Jesus veit godt kva han gjer når han lækjer den krumbøygde kvinna på sabbaten. Reaksjonane let då heller ikkje vente på seg: ” Det er seks dagar til å arbeide på. Då kan de kome og la dykk lækje, men ikkje på sabbaten!” Men no er det eingong ikkje slik at Jesus lækjer sjølv om det er ein sabbat, men nett av den grunn! For betre å forstå kvifor det er slik må me vende oss til opphavet for sabbaten, og sjå på kva sabbat eigentlig tyder.

Gud skapar verda på seks dagar. Men i sundagsskulen lærte me at på den sjuande dagen, då kvilte Gud. Om me nærles teksten er det likvel ikkje heilt riktig. For når me kjem til enden av skapelseshistoria står det å lese:

Den sjuande dagen fullførte Gud det arbeidet han hadde gjort, og den sjuande dagen kvilte han frå heile det arbeidet han hadde gjort. Gud velsigna den sjuande dagen og helga han. For den dagen kvilte han frå heile sitt arbeid, det som Gud hadde gjort då han skapte.

Det sentrale leddet i denne oppbygginga er det i midten: Gud velsigna den sjuande dagen og helga han. Me finn då at sabbaten ikkje er ein Guds kviledag, men ein dag for signing, ein helga dag, ein heilag dag.

Gud pålegg oss å kvile denne dagen, men Gud sjølv er høgst aktiv. Dette er dagen då me mottek Guds signing. Det vil sei ein dag for restitusjon, ein dag der me vert gjeven det som me sjølv ikkje kan produsere, men som me berre kan ta imot frå Guds hand. Det er ein dag for legedom på kropp og sjel. Me forstår då betre at for Guds Son er det ingen dag som er så passande for å lækje den vanføre kvinna som nettopp sabbaten.

Dominikanarbror og ekseget i Freibourg, Adrian Schenker, kallar sabbaten for ei vital tid, ei livgivande tid, ein heilagdag som er der for menneskets skuld, for at mennesket skal motta det som det elles ikkje kan skaffe seg sjølv. Det er difor me skal stoppe opp med jamne mellomrom, og late Gud får virke i oss og styrke oss i djupet. Det var denne visdomen som Charles de Foucauld hadde fått del i langt der ute i ørkenen sør i Algerie, under meditasjon og stille. Lat oss halde fram hans enkle livsregel som ein veg for alle menneske i vår tid, og kanskje særlig i vår tid:

Ein time om dagen, ein dag i veka, ei veke i året –skal menneske vere i sin ørken…

Advertisements