vende seg til høgare instansar for å stoppe ein viktig debatt. Er det slik ein skal nytte seg av ytringsfridomen?

Marte Wexelsen Goksøyr på si side er direkte i si tale. Ho snakkar ope om skuggesider ved norsk abortpraksis og oppfordrar alle til å sjå røyndomen i augo: «For at Norge skal bli et inkluderende samfunn, må vi tørre å se våre egne fordommer og holdninger». Tek Simonsen utfordringa?

pater Haavar Simon Nilsen,
St Dominikus kloster
haavar.simon@gmail.com

Advertisements