(Preken i St Dominikus 21. november)

Me feirar i dag festen for Maria´s framstilling i tempelet. Og kvar finn me så referansene for denne hendinga i Bibelen? Tja, sei det. Det kan verke noko legendeprega, og me spør oss snart om dette kan stemme. Det vert eit spørsmål om autensitet, – er dette virkeleg sant?

Denne rasjonelle, litt tørre tilnærminga står langt frå mellomalderens tilnærming, der det folkelege og det religiøse flyt saman i en heilskap. For ikkje lenge sidan las eg Sigrid Undset´s Kristin Lavransdatter. Her finn me ei skildring av Kristin og det nyfødde bornet, Gaute, som har så dårlig helse. Med eit fast grep skildrar Undset korleis tru og livet elles står i ein heilskap:

«Erling hadde bedt ham hilse og gi henne denne – det var en bronsedolk, grønn og oppett av irr. De hadde funnet den i en røys ute på Giske – slikt skulle være godt å legge i vuggen, hvis det var svekk Gaute hadde. Kristin svøpte duken om dolken igjen, kom seg møysommelig opp av stolen og gikk bort til vuggen. Hun stakk tullen ned til alt det annet som lå under sengklærne – en jordfunnen stenøks, bevergjel, kors og tysbast, arvesløv og ildstål, røtter av Mariashånd og Olavsskjegg».

Ein må gjerne peike på overtru og fantasiar, primitive kulturar med sine feiloppfatningar. Eg trur likevel ein bommar på målet om ein fylgjer ein slik logikk. For djupast sett handlar den kristne trua om å tolke frelsesmysteriet inn i den konteksten ein befinn seg i. Då vil me måtte bruke eit språk og eit uttrykk som tek i bruk dei felles referansane som kulturen ber i seg. Dette endrar seg heile tida. I urkyrkjeleg tid fann ein det naturleg å sjå på Maria sin bakgrunn og oppvekst, slik me finn det blant anna i Jakobs Protoevangelium frå 100-talet. Mellomalderen har si tilnærming,  og om 800 år vil kanskje andre peike på vår tid og sei, nei kor primitive dei var på den tida.

Maria si framstilling i tempelet har og funne si form i vår tid. I 1997 tok pave Johannes Paul II intitiativ til å feire denne dagen i heile kyrkja, og han kalla dagen Pro Orantibus, -for dei som ber. Me tenkjer difor i dag særleg på dei som på heiltid lever i klausur, så som karmelsystrene i Tromsø, karmelittane på Munkeby og nonnene på Tautra, for ikkje å gløyme våre eigne dominikanske systre på Lunden kloster. Pave Benedikt samanliknar desse stadene med ”grøne lunger” i storbyar, ein stad der menneske kan nærast av Heilagandens kjelder og få slukke tyrsten. Maria står her som det fremste forbilete, både som bedande menneske, og som bilete på kyrkja. Maria høyrer heime i tempelet, det ho mottek Guds ord i Anden før ho mottek det i kjødet. Ho som bar Kristus under sitt hjarta står alltid som eit førebilete for alle truande. Lat oss difor be om Maria si forbøn på denne dagen, at ho må styrke oss i vårt bøneliv og i vår tru, her me samlast for Guds åsyn, ho som sjølv står for Guds trone.

Advertisements