Preken 17. mai 2013 i St Dominikus

Festus får storbesøk av kong Agrippa og Berenike, og etter nokre dagar legg guvernøren i Judea fram saka om Paulus. Paulus har tidligare vore stilt fram for Festus for dom, men då guvernøren vil føre saka i Jerusalem vel Paulus å anke saka like inn til Keisaren, Augustus. Men Agrippa er nysgjerrig på kva Paulus har å seie, og Paulus vitnar frimodig om si omvending på vegen til Damaskus. Han talar så klårt og med slik ei kraft at Agrippa utbryt: ”Det er like før du overtalar meg til å verte ein kristen!” (Apg. 26.28) Og Paulus svarar: ” Like før eller lenge att, det er mitt ønske til Gud at både du og alle som høyrer meg i dag, må bli som eg, men utan desse lenkjene.” (Apg. 26.29)

Paulus kjenner lengselen etter at alle menneske må kome til tru på Guds Son. Og nett her ligg nykelen til Paulus sin fridom og mot. Han veit nemleg at han står under ein autoritet som er så mykje større, så mykje meir kraftfull og så mykje visare enn dei verdslege maktene, anten me snakkar om Festus, Agrippa eller keisar Augustus. Paulus har det himmelske fedreland som horisont. Vel er han borgar av romarriket, og rettssaka vert då også førd for romersk domstol. Men han er òg borgar av himmelriket, om enn han lever i eit jordisk ”eksil”.

Dette kan det vere fint å halde fram, nettopp på denne dagen då me feirar vårt sjølvstende og fridom. Me er eit særs privilegert land, og me nyt godt av landets sterke økonomi. Vårt demokratiske styre og vår sosialpolitikk hegnar om dei som elles ville ende i avgrunnsdjup naud. Me kan vere takksame for alt dette og meir til. Men midt i all velferd vil me som kristne sjå dette i ljos av det landet som alt peikar fram mot. Me står med blikket retta mot verdas frelsar og forløysar, den evige livs konge. Og hjå hans rike nyttar det ikkje å sei at velferdsstaten tek seg av heile butikken. Den kongen som rår i det evige riket ser til hjarta, og til korleis me går fram i denne verda. Me er nemleg kalla til å stemne fram i dette liv med det evige liv for auge. Og det ikkje berre for oss sjølve eller for vårt eige trusvelvære si skuld, men for alle menneske.

Så lat oss difor gå ut i denne dagen med takksemd for dei gåver me er gjevne i dette landet, men lat oss samstundes også hugse å vitne om den gåva som Gud sjølv ynskjer å dele med alle menneske; Ein Kristus som lever, både for Guds trone og midt i blant oss.

Advertisements