Kommentar side 2 i Dag og Tid, torsdag 16, mai 2013

Kvifor skal heile det norske folk ha fri på kristne heilagdagar? Er det ikkje på tide å vere konsekvent og avslutte dette særkristne privilegiet?

Me er i desse dagar i tida mellom to heilagdagar som fell på vekedagar. Då stoppar Noreg AS og tek seg eit par etterlengta langhelgar på rad. Men tida er for lengst forbi då bonden og arbeidaren kledte seg i findressen og tok til kyrkje på Kristi himmelfartsdag eller andre pinsedag. Mange veit knapt kva desse dagane handlar om. Bror min plar seie at jol er for alle, påske er for mange, men pinse er berre for spesiellt interesserte! Som spesielt interessert synest eg det verkar underleg at heile landet stoppar opp fordi det ringer i nokre kyrkjeklokker her og der. For kva har Kristi opptaking til himmelen eller Den Heilage Andes kome til si Kyrkje å gjere med vårt sekulære samfunn? Fint lite! Det er lenge mellom kvar gong trolla brølar i norske skogar at det luktar kristenmannsblod. Dei har for lengst vorte forvirra av alle dei andre odørane som fyller vårt multireligiøse og livssynspluralistiske samfunn.

Heilage fridagar
Avstanden mellom kyrkja og samfunnet elles speglar seg òg i vokabularet: ordet helg er knytt til ordet heilag, men folk flest seier «fridag». Så feil kan ein ta. Det er ingen fridag, det er heilagdag, ein heilag dag, ein dag vigsla til bøn, tilbeding og lovprisning. I så måte er dette krevjande arbeidsdagar for den truande Kyrkje, dagar som krev eit særskild fokus på djupna i den kristne trua vår. Mens kristenskaren er kalla til kyrkjeleg fellesskap i våre Gudshus desse dagane, stryk brorparten av folket til fjells eller skogs, eller tek seg ein snartur til Paris eller Roma. Det er jo litt pussig korleis ateistar og humanister snyltar på den kristne kulten?
Men når ein byrjar å rokke ved spørsmål om dei såkalla fridagane kjem gjerne LO farande og skal kjempe for rettane til arbeidarane. Greit nok. Men må det på død og liv (!) knyttast til kristne høgtidsdagar? Ein har jo allereie Gro-dagen. Ein kan gjerne innføre «Jens-dagen» eller «Borten Moe-dagen» for min del. Det ville vere meir i samsvar med livssynet som pregar samfunnsmajoriteten i vår tid.

Misbrukt kulturomgrep
Men, får me høyre, dette handlar om kulturarv og tradisjon. For noko sprøyt! Det finst vel ikkje eit ord som har vorte så misbrukt som ordet «kultur» (om ein ser bort frå enkelte Gudsord då). I vår tid har ein tilrana seg eit slags eigarforhold til kulturomgrepet, som om det er noko ein kan rå over etter eigen vilje. Kan hende er det ei frukt av kapitalismen, som ser seg som eigar i mangt og mykje. Men kultur er ikkje noko ein eig, det er noko som spring ut av levd liv! Kultur formar seg etter dei skikkane som folket fylgjer. Eller uskikk om ein vil. Skal heilagdagane framleis har legitimitet får folk byrje å gå til kyrkje. Hvis ikkje kan ein like gjerne legge fridagane til høgdepunkta i UEFA-cupen (i dag Europaligaen).

Sjølvsagt nyt den kristne Kyrkja godt av ordningar frå tidlegare tider, og for den delen av folket som framleis trur er heilagdagane både æra og verdsatt. Men tru aldri at kristendomen er avhengig av slike ordningar for å overleva. Hugs at Kyrkja er fødd ut av eit fordekt katakombeliv over fleire hundre år!

Advertisements