Homilie for 2. søndag i det alminnelige kyrkjeåret, år C.

Ikkje før har me avslutta juletida og kledt oss i grønt, før me står framfor Jesu første under. Ein kastar ikkje bort tida i kyrkjas liturgiske år, og det gjer heller ikkje Kristus når han fyrst byrjar på sitt virke. Han går rett på sak, men nyttar eit teiknspråk som kanskje låg meir naturleg for hans samtidige enn det gjer for oss. Det hebraiske språket er kjend for ikkje å ha mange abstrakte omgrep, men nyttar til gjengjeld konkrete og ofte kvardagslige bilete for å få fram poenget. Dette finn me ògi dagens Evangelium.

Bryllaupet i Kana står som eit manifest på både livsvilje og livsglede. Det er overfloda som råder, og dette fyrste underet som Jesus utfører vert framstilt som eit «jærteikn». I følge Store norske leksikon er eit jærteikn «et påfallende, naturlig eller overnaturlig fenomen som oppfattast som et varsel.» Og vidare les me at «Rester av troen [på jærtegn] har holdt seg til våre dager.» Det var jo godt nytt for oss som faktisk trur. Og så kan me jo spørje oss sjølve: Klarar me å sjå teikna som vår Herre legg ut for oss i liva våre? Albert Einstein skal ha sagt at det er berre to måtar å leve livet på: Anten som om ingenting er eit under, eller som om alt er det. Så lat oss vende oss til Evangelieteksten og sjå etter teikna som Kristus legg ut for oss.

Jesus gjer eit teikn, og det er nett i starten av sin misjon, heilt i byrjinga av Jesu forkynnande virke, at han gjev dette teiknet, -eit varsel om noko som skal kome, noko som allereie er nær. Johannesevangeliet fortset så med det som er kalla teiknenes bok, som skildrar ei lang rekke teikn og under. Gjennom sine handlingar omdefinerar Jesus den jødiske kulturen; Han skapar eit skifte i heile den åndelige horisonten og synet på den jødiske institusjonen. Det er ikkje lenger Israelsfolket som er det utvalde folk; no vert trua på Gud universell.

Han endrar òg motivet for dei forskjellige religiøse festane. Det er ikkje lenger Jerusalem som er frelsesgjerande, men det nye Jerusalem i Guds rike. Det er ikkje lenger tempelet med paktskista og offerkulten som konstituerar det utvalde folk, men Kristus sjølv. Og alt dette maktar Jesus å vise i eit enkelt teikn, eit jærteikn om løftet han sjølv oppfyller. Den symbolmetta handlinga viser heile frelsesverket som i eit syn. Me kan sjå det i fire sentrale element, -i vatnet, i vinen, i overfloda og sjølve ramma for underet, -bryllaupsfesten.

Jesus ber tjenarane om å fylle kara med vatn, som jo er eit grunnelement i vårt tilvere. Ved Kristus får vatnet ei ny tyding, i det det blir til dåpens element og inngangen til det kristne liv. Det står som eit teikn på einskapen med Kristus.

Men der me døypast med vatn, der døypast Kristus gjennom daudens mørke, ved sitt eige blod. Slik står vinen som eit teikn, ikkje berre på bryllaupsgleda og festen, men på Kristus, offerlammet, som gjev sitt liv i kjærleikens namn. Jeremia omtalar et sted vinen som ”vredens kalk” (Jer. 25,15), og Jesus spør ved eit høve òg disiplane om dei vil drikke den kalk han sjølv skal tøme. Vinen kan vere både søt og beisk…

Men når Jesus tømer kalken til botn, då spring det fram eit nytt liv, liv i overflod! Dette demonstrerar Kristus så å seie kvantitativt. Her i oljestaten Noreg reiknar me helst i fat. Tenk kva kjøgemeisteren må ha tenkt når han fekk sjå og smake det som fylte 2 eller 3 tohundrelitersfat fylt til randen med årgangsvin? Da vert bryllaupsfesten lyft til eit nytt nivå.

Og det er jo nett denne settingen som Jesus vel seg ut for dette fyrste tekn. Bryllaupet, festen for pakta mellom to menneske, som jo er eit av dei sterkaste bileta som både profetane og apostlane brukar når dei skal beskrive forholdet mellom Gud og hans folk, mellom Kristus og hans brud.

Og no ser me at det står fram eit femte aspekt frå dagens tekst. For som me les i teksten står det at disiplane kom til tru ved denne handlinga. Og kva er vel disiplane anna enn den aller tidligaste forsamling av truande, altså av Kyrkja?

Det er på tide å summere opp alt dette, Mark Twain har forresten sagt: ”Few sinners are saved after the first 20 minutes of a sermon”. I katolsk samanheng vil vi kanskje kutte det ned til halvparten?

Det Jesus viser ved dette jærteiknet er lovnaden om liv, og liv i overflod! Me er kalla til å tyde teikna, både i Guds ord og i våre eige liv. Klarar me å sjå dåpens realitet i møte med vår kvardag? Ser me Kristi frelse og Guds sjølvoppofrande kjærleik i våre liv? Tør me å ta profetens ord inn over oss, og tru at Gud finn behag i oss, at me er ”Guds kjæraste”? Det er dette Gud kallar oss til, og for at me skal klare det gjev han oss sitt Ord. Håpet skin fram, og løftet om det evige liv.

Og midt i vårt tilvere, som kan vere merka av både fellesskap men også einsemd, der står Herren og strekker handa ut, både til kvar enkelt av oss, og til Kyrkja, hans brud, og seier: Kom, og hald måltid med meg.

Advertisements