Dagen trykte på leiarplass denne artikkelen den 1. mars 0213

Som svar på denne interssante innfallsvinkelen til Den katolske kyrkja skreiv eg fylgjande kommentar, som eg synst er verdt å dele:

Eg vil takke for ein sober og velformulert leiarartikkel som peikar på det som gjev kyrkja tyngde, nemlig den historiske forankringa. I ei tid der ymse kyrkjesamfunn slit med å finne likevekt mellom tru og tradisjon (ja, det gjeld òg for lutheranarar, pinsevener og misjonsorganisasjonar!) står moderkyrkja fram som eit førebilete i ein farbar veg å gå.

Sjølvsagt endrar ikkje dette på dei læremessige spørsmåla som her er nemnd, -tradisjonsbegrepet og bibelen, forståinga av forholdet mellom naturlig nåde og openberringa, og det nærverande messeofferet i den liturgiske feiringa. Men nettopp tryggleiken som spring ut av å halde fast på verdiar, på trussanningar og på historisk kontinuitet gjev samhold og gjensidig respekt. Og det vil i allefall ikke drive truande av forskjellige konfesjonar lengre frå kvarandre, tvert i mot.

Det skjer mykje i desse dagar i forholdet mellom det offentlige samfunn og religion. Knut Olav Åmås, kultur- og debattredaktør i Aftenposten, har ved fleire anledningar tatt til orde for at religiøs argumentasjon må få ein tydligare plass i media. Kvifor? Fordi tru er noko som er høgst levande i vårt samfunn. Og media si oppgåve er mellom anna å spegle det som rører seg i det norske folk («det norske folk» – her forstått i sin fulle bredde, med det mangfaldet av religionar med forskjellig kulturell basis som faktisk levast ut i vårt samfunn). Røyndom og media bør henge saman.

Personleg trur eg den politiske linja til for eksempel Dagbladet, med det haldinga til religion som ikkje-eksisterande, vil bryte saman av den enkle grunn at ei slik haldning går ut på dato. Tru og religion går i desse tider gjennom eit skifte. Me er i ferd med å leggje bak oss den gamle, dvaske og sjølvnøgde statskyrkjementaliteten. No grip me til det me faktisk er; ei mengd minoritetssamfunn av forskjellige konfesjonar som fritt kan vitne om sin eigen ståstad. For å finne denne fridomen er det fundamentalt naudsynt at kvart kyrkjesamfunn forstår seg sjølv, både doktrinalt og historisk. Dette er ikkje ein prosess som ein gjer ein gong for alle, noko me også kan sjå i Den katolske kyrkja; det 2. vatikankonsil feirar i desse tider 50 års jubileum, og arbeidet med å tolke dette konsilet vil halde fram i lang tid enno. Kyrkjas historie er levande og krevjande. Eg vil ynskje alle trussamfunn i Noreg lukke til med det viktig arbeidet det er å sjå djupare inn i si historiske forankring. I mellomtida skal me kristne gjere det me kan aller best: Be saman!

pater Haavar Simon Nilsen, dominikanarmunk og prest i Den katolske kyrkja.

Lenke til Leder i Dagen:  http://www.dagen.no/2013/03/01/meninger/reformasjon/kirkesyn/tradisjon/112889

Advertisements