image

image 2

Det er stille ved Lyse kloster utanfor Bergen. Sola varmer i vestlandsk lukke. Plutseleg kjem eit fylgje på 300 skuleelevar ut av skogbrynet. Prosesjonen kryssar jordet, og klassevis, frå dei minste til dei eldste, troppar heile St Paul skule opp for å feire messe i klosterruinane denne tindrande forsommardagen. Turen har ikkje vore utan dramatikk, får me vite: «Me tråkka i ein diiiger kubæsj!» ropar fyrsteklassingane. «-og han (ein peikar på ein medelev) spiste litt av han òg!» Det noko grenseoverskridande utsegnet får ein og annan lærar til å dra på smilebandet. Sjølv ler eg høgt.

image 3

Det er berre eit par gonger i året at heile skulen er samla til felles messe. Difor er det ekstra flott når veret viser seg frå si beste side. Det synst eg forresten elevane gjer òg. Dei syng med på opningssalma, Adoremus te, Iesu Christe, alleluia, alleluia, og når presten, Dom Lukas, held preken, sit dei alle og lyder. Dom Lukas spør retorisk: «Er me turistar, eller er me pilgrimar?» «Pilgrimar!» kjem det kontant frå ein liten barnestemme på fremste rad.

image 4

Det kviler fred over Lyse kloster, og sjølv om det er lenge sidan cistersiencarane bad i koret her, stig i dag atter bønene opp som eit signa lovoffer til Herren…

image 5

Himmeldronning, du vår søster, alles hjelper i liv og død.
Hør oss, fagreste englesøster, når vi roper til deg i nød.
Vær barmhjertig, vis oss nåde, la de gode krefter råde.
Hør, vi ber deg, Jesu mor, la lyset skinne på vår jord.

Advertisements