(Side 2-kommentar i Dag og Tid fredag 26.04-13)

Verdigrunnlaget for 1.mai-parolane er svekt. No må slaget stå der det trengst: ved våre eigne haldningar.

1maj i Stockholm, medborgare 2006 (Kilde Wikipedia)Sidan midt på 70-talet har eg gått i 1. mai-tog. Kvar gong har eg undra meg over denne dagen som med sine paradar og parolar snakkar om solidaritet og kamp for rettferd. Kvart år har eg famla etter å sjå samanheng mellom røyndom og slagord, og eg har spurd meg sjølv: Kvar er det slaget står?

Tome parolar
I år er hovudparolen ”Samarbeid for arbeid”. Det høyrest ut som ei skisse til tverrfagleg samarbeid mellom kommunale etatar. Slik må det vel bli når dei store slaga er vunne, som til dømes ”Heile folket i arbeid” som var 1. mai-parolen i 1933. No importerar me arbeidskraft på spreng, og har ei arbeidsløyse på 3 prosent, som er lågast i Europa. Dette inkluderar òg navarar.

Elles i årets parolelister finn me dei tradisjonelle kampsakene, så som ja til likeløn og nei til velferdskutt. Greitt nok. Men sjølve omgrepet ”kampsak” kling påteke og kunstig. Me har det for godt til at dette vert truverdig.

Spør me unge i dag om kva 1. mai handlar om står svaret ope. Sist gong eg høyrde Internasjonalen var i form av ein kunstinstallasjon på haustutstillinga ein gong utpå nittitalet. Det er lenge sidan bestefar min sat som formann (mens det enno heitte formann) i fagforeininga Land og Skog, og drøfta arbeidarrett heime i stova medan mor mi sat og smuglytta til kva karane rødde om. Det er lenge sidan borna song: ”Kom, brødre, la oss alle stå hånd i hånd fra pol til pol. / Høyt skal vårt feltrop gjalle; Gi alle brød, gi alle sol!” No ofrar ein heller nokre avspaseringsdagar og tek ein hopp-på-tur til Madeira om det er varmt ver og billig vin ein saknar.

Realitetsorientering
Sjølvsagt er 1. mai ein verdiladd dag, ein dag som har røter langt tilbake i historia. Den historia skal ein ikkje kimse av. Men når det sklir over i nostalgi svinn òg meininga og relevansen. Det finst ikkje lenger kamm’rater i vår tid. Ikkje i det verkelege livet. Det er på høg tid å realitetsorientere seg og utrykkje seg deretter. Eg saknar eit språk som svarar til vår tids utfordringar. Me må slutte å late som om me lever i eit samfunn tungt prega av urett mot arbeidarklassa. Kvar er arbeidarklassa? Eg er sjølv utdanna tømrar. I følgje Karrierestart.no ligg gjennomsnittsløna for denne yrkesgruppa på oppunder 400.000 kroner i året. Men midt i vår velstand, der lukka burde velte inn over oss, har me i staden utvikla ei haldning der me aldri vert heilt nøgd. Nær halvparten av lønsmotakaraane i landet meiner dei tener for lite. For lite i høve til kva?

Dei tener i alle fall høveleg bra om ein samanliknar med austeuropearar som bur i konteinarar og arbeider for 50 kroner timen, utan helse- og trygdeordningar. Av ytre trugsmål er det i dag sosial dumping som er den store kampen. Her finn me utfordringar som me i Noreg må mange tiår tilbake for å kjenne att. Men kjem dette temaet opp seiest det så lett at dei har sjølve har valt å kome hit. Så må dei òg klare seg sjølve. Så mykje for å stå hand i hand frå pol til pol. Så mykje for Internasjonalen. Med stinn lommebok vert me òg skremmande fort stinne på oss sjølv!

Indre trugsel
Sanninga er at grunnverdiane for 1. mai-feiringa er like mykje truga innanfrå som utanfrå. Med auka velstand har det vekse fram ein egosentrisk sytekultur der me i staden for å ta ansvar legg skulda på nær sagt alle andre. Det er eit fattigsleg og farleg trekk som burde konfronterast. For ingenting er vel meir skadeleg for ein sunn arbeidskultur enn når individet vert uansvarleggjort. Endå verre er det når det når arbeidaren vel det sjølv. Det vert ikkje fridom av slikt. Ikkje lukke heller.

For å kome dette til livs må ein fyrst stille rett diagnose på vår tids utfordringar, og fronte dei sanne patologiske trekka som pregar vår tid. Ein må sjå inn i og ta på alvor dei verdiane som arbeidarrørsla er grunna på, og spørje seg kva samfunn me vil ha. Kva land vil me være stolte av?

Så lyft fanane! Lat oss gå til kamp og kjempe mot oss sjølve så knokane blør!

Advertisements