På trykk i «I God Tro»-spalten i Klassekampen 30.01.2014

NymphomaniacEr «Nyphomaniac» ei påminning om at vi mista den hemmelege ingrediensen?

Sist fredag hadde Lars von Triers nye film, Nyphomaniac, premiere på norske kinoar. Det er fire timar med mykje utløysing, men der er lite forløysing. Likevel dreg filmen i gong ein viktig refleksjon om seksualitet, og om vår evne til å samtale om eksistensielle tema knytt til dette, så som kjærleik, skuld og skam.

Eg skal vedgå at eg måtte gå ein ekstra runde med meg sjølv før eg gjekk på denne Trier-filmen. Eg ville ikkje bli sett som munken som prøvar å snuske til seg litt porno under skin av å sjå intellektuell kunstfilm. Eg hadde visst ikkje noko å frykte. Polariseringa mellom hovudpersonen Joe med hennar umettelege seksuelle behov, og den a-seksuelle Seligman tek livet av ei kvar tenning. Verken den oppkonstruerte dialogen mellom dei to eller handlinga i filmen femner dét som er seksualiteten si kjerne –eller the secret ingredient som det heiter i filmen –nemleg kjærleiken.

Sex utan kjærleik vert i lengda platt og uinteressant, anten det er på togtoalett, i ektesenga, eller i form av forboden sadomasochisme. Eg vil ha the real thing. Det høyrest kanskje paradoksalt ut når det kjem frå ein munk. Men the real thing handlar ikkje om å kunne ha så mykje sex ein vil, men å vekse inn i ein integrert seksualitet. Skal ein lukkast med det må ein sjå heilskapen av seg sjølv og menneskelege relasjonar. Då handlar det straks om så mykje meir enn å få seg eit ligg.

Då må eg inn i dei gøymde romma i meg sjølv, der ikkje kven som helst får innpass. Det er der eg gøymer sjølvforakt, manglande sjølvtillit og einsemd, saman med den djupe lengtinga etter einskap og fortrulig intimitet. Dette er sårbare sider som menneske i vår tid jamt over strir med, og som på så mange måtar spelar saman med våre drifter og seksuell identitet. Det er dette kryssingspunktet mennesket må stå i om det vil vinne indre fridom. Når sex vert brukt som flukt vil den òg fortrenge og erstatte sann kroppsleg, sjeleleg og åndeleg nærleik. Slik risikerer me å fordekke dei djupare sidene i oss. Me vert både grunnare og fattigare.
Det kan somme tider verke som om me har slutta å sjå i bakspegelen i vårt eiga liv. Me erkjenner ope at me i byrjinga av livet treng kjærleik og har behov for omsorg og tillit. Me hegnar om borna og ynskjer å gje dei det beste, og det med rette. Men når barnet som me ein gong var veks til står me plutseleg der, overgjevne til oss sjølve, som om basisbehova i alt menneskeleg liv ikkje lenger er naudsynte. Me overser overgrepa me gjer mot oss sjølve som vaksne, som når me til dømes bagatelliserer eller lét att auga for dei signala som vårt eige samvit prøvar å sende oss. Vår eiga rastløyse vert snart ein farlig fiende. Burde me ikkje vere meir opptatt av å verne om vårt indre? Trur me verkeleg at det er så stor forskjell på born og vaksne?

I mangel på fortrulig nærleik både til oss sjølv og andre kryp einsemda lett inn på oss og gjer oss mismodige. Me skuldar oss sjølve for ikkje å lukkast, og skammar oss over vårt eige ulukkelege indre. Er det dette Trier prøvar å hinte om i Nyphomaniac? Har vårt hastige samfunn har mist the secret ingredient?

Som ordensbror har eg avlagt løfte om sølibat. Eg lever så å seie det motsette av dramaet i Nyphomaniac. For meg vert livet kjærleik utan sex. Eg vert ingen Seligman av den grunn. Munkelivet er ikkje eit liv utan seksualitet. Takke Gud for det. Men det er eit liv der kjærleik og intimitet vert utfordra til å finne nye former. Når eg ikkje kan dele meg med kropp og sjel i møte med den eine vert eg utfordra til å finne nærleik til menneske rundt meg på andre måtar. Vert eit slikt liv platt og uinteressant? Tvert i mot vil eg hevde. Det verkar skjerpande, og utfordrar kreativiteten. Å kaste seg ut i tillitsfulle møte og relasjonar med andre menneske er òg ein veg både mot Gud og mitt sanne eg. Relasjonen til Gud fullendast gjennom dei menneskelige banda. Utan kjærleik vert trua tom.

Ordenslivet er ikkje ei livsform utan smerte. Det gjer ikkje livet mindre vondt å leve. Men det evnar å gjere livet intenst levande, og skape eit tilvere fylt av meining. Det er denne forløysinga eg strekk meg etter, ei forløysing eg ynskjer alle andre, og som Lars von Trier gjev eit viktig innspel til å drøfte.

br Haavar  S Nilsen OP.

