Kommentar side 2 i Dag og Tid, fredag 21. juni 2013

regnbueflagget

Frå 21. til 30. juni arrangerar Pride house Skeive dagar, der det blant anna blir debatt om forholdet mellom homofile og møte med religion. Den katolske kyrkja er av dei trussamfunn som kritiserast sterkast for å vere homo-fiendtlig og livsfornektande. Det er ei framstilling som korkje Kyrkja elle homofile kristne nødvendigvis kjenner seg att i.

Kyrkja har eit livsbejaande syn på mennesket sin seksualitet. Ho er ei positiv kraft i mennesket, levande og verksam anten ein lever ut seksualiteten sin eller ikkje. Dette har vore kjent i Kyrkja heilt sidan Kristus etablera den fyrste disippelskaren.

Men seksualiteten har òg tydelege avgrensingar, der seksuelt samliv er knytt til truskap, venskap og ein grad av måtehald. Sex er ikkje noko ein forsyner seg av som om ein skulle ete soft-ice i sommarvarmen. Det er ei heilag og sårbar gåve som to menneske gjev til kvarandre.

Menneskeleg heilskap

Det som kjem til uttrykk ved Skeive dagar og homoparadar er derimot eit voldsomt trykk på å leve ut seksualiteten sin, nær sagt kvar som helst og på kva måte som helst. Er fri sex den store kampsaka for Pride? Det skarpe skiljet mellom sex og kjensleliv vitnar om ei kynisk tilnærming til det som ligg djupast i mennesket, nemleg den sårbare lengsla etter å høyre til og å vere elska. Skeive dagar og LHBT-røyrsla synest å trenge ein meir nøktern tilnærming til seksualliv og -praksis, der den menneskelege heilskapen vert lyft fram.

Men kva så med dei homofile og deira plass i Kyrkja? Den katolske katekisma lærer at me skal syna særlig omsorg andsynes dei homofile. Men ikkje på ein påteken, kunstig måte: Me må ta inn over oss smerta som ligg i det å ikkje kunne leve ut kjærleiken mellom to menneske som elskar kvarandre. Dei har aldri vald si legning, men må, om dei vil halde seg til Kyrkja si lære og praksis, avstå frå eit leve ut den seksuelle sida av kjærleiken. Katolsk seksualmoral fordrar dessutan at alle som ikkje har inngått ekteskap mellom mann og kvinne, lever seksuelt avhaldande.

Stereotype svar

Dette er smertefullt å leve med, og eg skjønar at truande homofile ikkje alltid maktar å bli verande i Kyrkja av den grunn. Det er ofte ein lang prosess å forsone seg og si tru med desse spenningane. Kristne homofile vil kunne føle at dei ber i seg eit avvik, noko som hverken Gud eller Kyrkja aksepterar. Korleis skal ein då finne rom til å akseptere seg sjølv?

Svaret på desse brytningane er ikkje blind seksualliberalisme. Den eksalterte happy-homo-profileringa er illusorisk og serverar stereotype svar på komplekse, eksistensielle spørsmål. Normløyse synest å vere den nye norma. Det vert for lettvinte løysingar rundt så alvorlege tema som legning og identitet. Eg saknar ei intern drøfting i Pride-miljøet som tek opp spørsmål rundt den sårbare og forpliktande kjærleiken, fristilt frå tru eller ikkje-tru.

I vårt samfunn har moralske normer lenge vore på vikande front. Når det kjem til spørsmål rundt seksualitet har liberalideologien vore normativ, og organisasjonar som kjempar for rettane til homofile slit med å tolerere etikk som bryt med dei liberale normene.

Offer i trua

Det legg stein til byrden for dei som ynskjer å velje annleis, anten det er tale om kristne homofile eller andre som av indre overtyding ikkje ynskjer å leve ut si legning. Som kristen homofil fordrar trua (som spring ut av eins eige indre, og som ein fritt forpliktar seg på) krevjande offer. Samstundes er presset stort frå dei som kjempar for homofile sine rettighetar. Det er beintøft og krev mykje mot å stå fast i dette doble trøkket. Kven kjempar for dei homofile som søkjer mot eit integrert liv der seksualitet, kyskleik og tru finn saman?

Det skal til slutt seiast at kristne homofile som regel er vel integerte i dei mange kyrkjelydane i vår kyrkje. Det er kanskje på tide at Pride og likesinna organisasjonar legg bort snever kristendomskritikk som hevdar at all religion og tru som òg omfattar seksualiteten er overformynderisk og diskriminerande.

Advertisements