Arnfinn A Haram

Måndag 10. juni 2012 døydde vår medbror Arnfinn Andreas Haram i liane ovanfor Tyrifjorden. Han vart liggande i den graskledte vegkanten, i det solfylde forsommarveret, og nett slik var det kan hende meininga at det skulle vere. Han som elska naturen så høgt, han fann si siste kvile blant blomar og gras, blant lyng og tre, med fuglesongen som den siste utgangshymne. No kviler Arnfinn i Guds famn, og me kviler i trua på at han lever for Guds trone.

På eitårsdagen for Arnfinn sin dødsdag arrangerte Sindre Bostad og underteikna ei minnevandring frå Damtjern opp til staden der Arnfinn døydde. Dei 2,5 kilometrane opp dit vart fylde med salmesong og rosenkransbøn, og vel framme hadde me ei kort sakramentstilbeding før vesper og endeleg Dei Profundis, salme 130 som me ber for dei avdøde. Det vart ei verdig og fredfull vandring for og med Arnfinn.

For i Kristus er me alle eitt, og det er denne einskapen som gjer det mogleg å be for kvarandre på tross av dauden som skil oss. Kan hende er minnevandring misvisande i så måte. Ei god venninne av meg framheva dette, at å minnast kan oppfattast på forskjellige måtar: enten noko som rører ved fortid, som eit minne, noko ein kanskje ofte vil tenkje i ein kultur prega av vår luthersk trusarv. Men minne i katolsk tradisjon handlar om nærver mykje meir enn berre fortid. Me vert minna på at me ikkje er bunde av dødens band, men lever i eit fellesskap gjeven oss ved Kristi offer og Guds nåde. Dette får konkret uttrykk når me ber for kvarandre på tross av daudens grense.

Med trua på livet i Kristus la me difor ut på ei vandring der me ba for Arnfinn, men der me også delte bøna med Arnfinn som sjølv var ein mann med bøna som sjølve senterpunktet i livet. Bileta her under viser glimt frå ein vakker kveldstime, signa med sol, signing og fred.

Like før avgang. Foto: Helge Erik Solberg

Like før avgang. Foto: Helge Erik Solberg

Prosesjon med salmesang og rosenkrans-bøn. Prosesjonskrossen låg att i klosteret, men i beste Arnfinn-stil fekk me spikka ein kross av ei rognebuske, og det passa godt der ute i skogen. Foto: bror Haavar S.

Prosesjon med salmesang og rosenkrans-bøn. Prosesjonskrossen låg att i klosteret, men i beste Arnfinn-stil fekk me spikka ein kross av ei rognebuske, og det passa godt der ute i skogen.
Foto: bror Haavar Simon.

Framme ved staden. Foto: Øyvind Østang

Framme ved staden. Foto: Øyvind Østang

Foto: bror Haavar Simon.

Foto: bror Haavar Simon.

Sakramentstilbedinga vart ei vakker stund, der stilla senka seg mellom oss, samstundes som fuglane song så vakkert i skogen. Medan me tilba Kristus i sakramentet sto det med eit så klårt fram korleis Kristus er bindeleddet mellom oss alle, anten me lever eller døyr. Me knela alle på eine sida av sakramentet, medan Arnfinn på bilete såg i mot oss, smilande og fri. Det vart eit sterkt bilete på den sanninga me bekjenner oss til som truande, og ei signing i denne kveldstimen.

Bilete av Arnfinn ved minnekrossen. Foto: Øyvind Østang

Sakramentstilbeding. Foto: Henriette Teige

Sakramentstilbeding. Foto: Henriette Teige

Sakramental velsigning. Foto: Henriette Teige

Sakramental velsigning. Foto: Henriette Teige

Før me ba Dei Profundis las me eit utdrag frå siste del av p. Arnfinn si siste preike, der han nemner sin eigen dødsdag og si bøn om forbøn:

Brør og systre!

I eit samfunn der Gud er blitt mindre enn menneske, har vi vanskeleg for forstå at det trengs noko offer, at vi kan vere skyldige, ja, skyldige til døden, at nokon skulle måtte gå i døden og ofre seg for oss. Å argumentere for det i dag, er som å så på asfalt. Eg vil berre seie for min eigen del: Ein dag – ein dag som kan vere når som helst, men som i alle fall rykkjer nærare for kvar dag som går – skal eg stå for min Skapar. Eg veit eg vil trenge alt som kan gjerast for eg skal finne nåde og kunne stå oppreist då. Alle helgnars forbøn og forteneste og aller mest det Kristus har gjort då han gav seg sjøl for oss, for meg. Då treng eg å stole på «det blodet som ropar sterkare enn Abels blod»: Kristi blod, som ropar om kjærleik, nåde og oppgjer. Som seier: Det er fullført, det er plass for alle.

Det er dette vi feirar i dag på festen for Kristi lekam og blod – og kvar gong vi feirar messa. Det er dette eg lever på som eit kristent menneske, det er dette eg er kalla til som prest, som skrive står:

«Frelsens kalk vil jeg løfte og påkalle Herrens navn!»

 

Salme 130

Fra dypet kaller jeg på deg, Herre,
Herre, hør min røst.

Gjør ditt øre lydhørt
for mitt tryglende rop.

Om du gjemmer på misgjerninger, Herre,
Herre, hvem kan da bli stående?

Men hos deg er tilgivelsen,
så vi med ærefrykt skal tjene deg.

Jeg setter min lit til Herren,
min sjel håper på hans ord.

Min sjel lenges etter Herren,
mer enn vekteren etter morgenrøden.

Mer enn vekteren etter morgenrøden,
lenges Israel etter Herren.

For hos Herren er barmhjertighet,
og hos ham er forløsningens fylde.

Og han skal forløse Israel
fra all dens syndeskyld.

Ære være Faderen og Sønnen
og den hellige Ånd.

Som det var i opphavet, så nå og alltid
og  i all evighet. Amen.

P: Herre, gi dem den evige hvile
A: Og la det evige lys skinne for dem.

 

Bønn

Gud, alle troendes skaper og frelser: Gi vår bror, din tjener Arnfinn, og alle dine tjenere forlatelse for alle deres synder, så de må oppnå den evige tilgivelse de alltid håpet på, ved vår oppriktige bønn, du som lever og råder i all evighet.

Amen

***************************

Slik enda me minnevandringa for Arnfinn, og det la seg ein fred over staden og over alle dei over femti deltagarane som var til stades. Me er takksame for stunda me fekk ha saman, og for bøna me fekk dele både for og med Arnfinn.

Kvelden var sjølvsagt avslutta me kaffe og kaker, før alle drog heim til sitt og sine.

Kyrkjekaffe, her med fr. Gerard-Marie Ketterer OP 🙂
Foto: bror Haavar Simon

Foto: bror Haavar Simon

Foto: bror Haavar Simon

Advertisements