(Innlegg på trykk i Dag og Tid fredag 12. april)

Når Det Norske Teater set opp Fossegrimen over hundre år etter urpremiera vil regiansvarleg måtte gjere eit val: Skal han sjå stykket som mimreverdig kulturkoloritt over ei svunnen tid, eller skal han våge seg inn djupna av stykket, inn i understraumane og dei kreftene som ulmar og brusar i og mellom menneska, i dag som den gong? Om ein les teateromtala til Bent Kvalvik kan det synest som om han ynskjer seg det fyrste. Regissøren har definitivt vald det siste.

Folkemusikktradisjonen og dei gamle sogene som spring ut av levd liv frå tidligare tider er ikkje nasjonalromantisk staffasje. Det er grep ein tydde til for å skildre det eksistensielle tilveret, med ein metafysikk der mennesket skiftvis møter visdom, avmakt og det utemde. Underverda slik ho har vore skildra sidan lenge før reformasjonens tid er ikkje farlig fordi ho finst, men for kva ho kan gjere med oss. Ho er både eventyrlig og trugande. Det er desse kreftene Leif Stinnerbom slepp laus framom auga våre. Men maktar me å sjå dei?

Fossegrimen

Fotograf : – Erik Aavatsmark / Det Norske Teatret
På bildet: Paul Ottar Haga som Fossegrimen

Allereie i det me entrar teatersalen høyrer me folkemusikkens svake sus. Kom hit, seier overtonane. Lytt til oss, seier undertonane. Me skal vise dykk kva kraft som bur i oss. Me skal lokke deg ut i fossen, og du skal late deg lokke. Dei held ord. Når fossegrimens dotter fyller scenen med eggande liv dragast me ut i den ville, brusande leiken. Og når fossegrimen sjølv openberrar seg kjenner me den avgrunnsdjupe angsten byggje seg opp. For det er understraumane i vår eiga sjel Stinnerbom let oss spegle oss i. Då handlar det ikkje lenger om nasjonalromantikk eller om det tilpassingsvenlege, siviliserte menneske, men om det i oss som kan slå i hel og reise opp. Me får oppleve begge delar. Dei indre naturkreftene driv mennesket til både heltemot og vanvit. Det gjeld vel så mykje kvinner som menn. Begjæret eggar, både på godt og vondt. Og kjærleikens visdom kjempar for at mennesket skal leiast til forsoning og fred.

Stykket klarar å stille det spørsmålet som vår samtid så ofte døyver med alle midel: Korleis skal mennesket klare å forsone seg med seg sjølv og omverda når kaoskreftene trugar både utanfrå og endå meir innanfrå? Nettopp fordi stykket klarar å levandegjere tonar frå tidligare tider høyrer me dei eksistensielle undertonane klinge klokkeklart i 2013. Er dette noko Det Norske Teatret speler av di dei synest dei må? Ja. Dette er nemleg teateret si oppgåve: å lyfte fram dét i vår eiga tid som me ikkje finn andre ord for å uttrykke. Dei som har øyrer å høyre med, dei høyre.

Advertisements