Hedalen Stavkyrkje 1

Alle foto om ikkje anna er merka: p. Haavar Simon Nilsen OP ©

St Hans-dagen tok ein liten venegjeng ut på ekspedisjon til dalstroka innafor, nærare bestemt til Hedalen. Der finn ein nemleg Hedalen stavkyrkje som er frå om lag 1163. Ho er dermed ei av landets eldste. I denne avsides dalen i Valdres ligg kyrkja fritt og vakkert på ei høgd i dalsida. Med eit par timars køyring frå Oslo er ho innanfor rekkevidde for mange på austlandsområdet, -det er verdt turen.

Hedalen stavkyrkje 2

I portalen på kyrkja er det utskoren to dragar som dannar hovudmotivet og som omrammar heile kyrkjedøra. Desse skulle skræme vonde makter frå å trengje inn i heilagdomen. Men sjølv om døra vart vokta kunne dei minste demonane snike seg inn nykelholet. Difor vart også dette omramma av små beist som held det vonde på avstand…

Hedalen stavkyrkje nykelhol

wikipedia hedalen kirkemodell

Foto: Wikipedia

Av dei kjeldene ein har tilgjengeleg finn ein ikkje kven kyrkja er vigsla til, men madonnaen som har stått sentralt plassert i den eldste delen av kyrkja heilt tilbake frå tidlig 1200-talet kan tyde på at ho er vigsla til Maria. Over kyrkja sto ein kyrkjemodell, og begge stod i altarskåpet der krusifikset står no. Dette kunne lukkast att, noko ein trulig gjorde i advents- og fastetid.

Maria-skulpturen er frå midten av 1200-talet, og er reikna som eit av dei finaste kunstverk frå norsk middelalder. Frå 80-talet til utpå 2000-talet sto det ein kopi av Maria i kyrkja. Denne var dekt med gull, og fekk såleis eit svulstig, prangande uttrykk. Folk i Hedalen kalla henne berre «byfrua»! Men i 2006 fekk Hedalen stavkyrkje sin eigen Maria attende, og dermed kviler det atter ein heilag ro over kyrkjeromet. Det som endå vantar er å få tilbakeført både Maria og kyrkjemodellen som stod over ho, attende til altarskåpet, og få fram dei gamle bileta som skildrar livshistoria til Maria. I dag er dette dekt med rosemåling, noko som blei gjort etter reformasjonen slik at ikkje danskekongen skulle reise med denne kyrkjeskatten.

Hedalen madonna

Kristus-figuren, òg frå 1200-talet, er vakker i sitt uttrykk. Andletet lyser av fred og omsut for sjelene i vår verd, medan smerten kan lesast i utforminga av føtene som strekkjer seg i smerte.

Hedalen krusifiks

Hedalen krusifiks detalj

wikipedia hedalen reklikvieskrin

Foto: Wikipedia

Kyrkja har også eit av dei einaste to originale relikvieskrina som er att i Noreg, laga av tre og kledd med kopar. Her finn me motiv av Kristus med jomfru Maria og Johannes, St Peter og Jakob, heilage Olav, og der er også motiv av Thomas Becket som vart drepen av den engelske kongen Henrik II i 1170. Dette drapet skjedde inne i Canteburykatedralen, og vakte sterke reaksjonar i heile Europa, og han vart kanonisert av paven allereie i 1173.

Den originale båra for relikvieskrinet som blei brukt for prosesjonar rundt kyrkja er take vare på, og står ved inngangen til koret. Kan hende kan denne skikken takast opp att i vår tid. Men då må det sjølvsagt òg innehalde ein relikvie, ettersom skrinet i dag er tomt.

Det er verdt turen å sjå dette smykket av ei stavkyrkje med sine uvurderlige skattar. Ein kan få guida turar av venlege kyrkjeguidar, og høyre underlige sagn om bjørneskinnet og flintstålet… Og er ein heldig vankar det vaflar og kaffe òg.

Til sist skal det nemnast at det skal feirast katolsk messe i Hedalen stavkyrkje sundag 28. juli kl 17.00 Å feire katolsk messe i denne middelalder-stavkyrkja  er ei flott oppleving både for katolikkar og kristne av andre konfesjonar. Eg hadde sjølv gjerne vore der, hadde det ikkje vore for at eg då befinn meg 10432 kilometer unna…

Hedalen prestestoga

Hedalen stavkyrkje 3

Advertisements