Preken, 5. søndag i det alm kirkeår, år A, St Johannes kyrkjelyd

saltI evangeliet etter Matteus kallar Kristus oss jordas salt og verdas ljos. Tenkjer me på oss sjølve i slike termer? Er eg verdas ljos? Og om det er sant at salt er eit bilete på visdom, passar dette på meg? Jesus brukar store ord når han omtalar sine disiplar. Han stilar høgt! Dagens Evangelium utfordrar han oss, og spør korleis me lever våre kristenliv. Samstundes hjelper fyrste lesing frå Jesaja oss til å tyde korleis me skal leve dette livet, og korleis me kan vere tru mot Guds bod.

Jesaia peikar på våre handlingar og våre val. Me skal vise oss som vener i denne verda. Å dele med dei som treng vår støtte kan nemleg ikkje berre oppfyllast i plikt. Det må ei langt djupare motivasjon til. «Eit bod gjev et dykk», seier Jesus i Johannes-evangeliet: «Elsk kvarandre!» (Joh. 13,14) Med dette seier Jesus at kristentrua ikkje er, og vil heller aldri kunne bli, ein pliktreligion. Det som kjenneteiknar kristentrua er ekte omsorg for andre menneske, særleg for dei som står aller svakast i samfunnet. Denne omsorga spring ut av hjarta, av trua, og manifesterar seg i vår vilje til å yte ovanfor andre.

Å vere jordas salt og verdas ljos er å la seg forme, og la vår eigenvilje omformast for å fylgje Guds vilje. Er dette gjerningsreligion? Nei, det er den grunneleggande kristne haldninga som alltid fylgjer kyrkja. Det er den aktivt handlande Kristus som er vårt ideal. Kyrkja er Kristi lekam, og dermed del av den same offensive, imøtekomande handlinga som Kristus møter verda og verdas menneske med.

Eg vil legge til noko her. Som de ser langs veggane her får me snart ein ny krossveg i kyrkja vår. Kvifor er det slik at me i våre kyrkjer så gjerne skal ha ein krossveg? Det finst då så mange andre utsmykkingar som kunne pryda kyrkja? Kvifor skal me sette opp 14 bilete som skildrar den hendinga i Jesu liv som er den mest smertefulle, den mest sorgfulle og den mest einsame? Det er fordi det er her, i Jesu liding, at han tydligast viser oss sin sjølvoppofrande kjærleik. Krossvegen fortel oss om ein Gud som elskar oss så høgt at han vil gå gjennom eld og vatn for å vinne vår venskap.

Det kan somme tider virke som om kristne er meir opptatt av å tilhøyre Kristi lekam enn å tenke på kva Kristi lekam faktisk gjer? Ein Kristus som står stille vert kan hende ei fin statue. Men det er ikkje fine statuer som frelsar verda. Dei er i beste fall teikn på at trua er til stades i samfunnet. Men det er den sjølvoppofrande og handlande trua som er verdas ljos.

Ei frelsande tru er den som grip fatt når trengs, som vender seg utover mot sin neste. Ei frelsande tru er også den som vitnar om sanninga. I dag møter me stort press frå omverda. I desse dagar ser me eit stort press på spørsmål kring menneske og menneskeverdet. Abortsaka og spørsmålet om reservasjonsretten kjem stadig opp i nyheitsbilete, og me vert utfordra i møte med dei rundt oss, på skulen, på arbeidsplassen, blant vener. Det kan vere krevjande å skulle stå fram som truande når debatten rasar som verst.

Kvar skal me så hente kraft til å stå fram i våre liv med vår tru og våre verdiar? Paulus fortel korleis han møtte folket i Korint. «Svak, engstelig og med bivrande hjarte» møtte han den første forsamlinga av truande. Kristus, spikra til krossen, var Paulus sitt faste punkt og feste. Paulus ser seg sjølv som del av hans lekam, ein krossfest lekam, ein oppstanden lekam, ein himmelsk lekam. Paulus er eitt med ein lekam som aldri meir kan dø. Krafta til å hjelpe dei som treng hjelp og mot til å halde fram sanninga finn han i den same Kristus.

Det er i Kristus me òg finn vern og styrke, i ei kraft som er grunnfest i det ringe, det audmjuke og gode gjerningar.

Advertisements