(Kronikk i Vårt Land 25. november 2013)

pave FransNår pinsevener inviterer ein katolsk pater til å syngje tidebøn på regelmessig basis i Filadelfia, og når ein katolsk kyrkjelyd arrangerer felleskyrkjeleg lovsongskveld, då er det teikn på ei haldningsendring kyrkjesamfunna imellom, og fordjupa vilje til einskap.

.

For ei tid tilbake samtala eg med ein pinseven om den smerta som ligg i at Den katolske kyrkja ikkje har ope nattverdbord. På eit punkt stoppa me opp, og min pinseven spurde, ikkje pragmatisk distansert, men med djupt alvor: «Kven er eg for deg?» Eg svara kontant: «Du er min bror!» Til dette spurte han: «Er dette Den katolske kyrkja si offisielle lære?» Har Den katolske kyrkja makta å lyfte fram einskapen som ligg i botn når me vender oss mot medkristne av andre konfesjonar? Spørsmålet som pinsevenen stilte vitnar om at her trengst det tydligare formidling.

For det fyrste kan vi slå fast at Den katolske kyrkja anerkjenner alle kristne trussamfunn som del av Kristi lekam, der dåpen og trua er fundamentet og vegen inn i openberringa. Vidare hevdar ho at openberringa frå starten av vart gjeven eit innhald (sakramenta) og ein form (liturgien) der Gud formidlar seg sjølv direkte, slik Kristus uttrykkjer det ved nattverdsbordet: Gjer dette til minne om meg. Vidareføringa av dette trusmysteriet er sikra ved apostlanes handspålegging av neste generasjon, ei overlevering som vert til det kyrkja kallar den apostoliske suksesjon, -ein del av tradisjonen.

At kristne av andre konfesjonar ikkje støttar dette synet eller denne praksisen betyr ikkje at Den katolske kyrkja ikkje anerkjenner andre kristne. Dei er like fullt del av Kristi eine lekam, fødd på ny i Kristus ved dåpen og styrka ved den Heilage Ande. Samstundes vil kyrkja sei at dei står lengre frå dei kjeldene som Gud har gjeve til næring for Kristi lekam på jord, så som sakramenta, liturgi og tradisjon.

Det kan kanskje høyrest ut som om Den katolske kyrkja er sjølvforherligande. Men eit kvart kyrkjesamfunn vil vel på ein eller annan måte hevde at det står for den rette læra, anten i form av den katolske modellen (som på mange måtar er inkluderande) eller i form av modellar som tenkjer i termar innanfor/utanfor (noko ein har sett mykje av i etterreformatorisk tid). Ein må og legge til at denne læra sjølvsagt gjeld kyrkja som institusjon, og er ikkje knytt til enkeltpersonar. Mang ein pinseven kunne vore helgenkåra i Den katolske kyrkja om ein såg på deira fromleik og evangelisk kraft.

Når Den katolske kyrkja hevdar at ho står nærast kjeldene til trusopenberringa og på same tid ser alle kristne som del av Kristi lekam, har ho òg eit særlig ansvar for alle kristne truande. Økumenikk handlar djupast sett ikkje om teologiske modellar og forskjellar i lære og organisasjon. Det er einskapen i Kristi lekam det står om, og det er Jesus Kristus sjølv som er råka. Det er Guds Son som lid mest under at hans kyrkjelege lekam på jord er splitta, og det er Den katolske kyrkja som ut frå sin eigen teologi og kyrkjeforståing burde kjenne denne smerta tyngst. Ho kan ikkje avskrive seg sitt ansvar, men må tvert i mot strekke seg lengst i å samle alle kristne til einskap og felles tru.

Paven spelar ei særlig rolle i dette arbeidet, sidan han er kyrkja sitt samlande teikn og øvste leiar. Det kan vere passande å dra ein parallell til kong Håkon, som i si tid vart utfordra av høgresida den gong arbeidarpartiet kom til makta på 1920-talet. Den avtroppande statsministeren rådde kongen til å danne ny regjering frå Bondepartiet, og avstå frå å støtte det revolusjonære Arbeidarpartiet. Men Kongen heldt fast ved dei demokratiske prinsippa, noko han hausta mykje motstand for. Han sto imot presset og svara klårt: «Eg er også kommunistanes konge.»

Det same kan ein sei om paven. Paven er ikkje berre pave for katolikkar, han femner alle truande. Han er der for alle. Paven er også pinsevenene sin pave. Eg forventar ikkje aksept frå pinsevenene for eit slikt utsegn, men det seier noko grunnleggjande om Den katolske kyrkja si inkluderande haldning. Me er alle brør og systrer i Kristus, og samlast i den same Kristi lekam. Her står me alle på lik linje. Alle katolikkar, også her i Noreg, sit med eit særlig ansvar for å formidle dette til våre trusfellar frå andre kyrkjesamfunn. Skal me vere truverdige i ei slik formidling må me òg møtast. Me må snakke saman, og me må be saman.

katolsk røkelse og lovsangsteam

Felleskyrkjeleg lovsangskveld i St Johannes katolske menighet – ein kveld med både lovsong og røykjelse

Og det skjer i aukande grad! Pinsevener syng tidebøner i Bønehuset i nye lokalar i Filadelfia i Oslo. Samstundes inviterer dei ein katolsk prest til å be saman med dei. Då vert den intime salen fylt med song i gregorianske toneartar, -eit utenkjeleg scenario for berre få år sidan, og eit uttrykk for vilje til å utforske bøna slik ho utfaldar seg i sitt mangfald. Me merkar oss samstundes at initiativa ikkje er einsidige. St Johannes katolske kyrkjelyd i Groruddalen arrangerar i desse dagar felleskyrkjeleg lovsongskveld der både pinsevener og lutheranarar tek del. Det er ikkje norsk kvardagskost at eit katolsk kyrkjerom fyllast av slagverk, gitarar og forbøn med handspålegging. Kan hende er det også på tide at biskop Bernt Eidsvig tek del i bøneveka Bønn for Oslo? Kvifor skulle ikkje mitra og lovsongsteam stå side om side?

Desse konkrete tiltaka er uttrykk for at kyrkjesamfunna vågar å opne seg for kvarandre. Gjennom venskap og levd kristen einskap møtest truande på nye område, og på eit plan som talar meir direkte til hjarta. Me kjenner framleis smerta over ikkje å kunne dele Kristi lekam og blod i sakramentet. Likevel vil eg hevde at det ikkje fyrst og fremst er nattverdbordet som trengst å opnast, men hjarta til oss truande. Den kyrkjelege splittinga er resultatet av mange hundre års konflikt som me ofte føler oss meir som offer enn som orsak for. Men som truande har me alltid eit val og ein fridom, der me kan velje einskap trass forskjellane, og brorskap trass konfesjonane. Det er dette me no ser i dei kreative initiativa som er i ferd med å utfalda seg i kristen-Noreg.

Fleire bilete frå den felleskyrkjelege Kongefesten…

HAV_7418 HAV_7417 HAV_7377 HAV_7358 HAV_7355 HAV_7347 HAV_7343 HAV_7339 HAV_7327 HAV_7323 HAV_7314 Kongefest 23 november 2013

Advertisements