 

Kommentar frå Olav Bakken Jensen på «Forløyst liv» under overskrifta «Munkeseksualitet» i Klassekampen den 1. februar:

Det går ein debatt her i bladet om Lars von Triers nye film «Nymphomaniac». 27. januar hadde Ellen Engelstad ei melding der ho hadde uteska meininga til (eit smalt) panel av synsarar; forfattarane Hanne Ørstavik og Solveig Aareskjold, og dominikanarmunken Haavar Simon Nilsen. Mellom desse kom det så vidt eg kan sjå ei slags semje om at filmen er overflatisk, mykje sex utan eigentlege kjensler, utløysing utan forløysing, nevrotisk, pubertal et cetera. Greitt. Men kritikarane reflekterer ikkje over at von Triers film kan hende er ein sivilisasjonskritisk og ironisk kommentar til nettopp vår sexfikserte samtid. Den amerikanske forfattaren Gore Vidal sa eingong at ironi er bortkasta på mine landsmenn. Kan hende det er det på sume norskingar òg. Det er gravalvoret som rir kritikarane.

I spalta «Forløyst liv» 30. januar held broder Nilsen fram i same traurige lei. Poenget er heller lett å gisse, «Sex utan kjærleik vert i lengda platt» og så bortetter. Men av ein eller annan grunn finn han òg plass til å kommentere seksuallivet til munkar, og dermed vel sitt eige liv? Kva det har med filmen å gjere er uklårt. I alle høve, «Munkelivet er ikkje eit liv utan seksualitet», skriv han. Vi må då tru at denne munkeseksualiteten er djupare, og utifrå Nilsen sine føresetnader betre og meir høgverdig enn «overflatisk sex». Men, som venteleg er frå den kant, gjev han oss ikkje nærare innsikt i seksuallivet på cella. Vi andre har vel elles fått nyss om slikt frå mange skandalar i kyrkjelivet, ikkje minst det katolske, dei seinare åra. Som dei apa etter prestar i eit anna land i min ungdom: «All I require, is a boy from the quire».

Eg unner Nilsen og andre munkar (og nonner!) all seksualitet med kjærleik dei kan få, sublimert eller ikkje, anten det er med menneske, eller innbilling om samkvem med overjordiske, som «Jesu brud». Men i vår sekulære kultur har vi dyrka fram openskap og respekt for kroppsleg så vel som ikkje- kroppsleg kjærleik. Alt dei gamle grekarar skilde mellom agape og eros, agape som rein åndeleg kjærleik, eros kroppsleg, men òg med djupare kjensler. Vi treng altså ikkje rådgjevarar frå den dobbeltmoralske katolisismen og klostra på dette feltet.

Olav Bakken Jensen

 

Svar til Olav Bakken Jensen i Klassekampen den 5. februar under overskrifta «Ordet er fritt, Jensen»:

Olav Bakke Jensen kommenterer den 1. februar mitt innlegg «Forløyst liv» som sto på trykk førre torsdag. Jensens innlegg har i grunn mykje til felles med den siste filmen til Trier: Det sprikar i mange retningar. Men der Trier, som den subtile kunstnaren han er, opnar for tolkingar og kritikk i mange lag, har Jensen i siste instans tilsynelatande berre eitt mål. Det trengst ikkje «rådgjevarar» frå katolsk hald, og han grunngjev dette med dei vonde overgrepa som har funne stad i Den katolske kyrkja. Skal dette vere argument for at folk «frå den kanten» ikkje har rett til å gje uttrykk for eksistensielle verdiar? At andre har anna syn på desse verdiane enn meg respekterer eg. Men eg trivst ikkje med sparringspartnarar som slår under beltestaden.

Når det gjeld seksualliv på munkecella skal eg ikkje tirre fantasiane til Jensen meir enn han sjølv allereie har gjeve uttrykk for. Eg skal samstundes vedgå at eg kunne vore klarare i mi uttrykksform. Eg skreiv: «Munkelivet er ikkje eit liv utan seksualitet». Med det meiner eg ikkje at ordenslivet har ei særskild elevert form for seksualitet. Tvert imot er seksualitet er ein fundamental del av det å vere menneske, munk eller ikkje. Dei to formene for kjærleik som Jensen nemner, agape og eros, er begge del av Guds kjærleik. Dette ser me i den sjølvoppofrande kjærleiken som Kristus viser oss. Ei slik livshaldning speglar seg òg i dei ordensløfta eg har avlagt: sølibat og kyskleik, der ein gjev avkall på den eine for å elske alle. I drøftinga av seksualitet er det legitimt å bruke ordenslivet som døme. Integrert seksualitet krev ikkje sex i praksis. Det krev at ein tek både sex og kjærleik på alvor. På det grunnlaget kan også gleda og leiken få utfalde seg. Jensens innspel får meg til å tenkje på Piet Heins ordtøke: «Den som kun tar spøk for spøk, og alvor kun alvorlig, han og hun har faktisk fattet begge deler dårlig».

Til slutt: Eg vil gjerne høyre korleis Jensen tolkar Triers samfunnskritikk og ironiske kommentar til «vår sexfikserte samtid». Det er jo dette han sjølv spør etter i sitt innlegg. Ordet er fritt.

br. Haavar Simon Nilsen OP.

Advertisements