Brødre og systre. Å vere kristen er å bli eit med Guds Son. Det er å gå gjennom døden til livet saman med Kristus i dåpen og ved trua. Slik, seier Kyrkja, vert me Guds born, me alle fær barnekår fordi me vert eitt med Jesus. Slik har Gud villa dra oss alle heilt inn til seg, så tett, og så nært til seg at me vert eit med Gud sjølv. Det er jo ei heilt fantastisk gåve! Tenk det, at Gud, vår skapar, universets herskar, han kan ikkje få nok av oss? Han vil ha oss heilt inn til seg, ja, like inn i himmelen?! Opp på fanget, heit nært, i tillit og kjærleik! Det er ikkje for ingenting at Kyrkja syng ”Halleluja” i både tide og utide…

Og så langt kan me til ein viss grad forstå. Men om me no spør oss om kven Gud er, då kan me kjenne ei undring. Me forstår vel godt at Kristus er verdas Frelsar. Det var Han som gav sitt liv, i kjærleik til både Faderen og til oss skrøpelege menneske. Og me veit vel at den heilage Ande kviskrar og syng i våre hjarto, slik at me ved Guds nåde vender oss til Faderen, til Gud som er opphav til alt som finst, og som er vårt endelege mål. Men kven er Gud? Kven er Gud når ein ser desse tre saman?

ANDREJ~1Før heitte det ikkje den treeinige Gud. Det vart kalla den trefoldige Gud. Og det som står som eit mysterium for oss, det er at begge delar er sant. Gud er den eine, -Gud er Gud. Men han er òg trefoldig, han er ikkje berre ein men tre! Den eine Gud er nemleg ein levande Gud, det er ein Gud, men samstundes tre personar som lever i samfunn med seg sjølv. Det er dette som gjer Gud så spanande: Gud, han som er kjærleik, er så rik i seg sjølv at han ikkje kan gripast berre ved å snakke om ein person. Når Gud vil vise kven han er viser han seg i tre forskjellige personar – som Fader, Son og den heilage Ande. Desse tre lever i eit gjensidig forhold, og dei dannar til saman eit bilete både på kven Gud er, og på kva me menneske er kalla til å leve.

Slik som Gud lever med seg sjølv i tillit og kjærleik, slik er òg me kalla til å leve saman, med omsorg for kvarandre, og med respekt for dei rundt oss. Men ikkje berre med kvarandre. Gud kallar oss inn i sin eigen fellesskap. Han kallar oss til samfunn med seg sjølv. Ja, her ligg sjølve skapningens mål og meining. Me menneske finn vår fulle lukke og fred når vår sjel finn inn til samfunn med den Gud som er både treeinig og trefoldig. Me er kalla inn til eit heilagt familieliv med Gud. Og nett i familielivet er det me lever våre liv her og no. Me er den kristne familie, der me er kalla til å leve ut oss sjølve, der me er kalla til å gje av oss sjølve. I den trefoldige Gud kan me sjå korleis me kan gje av oss sjølve, til fellesskapen både med Gud og kvarandre. Det er i Gud og i felleskapen at meg òg finn oss sjølve slik me er skapte.

Advertisements