Homilie for 30. søndag i det alminnelige kyrkjeår (år C)

I dagens evangelium fortel Jesus oss noko fundamentalt om bøna, og om kva slags bøn Gud gjerne tek i mot frå sine born, frå oss. Men før me vender oss til historia om farisearen og tollaren vil eg fortelje om ei hending eg opplevde for nokre år sidan.

farisearen og tollarenI 2001 var eg til stades under gravferda til Alan Littlewood, som hadde tent som sokneprest i Arendal i nærmare 30 år. Eg hugsar så godt då me sto på kyrkjegarden denne februardagen og høyrde dei siste avskjedsorda. Littlewood hadde skrive i testamentet sitt kva han ville ha lest ved jordfestinga. Det var teksten me høyrde i dag, som Paulus skreiv mot slutten av sitt eige liv: «Eg har stridd den gode striden, fullført løpet og halde fast på trua. No ligg rettferdskransen ferdig for meg» (2. Tim 4, 7-8).

Eg hugsar at eg spontant spurde meg sjølv: Kunne eg ha vald den teksten for mi eiga gravferd? Eg trur i alle fall ikkje eg var mogen for å klare å stå for noko slikt den gongen. Og eg fekk ein djup respekt for denne presten som med desse orda tok farvel med denne verda. For bak desse orda ligg det mange år med bøn. Og det er ikkje kva bøn som helst. Det ligg ei overgjeving i slik bøn, og ei visse om at det er Gud som ber våre liv. Det er som om han sa: Det var ikkje ved mine gjerningar eg vann rettferdskransen, men ved Guds nåde. Dette vert eit vitnesbyrd som ber i seg den same erkjenninga som tollaren.

For kva er det tollaren seier? Han står med blikket vendt mot jorda, og seier stille: «Gud, ver meg syndar nådig!» (Lukas 18, 13) Kvifor går tollaren rettferdig heim ved denne bøna, og ikkje farisearen? Det er fordi tollaren erkjenner at heile hans tilvere byggjer på, og er avhengig av Gud. Han er audmjuk og briskar seg ikkje ved sin styrke, men erkjenner kven han er, -eit avmektig menneske skapt av Gud og til Gud. Og han er dobbelt audmjuk fordi han ikkje vender seg bort frå Gud, men oppsøkjer sin skapar. Han går vegen til tempelet, til møtestaden med Gud. Når eit menneske når ei slik innsikt og gjev uttrykk for det både ovanfor seg sjølv og Gud, då har det òg nådd fram til den sanne tilbedinga. For då forstår mennesket at heile tilveret vert halden oppe av Gud, og at eksistensen avheng fullt og heilt av Guds nådefulle skaparkraft. Det var dette den gamle soknepresten i Arendal hadde erkjent. Dette gode menneske, som var hardt prøvd gjennom sjukdom og ei haltande helse, hadde gjeve livet sitt over i Guds hender i ein slik grad at han ikkje heldt noko tilbake lenger.

Det er denne vegen tollaren me høyrer om er i ferd med å slå inn på. Han er på leit, og i ferd med å opne seg for sanninga om både seg sjølv og Gud. Det er inga lita gjerning. Paul Murray, ein dominikanar og forfattar, seier at det er ikkje alltid enkelt dette. For å våge å opne seg, seier Murray, krevjast det mykje mot, og ein god del desperasjon! Det underlege er at midt i det som kan virke aller vondast, det å stå i situasjonar der ein ikkje ser nokon utveg, der kan Gud gripe inn og skape noko heilt uventa, noko nytt. Gud opnar ei dør for oss i dette sjansespelet. Me er invitera til å kaste oss mot han. Gud utfordrar oss til å ta spranget ut av vårt eige, og late oss bere av trua på nåden. Det er ikkje gjort ein gong for alle, det er eit grunnleggande kristent kall som me alltid ber med oss. Men ved å leve livet i dette spranget, då kan det skje at det openberrar seg nye vegar mot forløysing og fred. Og er ikkje dette fantastisk oppmuntrande? Tollaren går heim, rettferdig for Gud. Farisearen har enno ein lang veg å gå.

Bøna til tollaren har forresten funne sitt ekko i den ortodokse kyrkja, der me møter den velkjende Jesusbøna, som seier: «Jesus Kristus, Guds Son, sjå i nåde til meg, ein syndar».
Å slå seg for hjarta og erkjenne seg sjølv som syndar er ikkje å slå seg sjølv ned. Det er å kaste av seg illusjonen om å vere fullkomen utan Gud. Det er å gå inn i fridomen og den fulle felleskapen med Herren. Så kan me med stort frimod gå ut i dagen, med tollaren si bøn på våre lepper, og med fred i hjarta.

Advertisements