Innlegg på trykk i Dag og Tid fredag 15. mars 2013

Den katolske kyrkja har fått ein ny pave. Jorge Mario Bergoglio frå Buenos Aires i Argentina vert frå no av heitande pave Frans den fyrste. Med dette kan me slå fast to ting: Kyrkja har fått ein folkekjær og audmjuk pave. Og han er vald av kurien som dermed signaliserar kva retning dei ynskjer kyrkja skal gå i tida som kjem!

Mannen
Jorge Mario Bergoglio har lenge hatt ry på seg for å vere ein audmjuk mann. Hans teft for det enkle speglar seg i dei vala han har teke gjennom livet. Som nyvigsla biskop nekta han å flytte inn i erkebiskopens palass. Han tek heller buss enn å bli køyrd i privatlimousin. Han har lenge vore ein forkjempar for sosial rettferd, noko som tydeleg speglar seg i namnet han har vald seg som biskop av Roma, Frans I. Namnet refererar til Frans av Assisi. Han var ein av Kyrkjas store reformatorar som levde på 12-hundretalet og som fremja eit sterkt sosialt engasjement, noko vår nye pave sjølv har lagt vekt på i sitt virke som biskop. I 2007 uttala han om situasjonen i Argentina: ”Me lever i den delen av verda med størst vekst, men med minst endring for dei fattige”. Likevel har han styrt unna ei politisering av den frigjeringsteologien som fann sitt utspring nett i denne delen av verda. Både i Kyrkjas liv og i kampen mot sosial urett har han halde fram personleg, åndeleg vekst som det viktigaste for kyrkjas kvinner og menn.

Kallet
Valet av den nye paven utmerkar seg på to måtar. For det fyrste tok det svært kort tid før kardinalkollegiet bestemte seg. Utan nokon spesifikk favoritt, og med mange gode kandidatar var utfallet svært uvisst. Likevel skulle det berre fem valomgangar til før det vart avgjort. Dette viser ein einskap i kurien som mange vil stusse over. Truande vil sjølvsagt sjå Den Heilage Andes effektfulle inspirasjon i Kyrkjas leiarskap. Korleis ein enn ser på det har Kyrkja gjort eit klinkande klart val på svært kort tid. Dét kan nok opplevast som eit ballespark til kritiske røyster som seier at kurien er ein bande korrupte, bakstreberske mørkemenn som ikkje ynskjer fornying. Med meir enn to tredjedels fleirtal viser kyrkja tydelig at ho no er klar for eit fornya sosialt engasjement, der evangelisering fyrst og fremst kjem til uttrykk ved handling, ikkje ved tomt snakk. Det kan passe godt å minnast pavens namnebror, Frans av Assisi, si slagkraftige og tidlause formaning til Guds folk: Gå ut og forkynn Evangeliet for alle folkeslag – og om naudsynt: bruk ord!

Kyrkja
Gjennom kurien som valapparat har Kyrkja vald seg ein pave med klår profil. Frans I har i alle år som prest og biskop vist eit stort sosialt engasjement som byggjer på ei teologisk konservativ forankring. Hans haldningar vil få verknader på heile kyrkjas liv og fokus både i eit ytre sosialt engasjement, men òg for kvar enkelt truande. Paven viser ved sin livsførsel at det å leve Kyrkja si tru alltid byrjar med eins eige liv. Han vil bli eit teikn og ei formaning for alle truande om å leve eit integrert trusliv der haldning og handling er foreina, ei tru levd på heiltid, ikkje frå ni til fire.

Paven har ein akademisk bakgrunn ikkje berre innanfor teologi og filosofi, men også innanfor område som psykologi og litteratur. Dette lovar godt også for god formidling retta både mot Kyrkja sitt eige folk og omverda. Han veit korleis han skal formidle eit bodskap, noko som òg speglar seg i hans rike forfattarskap.

Men før paven i det heile tek til på sitt krevjande virke skal me minnast at han onsdag kveld sto på balkongen i vatikanet. Med senka hovud bad han om forbøn. Og kan hende er det med slike enkle handlingar han vil påverke kyrkja mest: nemlig å inspirere alle truande til å vere ei bedande kyrkje som er villig til å opne seg endå meir for verdas liding og smerte, ei kyrkje som knyttar sterkare solidariske band til dei menneska som treng det aller mest.
Gud signe vår nye pave.

Advertisements