vigelandsparken skulpturLesninger for 13. søndag i alm. kirkeår

Kjære brødre og søstre. Til fridom har Kristus frigjort oss! Dette held Paulus fram for galatarane, og han held det fram for oss i dag. Me har fått del i eit kall, ein veg å gå, ein Åndens veg. Ein veg å . Den kristne trua handlar ikkje fyrst og fremst om vår evne til å resonnere, reflektere, til å observere og trekke slutningar. Det er naudsynt, og me ville ikkje kunne utrette stort utan vår fornuft. Men det er likevel ikkje det fremste. Det som kjem fyrst er vår evne til å handle, og til å handle i kjærleik. Me er kalla til å sjå framover, i fridom og med omsorg for dei rundt oss. Dette er Evangeliets kjerne.

Men å sleppe Evangeliet inn i sitt eige indre er slett ikkje så enkelt. Den radikale omvendiga som Jesus etterspør er dobbelt vanskeleg.

På den eine sida er me kalla til fridomen som ligg i å gje Gud styringa. Me skal bruke våre rasjonelle evner og gjere så kloke val me kan, men samstundes veit me at under all vår kløkt og vilje virkar Guds vilje som òg er vår eigentlige vilje. Me menneske slit med å ta imot dette. Me strevar med å gje slipp. Me vil behalde kontrollen. Ein fransk forfattar, Charles Peguy, skriv om dette, og om korleis Gud opplever mennesket:

”Dere gir meg gjerne store ofre bare dere selv får velge dem.
Dere vil heller gi meg store gaver,
bare ikke dem jeg ønsker meg,
enn å gi meg de små jeg gjerne ville hatt.
Slik er dere, jeg kjenner dere.
Dere vil gjøre alt for meg, untatt den lille hengivelsen
Som for meg er alt.”     Charles Peguy, De uskyldige barns mysterium

Men om me no vågar å gje oss over, på ufullkomment vis som det så ofte vert med oss menneske, om me tør å gje slipp, då kjem der snart ei anna utfordring. For den kristne vegen fylgjer Kristus. Og Kristus viser oss kva sjølvoppofrande kjærleik kan tyde. I dagens evangelium er Jesus på veg til Jerusalem. For siste gong. Han veit kva som ventar han, han har allereie fortalt det til apostlane: ”Menneskesonen skal gjevast over i hendene på menneske” (Luk. 9, 44b). Kvar time, kvart fottrinn i den retninga må vere ein kamp. Dette er noko me kan kjenne att i eigne liv. Når me er tvungne til å gjere noko me ikkje vil, noko me gruar oss for. Då vert alt så tungt, sjølv kroppen vert sjuk.

Kristus står midt i dette. Likevel seier han: ”Ingen som har lagt handa på plogen og så ser seg tilbake, er skikka for Guds rike”. Kristus veit at sjølvoppofrande kjærleik har sin pris. Han veit kor lett det kan vere å late seg freiste til å bøye av. Jesus kjenner dette til fulle der han er på veg til rettarstaden. Men det er samstundes den audmjuke kjærleikens veg, det er vegen til sann fridom.

Når Gud har kasta kallets kappe om oss, som Elija gjer med Elisja, då har me også fått eit livsprogram, ei ny retning. Tar me imot dette? Vil me gå den vegen Gud gjev oss? Tar me imot den forpliktande fridomen? For fridomen forpliktar. Menneske vert berre fritt når det gjer det som er vårt fremste kall: Å elske Gud og vår neste. Dette er gjerninga som står over alt anna. Fridom er den audmjuke kjærleiken, der me tener kvarandre (Gal 5,13). Den audmjuke kjærleiken som ber over med andre. Som ber over med oss sjølve. Og som tør å stole aldri så lite på Guds nåde.

Advertisements