leiarteam for verdsungdomsdagane RIO 2013På fredag og laurdag tek 130 unge katolikkar frå Noreg ut på reise til Verdsungdomsdagane i Brasil. Tre veker skal me vere på reise, halve tida i vertsfamiliar, og halve tida i Rio de Janeiro. Kven hadde vel trudd at me skulle få møte den nye paven for fyrste gong på Copacabana?! I kveld feira leiarane for turen messe, fylgd av briefing og sosial samling på Katarinahjemmet.

Her fylgjer preika for messa som fall på festdagen for den heilage Benedikt av Nursia, grunnleggar av benediktinarordenen og vernehelgen for heile Europa. Det kan vere godt å ha i ryggen når me no skal reise til eit anna kontinent.

Kjære vener.

For nokre veker sidan fekk eg vere med ut til ruinane  ved Lyse kloster kor St Paul skule feira messe. Dom Lukas preika, og han starta med eit retorisk spørsmål til dette å dra ut til Lyse kloster: ”Er me turistar, eller er me pilegrimar?” Då kom det spontant frå ein fyrsteklassing på fyrste rad: ”Pilegrimar!” -Sjå det, så fekk me den på plass.

WYD RIO 2013I morgon samlast katolsk ungdom frå heile Noreg for å delta på Verdsungdomsdagane i Rio de Janeiro, og no i kveld er leiarane for denne turen samla for ein siste briefing før me legg ut på ei 10.500 kilometer lang reise. Det kjem til å bli sosialt, intenst, euforisk som grensar til frenetisk, og (i alle fall for min eigen del) tidvis klaustrofobisk. Men under alt dette vert det ei åndeleg oppleving som vil trenge langt inn i kvar av oss.

Ein kan kanskje tenkje seg at bøn og åndeleg føde vil måtte konkurrere med alle dei andre inntrykka som me vil oppleve. Som om dei  står i eit motsetnadsforhold. Eg trur ikkje det er rette måten å sjå det på. Det er tvert om nett gjennom alle desse mangesidige opplevingane at Gud når inn til oss. Den gåva som Gud ynskjer å gje oss ligg nett der, i møte med andre kulturar, andre skikkar (både i og utanfor kyrkja), i møte med alle menneska me skal treffe, og i møte med oss sjølve under vegs. Kvifor er det slik? Jau, fordi me er pilegrimar. Og kva kjenneteiknar pilegrimen? At han og ho ber bøna med seg i det han og ho lever og opplever.

Alt som me skal dele i dei komande tre vekene vil stå i ei ramme av bøn, bøn i fellesskap. Det er dette fortetta kristenlivet me no kastar oss inn i. For nett slik som alt i våre dagligdagse liv tolkast i ljos av trua, slik vandrar pilegrimen styrka av og overgitt til bøna. Eit gamalt keltisk ordtøke seier: Kva slags pilegrim vil vel leggje ut på vandring utan å allereie ha Kristus med seg på vegen? Ja, det er nett bøna som er pilegrimen si store styrke og det faste festet.

Då passar det i grunn særs godt at me i dag feirar den heilage Benedikt, grunnleggar av Benediktinarordenen, patriark for vestens munkevesen og Europas vernehelgen. Han var ein mann av bøn, og søkte einskapen med Jesus nettopp i den stille bøna. Han vart og åndelig rådgjevar, og leia sine brør, sine medkristne, til å overgje seg endå meir til Gud.

Den gruppa som er samla her i dag er alle leiarar. Det vil sei at me alle har ansvar for å hjelpe og rettleie ungdomane undervegs på denne turen. Kan hende vil ein kunne føle seg litt avmektig, og kanskje ikkje vite så godt korleis me kan hjelpe. Då vil eg peike på to ting: Nei, eg tenkjer ikkje på turregelen til kaptein Pedro: ”Alle skal ha det gøy, alle skal overleve.” –Sjølv om det er to gode poeng!

Me har ei viktig og dobbel oppgåve i å vere vegleiarar ved vårt eksempel. For det fyrste gjeld det på det sosiale plan, ved å skape samhald, og sjå til dei som står i fare for å hamne på utsida, hugs: ”Alle skal ha det gøy!”

Og sist men ikkje minst: Me kan vere ei draghjelp når det kjem til dette å be. Å halde fokus på den åndelege forankringa er noko me alle kan gjere, og som er ei viktig oppgåve. Gjennom våre eigne handlingar viser me kvar fokuset ligg, og kva som er viktig for oss undervegs. Må Gud signe oss som reiser, og må me alle be for kvarandre, både me som reiser og dei som blir att her heime.

Og lat oss endeleg til sist ta med oss spørsmålet til Dom Lukas: Er me turistar, eller er me pilegrimar? Svaret og sanninga fell frå ein barnemunn – me er pilegrimar!

Advertisements