12years a slave

(Preken i St Johannes for 7. sundag i alminneleg kyrkjeår, år A. Lesningar for dagen.)

Nylig gjekk eg på kino for å sjå dramaet “Twelve Years a Slave”, som handlar om slavehaldet i USA. Hovudpersonen, som ein fri mann, vert kidnappa og seld på

slavemarknaden i Sørstatane, og han slipp ikkje fri før etter tolv år. Audmjukinga er vond å sjå. I ei scene i filmen vert ei ung kvinne piska på det mest groteske av di ho på fridagen sin har gått til nabogarden for å få eit såpestykke. Det er urettferdig og umenneskeleg, og eg kjenner korleis sinnet stig når eg ser slik urett.

Ein skal ikkje uthalde slikt. Ein skal kjempe mot det, og eg kjenner korleis det freistar å slå att, nei, meir enn det. Eg kjenner eg ynskjer å hemne meg.

Og inn i denne verda, utan rettferd, utan nåde, inn i denne verda forkynner Kristus: Vend det andre kinnet til! Og inn i vår verd, med menneskehandel, med grov utnytting av arbeidarar, av kuande overgrep i vår norske kvardag, seier han det same: Be for dei som forfylgjer dykk. Me skal ikkje be berre for dei som står oss nær, men òg ovanfor våre fiendar, dei som sårar oss.

Korleis kan me klare å oppfylle eit slikt bod? Å oppfylle den fullkomne loven som Kristus snakkar om synest langt utan for vår makt, ja til og med vår vilje. Då skal me hugse at dagens evangelietekst handlar ikkje berre om kva me menneske skal gjere. Me vil ikkje klare å gripe Kristi formaning om me berre skal ta utgangspunkt i oss sjølve. For sjølv om Jesus peikar på menneskeleg åtferd seier Jesu ord langt meir om kven Gud sjølv er. Gud er fullkomen. Gud er fullkomen god. Salmenes bok utrykkjer dette på sin måte:

Barmhjertig og nådig er Herren,
langmodig og rik på miskunn.

Den hebraiske bibelen brukar ikkje uendeleg mange ord for å beskrive kven Gud er. Men det me finn skreven les me om att og om att. Gud er barmhjertig. Gud er langmodig. Gud er rik på miskunn. Det er som om Israelsfolket må høyre det på nytt og på nytt for ikkje å gløyme det. Gud vil mennesket vel, jamvel når mennesket ikkje er vendt mot Gud. Slik må det mest vere. Skulle vår veremåte vere avgjerande for korleis Gud ser på oss og handlar med oss, ja, då ville vel helvete vere laus både titt og ofte.

Gud har ein gong for alle vist oss i kva grad han står for dei karakteristikkane som han inspirerte profetane til å skrive. Denne Guds miskunn når sitt klimaks i Kristus. Når Jesus ligg på kne i Getsemane kjempar han den endelege kampen i sitt indre. Han aksepterer Guds vilje, og går mot sin offerdød, han den uskuldige. Han som ikkje skuldar nokon noko, han den uskuldsreine, vender det andre kinnet til. Han som me skuldar alt oppgjev alt for oss. Dei som møter han med hat, dei elskar han.

Det er i Kristus me kan ta del i den same miskunn som Gud viser oss. Som kristne er me bunde til Kristus. I dåpen har me døydd og stått opp til liv med Kristus og i Kristus. Slik vert vårt kall til å leve som kristne er eit kall til å la oss omdanne, og gradvis vekse inn den same audmjuke haldninga som Jesus syner oss. I våre daglegliv står me stadig ovanfor situasjonar der me vert stilt på val. Skal eg setje hardt mot hardt, eller skal eg late Kristi sinnlag få råde i meg?

Kan hende lukkast me ikkje alltid i å gjere dei gode vala. Men våre forsøk på å leve etter kristi befaling så på ein så fullkomen måte som mogleg, er noko Gud ser på med milde augo.

Så lat oss opne oss for Kristus i våre liv, slik som me gjer det når me høyrer Guds ord og tek i mot Kristi lekam i nattverden. Slik kan me stadig betre lære å fylgje Guds eige eksempel for kva som er sann miskunn og nåde.

 

I kommentarfeltet under kom det inn eit tips om boka «Twelve Years a Slave» som filmen eg har nemd byggjer på. Eg legg difor ut pdf-fila av boka her, om nokon skulle ynskje å lese denne forteljinga: Twelve Years a Slave

Twelve_Years_a_Slave

Advertisements