Kjære vener, den 17. september var det ordinasjon i Blackfriars i Oxford. Robert Verrill og eg vart ordinera diakon, medan Lawrence Lew vart ordinera prest. Det var erkebiskop Joseph Tobin som stod for ordinasjonen, og det vart ein flott dag. To kor sørga for flott song, mange hjalp til med dei praktiske oppgåvene, og sjølv veret synte seg frå si beste side. For å gje ein smakebit av dagen legg eg ut nokre bilete, det er Martin Beek som har bistått som fotograf.

 

Advertisements