Det er ein eigen klang i Kristi Kongefest. Som eit endelig punktum, ei endelig klargjering. Det er som om Kyrkja seier: Ja, me har fylgt Kristus gjennom alle livsfasar, heilt frå Maria fekk bodskapen frå Gabriel, og på vegen til Betlehem. Me har høyrd englane synge på markene der, og  fylgt dei tre vise menn like inn i stallen, der Maria har blitt forløyst med eit lite born som skal kallast verdas Frelsar. Me har vore vitne til Jesu oppvekst, og sett korleis han allereie i barneåra gjorde inntrykk på omgjevnadane.

Og når tida vart mogen, då har me fulgt Kristus der han går langs stranda og kallar disiplane ein etter ein, me har  vandra på vegane mellom byane i Galilea og sett store mirakel skje, og me har gått den tunge krossvegen like til Jerusalem. Me har kjent dei salte tårene der me står framføre krossen med Maria og Johannes medan me stirer inn i det meiningslause. Me har undra oss over den tome grava, og spurt gartnaren kvar dei har lagt han. Og midt i sorga har Kristus stått der, midt iblant oss, og helsa oss med Guds fred. Og til slutt har me stått med blanke, opne auge og sett Herren bli tatt opp i himmelen, medan to englar spør kva me ser etter. Me har prisa Herren og delt brød, bøner, lære og fellesskapen, medan me veks i tru og tillit. Og no står me her, ved det endelige punktum og konstaterar: Ja, han var verdas frelsar. Ja, han er konganes Konge, han har all makt over himmel og jord.

Likevel må me spørje: Kva er dette for ein konge? ”Mitt rike er ikkje av denne verda” seier Kristus sjølv (Joh 18,36). Han er salva til Konge, men nyttar ikkje verdslig makt. Han kjem til Jerusalem, ikkje køyrande i ei staseleg vagn, men ridande på et esel. Han stig opp, ikkje på ei trone, men på eit kors. Han er verdas herskar, men seier at den største skal vere den minste. Kristus triumferar, ja, men ikkje i makt, men i audmjuke. Det er ikkje til å undrast at Pilatus ikkje forstår. For kva slags konge er dette, som ikkje søkjer å forsvare seg? Som i si avmakt likevel held fast på sanninga? Ei sanning som Pilatus ikkje klarar å gripe, men som omsluttar heile Kristi liv. Og vi kan fortsette: Kva slags herskar bind om seg om livet og vaskar føtene til sine disiplar? Kva slags konge er det som ikkje mottar gåver, men som skjenker brød og lækjedom og fred til alle han møter?

Jo, det er kongen av eit rike som ikkje høyrer denne verda til. Om litt skal me synge prefasjonen, og der får me høyre kva rike det er tale om: Det kallast ”sannhetens og livets rike, hellighetens og nådens rike, rettferdighetens, kjærlighetens og fredens rike”.

Og sei meg no, er ikkje dette eit vakkert rike?  Har me ikkje grunn til å vere både stolte og glade for å vere borgarar av så herleg kongedøme? Ja, for det er dette rike me er medborgarar i. Eit livsens rike. Eit velsigna rike. Et heilagt rike. I Kristi kongedøme står me alle under sanninga og kjærleiken og freden sitt segl. Og me er alle kalla til å bere vitnesbyrd om dette rike. Ikkje i arrogant triumfalisme, men i audmjuke. Vi skal fylgje vår konge. Vi skal ikke bruke verdas maktspråk, det er ikkje vår oppgåve å svare med same mynt. Me er kalla til å strekkje oss ut over ein reint menneskeleg logikk. Vårt livskall er rotfesta i han som sjølv gav alt for alle. Me søkjer våre svar i Kristi liv og virke, i hans ord og hans gjerning. I Kristus er me kalla til å legge alle våre urolege tankar og tvil pg heile vårt liv i Guds hand, og i denne forvissing kan me vekse i tru og tillit. For me veit at ein dag, då skal dette rike stå fram i all sin fylde, og Gud skal bli alt i alle.

Advertisements