Kjære vener. For ei veke sidan feira eg mi fyrste messe i Blackfriars i Oxford, der eg akkurat har avslutta eit toårig studie. Då brørne der spurde meg korleis den fyrste månaden tilbake i Noreg hadde vore, svara eg at det har vore veldig intenst, og eg siterte ein fyr eg møtte på ein togtur til Kristiansand ein gong. Han sa: «It´s better to burn out than to fade away!» på norsk kunne ein sei: -det er betre å brenne fullt og heilt til siste slut, enn berre å ebbe ut. Då lo brørne i Oxford og sa at det ordtaket var det same som Bede Jarred hadde hatt. Jarred var prior i Blackfriars i Oxford i over 20 år, fram til ut på 1930-talet, og var han som fekk bygd nytt kloster for brørne i Oxford då England opna for meir katolsk aktivitet i landet. Bede Jarred meinte det var ingen grunn til å halde att, det er berre å stå på! Han var heller ikkje noko stor fan av å feire 50 års jubileum for prestevigel. Han meinte at om ein dominikanar kom så langt, då vitna det om at ein hadde levd eit altfor slapt liv, og om ein i motsatt fall hadde levd eit verkeleg sjølvoppofrande liv, då ville det normale vere å kome til vegs ende lenge før eit 50-års jubileum! Eg skal ikkje uttale meg om hans syn på prestelige jubileum, men me kan slå fast at Bede Jarred hadde ei kristen, sunn livshaldning, nemmeleg ei sterk vilje til å gje av seg sjølv.

På denne tida av året er det nett dette som står sentralt: Kva er me villige til å ofre, og kor mykje held me att? No på slutten av kyrkjeåret er det sjølvransakinga og domen som teiknar seg stadig tydeligare i skriftene. Frå Allehelgens- og Allesjelersdag og fram mot Kristi Kongefest rettast fokuset mot våre liv, mot våre val og mot det me ein gong skal stå til rette for. I dagens tekstlesningar finn me to historier om to enker som begge viser sjølvoppofrande handlingar, og ein vil kunne seie at dei begge har ei Gudvendt, audmjuk livshaldning. Enka som treffer på Elija ser ikkje lenger korleis ho skal kunne livnære seg sjølv og son sin. Veden ho sankar saman er for å lage til «det siste måltid», no når håpet om å leve for alvor svinn bort. Men ho gjev likevel etter når profeten ber henne om ei tjeneste som betyr slutten på siste rest av håp. Likeeins fylgjer me enka i Jerusalem, som legg sine siste to myntar i tempelkassa, eit lite offer gjeven ikkje av overskudd, men i fattigdom. Denne handlinga vekkjer Jesu interesse, og han samlar disiplane om seg, slik han har gjort mange gonger før når han ynskjer undervise disiplane om viktige aspekt ved det å vere Kristi disippel (sjå f. eks. Markus 8,34 og 10,42). Denne kvinna gjev av sin fattigdom, og difor langt meir enn alle dei andre. Eg trur ikkje Jesus hadde sagt det same om kvinna hadde halde att ein av dei to myntane. For det kunne ho jo gjerne ha gjort? Og det ville vore fullstendig legitimt, fullt ut forståelig. Men nei, denne kvinna kyler inn det siste ho eig så og seie. Ho kastar seg mot Gud og hans nåde. Og igjen står det fram, det Bede Jarred sa: «It´s better to burn out, than to fade away!»

For når det kjem til stykke er det vår fattigdom som Gud lengtar etter. Han interesserar seg lite for menneske som er nok i seg sjølv, som ikkje treng noko, som ikkje spør etter noko. Eg trur Gud kjenner seg att i menneske som kastar seg mot Han, slik som han sjølv kastar seg mot oss. Gud kastar seg mot oss, med heile seg, utan å halde noko tilbake! Det er dette oppenberringa i Kristus vitnar om. Kristus viser kven Faderen er nett i det ultimate offer der alle grenser sprengast: Vondskapens grenser, dødens grenser, ja sjølv kjærleikens grenser verd sprengd, Gud flømer over av kjærleik! Det er denne kjærleiken me er meint å ta imot når me samlast her i messa. Me kjem hit og bekjenner vår fattigdom, me står framfor Gud og vedkjenner oss det me har vanskelig for å gje i våre liv, anten det er omsorg til våre næraste, gje av vår tid, gje slipp på våre sjølvsentrerte liv…

Dette leier oss til vår indre fattigdom. Det gjer vondt å sjå korleis me ikkje strekk til, korleis me some tider står Gud og våre næraste imot. Men når me no om litt skal feire eukaristien vil me i epiklesen be om at Faderen må sende den Heilage Ande over offergåvene slik at dei blir til Kristi Lekam og blod, og at kvar av oss som mottek desse gåvene sjølv må verte ei levande offergåve til Gud (Den Katolske Kirkes Katekisme 1105). Lat oss gripe den gåva som Gud villig sjenkar oss, kjærleikens offer, Gud sjølv. Lat oss kaste inn våre to siste myntar av oss sjølve, lat oss overgje oss slik Bede Jarred gjorde, så me i Kristus kan motta Guds rike miskunn.

Advertisements