(Kronikk på trykk i Dagen onsdag 10. april 2013)

pave FransInteressa rundt den nye paven er overveldande. Samstundes et det mange som slit med å forstå paven som både sosialt radikal og teologisk konservativ. Løysinga i mediaverda vert ofte presentert på fylgjande måte: Sosialt engasjement er bra. Kyrkja treng fornying. Men så må katolisismen legge bak seg sine griller kva gjeld seksualmoral, abortspørsmål, kvinnelige prestar, det rigide synet på ekteskapet, og alt anna som sjenerar det gjengse sekulære sinn: Kort sagt: Paven må som Kyrkjas øvste leiar riste av seg sine konservative synspunkt. Spørsmålet blir difor korleis me kan tolke paradokset radikal/konservativ.

«Konservativ»
Å vere konservativ er sjølve grunnprinsippet i Den katolske kyrkjas liv. Heilt sidan den gongen Herren befalte sine disiplar å gå ut og forkynne den glade bodskap for alle folkeslag har Kyrkja halde fast ved ei sjølvransakande haldning, der truskap mot overleveringa står sentralt. Kyrkjas doktrine har forma og konsolidera seg gjennom brytninga mellom divergerande strøymingar innanfor og utanfor Kyrkjas fellesskap, og alltid har målet vore å halde fast ved si overleverte trusarv. Det er ikkje berre innanfor Kyrkja dette gjeld. Ein kvar berekraftig samfunnsstruktur er oppretthalde av verdiar med konservativ karakter. Viss ikkje rokkar ein ved den eksistensielle tryggleiken individet treng for å utfalde seg.

Gudgjeven konsensus
Men i Kyrkja er det konservative prinsipp rotfest i ein endå djupare realitet. Kyrkjas trusprosjekt ville ikkje kunne stå seg over tid om ikkje ein trudde der låg eit høgare prinsipp til grunn. Når kardinalane stemmer fram ein kandidat, ser ikkje Kyrkja dette berre som ei reint menneskeleg handling. Kyrkja trur nemleg på Heilagandens vind som bles i hjarta og viljane til kardinalkollegiet, slik Anden òg bles over resten av Kyrkjas leiarskap og over alle truande. Det er den same Anden som held kursen for den læremessige seilasen Kyrkja har gitt seg ut på. Difor er òg tradisjonen viktig. Det er ved å sjå bakover mot kjølvatnet etter skipet at ein kan forutsjå retninga for vegen vidare. Kyrkja treng riktig nok reformar, noko som kom til uttrykk då pave Johannes XXIII kalla inn til konsil på sekstitalet. Alle som har vore ute i seglbåt veit at ein alltid vert utsett for ei viss avdrift. Slik òg med Kyrkja. Då grip Kyrkjas leiarskap rorkulten, ikkje for å endre kurs, men for så å seie å kome tilbake på sporet.

Forelda morallære?
Mener det ikkje på tide å modernisere seg litt? Og kva sa no eigentlig Jesus om abort og homofilt samliv? Det Jesus sa hadde sitt opphav i den jødiske etikken. I denne tradisjonen finn me eit livsbejaande prinsipp som ligg som ein tolkningsnykel for heile det gamle testamentet, men som fullendast då Gud vert mann. Skapelsesberetninga set standarden for seksualmoralen, der polariteten mellom kjønna er det som komplementerar mennesket. I høve til abortspørsmålet vil Kyrkja difor verne om livet, og særlig om det ufødde liv som er den aller mest sårbare menneskelege livsform. Når det gjeld samliv mellom menneske av same kjønn er ikkje Kyrkja fyrst og fremst i mot homofil praksis, men held tydeleg fram at alt seksuelt samliv høyrer til innanfor den ekteskapelege ramma mellom mann og kvinne. I så høve har kanskje dei homofile fått urettmessig mykje plass. Dette er døme på korleis Kyrkja står som ein motkultur mot delar av den politiske agenda som rår i vårt samfunn i dag. Den posisjonen kan ikkje Kyrkja fri seg frå, og vil kanskje måtte få eit upopulært stempel for sine haldningar. Kva kan ein sei til det? So be it?

Den ufeilbarlige paven
Av dette kan me trekke nokre slutningar: For det fyrste er Kyrkja bunde til si tru på ein måte som går langt utover den tidsstraumen som til ei kvar tid rår. Det handlar ikkje om å vere bakstrebersk og reaksjonær, men å halde fast ved sentrale aspekt ved den kristne tru. For det andre er paven uløyseleg bunde til Kyrkjas lære. Han sit ikkje med makt til å forandre Kyrkjas teologi, ikkje ein gong om han skulle ynskje det. «Den ufeilbarlige paven» er i så måte ein fantasi. Men viktigast av alt er hjørnesteinen for Kyrkjas lære, nemleg Jesus sjølv. Han var ein provokatør i si samtid, som både utfordra med sin radikalitet men òg med si konservative gudstru. Han tala i strenge ordelag mot overflatisk og sjølvhevdande truspraksis, og forsvararar av den jødiske arv kom ikkje alltid like heldig ut av det. Samstundes trivdes han særlig godt i «syndarars lag», og fann tonen med både tollarar og skjøkjer. Dét er forresten kanskje noko kristne i dag burde tenkje litt meir over. Han hevda ikkje berre å inneha sanninga, han var sjølve Sanninga, ei sanning som kravde omvending og etterfylging. Kven vil ikkje bli utfordra av eit slikt utsegn?

Ei fattig Kyrkje
Men nett her ligg og svaret på pave Frans si sosialradikale framferd. Å fylgje Kristus er å søkje det same levesettet og den same haldninga som Herren sjølv utviste under sitt offentlige virke. Då konsilfedrane under 2. vatikankonsil skulle utforme konstitusjonen om Kyrkja, Lumen Gentium, opna dei fyrste kapittel med å framheve det gamle nytestamentlege bilete om Kyrkja som Kristi mystiske lekam (1 Kor 12,13). I denne lekamen er det Kristus sjølv som er den eigentlige aktør. For ei kyrkje som tek dette på alvor vert både forkynning av tru og kamp for sosial velferd ei hjartesak, sidan trua sitt kjernebodskap er kjærleik og omsorg for alle menneske, og særlig dei som treng det mest. Det er dette pave Frans uttrykte då han i si fyrste tale forklarte sitt val av namn for sitt pontifikat: ”Å, kor eg skulle ynskje meg ei fattig Kyrkje, ei Kyrkje for dei fattige!” Paven har mi fulle støtte. Eg ynskjer meg ei upretensiøs Kyrkje, ei avkledd Kyrkje som kjempar den gode strid, og som kviler i si tru. Eg tør skrive dette fordi eg trur vår nye pave vil gje mange oppmuntrande men òg krevjande formaningar til nett dette. Det er dermed kanskje ikkje ein mindre utfordrande pave Den katolske kyrkja har fått seg. Men kanskje vil me møte ein åndeleg reformator som evnar å drive kristne både innanfor og utanfor Den katolske kyrkje til meir heilhjarta trusliv og –praksis.

Advertisements