Eg har nyleg vore til skriftemål. Eg vert i desse dagar ordinart diakon, og skriftemålet fell naturlig inn som ein del av forberedingane. Eg har ikkje for vane å legge ut om mine skriftemål, særlig ikkje i blogg´s form. Men denne gongen skjedde noko eg ikkje kan la være å kommentere.

Eg kom til kyrkja, og organisten var i storslag der han sat og øvde på det massive orgelet. Sjølv om skriftestolen var eit ombygd kontor der ein kunne lukke døra til kyrkja var det vanskelig å høyre kva som vart sagt. Eg måtte sitte med hendene bak øyrene for å høyre kva presten sa. Men eg fekk skrifta det som låg meg på hjarta, og presten gav meg nye perspektiv på kva eg hadde nemd. Skriftemålet gjekk mot slutten, med den svalande abolusjonen. Bak meg bygde orgelbruset seg opp. Orgelet hadde tatt fatt på eit nytt stykke, men det var a-tonale, brummande basstonar, umogleg å sei kva retning dette ville ta. Om det i det heile tatt skulle bli ein melodi eller om det berre skulle vere slik. Presten sa dei avsluttande orda: La oss prise Herren. -Gud vere lova. Eg snudde meg, åpna døra ut til kyrkja. Plutselig drønnar basstonane mot meg, så høgt at glasmaleria skjelv: GLORIA IN EXCELSIS DEO! Det er guddommeleg timing. Tonane går rett inn, som dei kanskje aldri har gjort før. Den veldige krafta i orgelet, Den kjende melodien: -c-c-a-g-f-g-a-g-f- men i ny, grensesprengande form. Det er ikkje strenge orgeltonar som slår mot meg, moralistiske irettesettande tonar om det gale eg har gjort, formanande ord om å gjere det betre frå no av. Nei, det er dei djupaste, mest rungande basstonane som fortel meg: No har du æra Gud på den aller mest høgverdige måten. Englane gler seg, himmelhærane jublar! Nett no prisar heile skapnaden Gud for gåva menneske nar fått, nemlig det store det er at mennesket får rom til å gjere seg liten framfor Gud, medviten om at ein vert teken imot og elska som den ein er. Ære vere Gud i det høgste for fridomen me kan leve i. Ære være Gud i det høgste for at Gud sjølv gjorde seg til den aller minste. Ære vere Gud i det høgste for at den djupaste lovprisinga skjer nett i denne stund.

Eg set meg i kyrkjebenkane. Orgelbruset held fram, bylgje på bylgje fyller kyrkja. Ære vere Gud i det høgste. Og fred på jorda for menneske av god vilje… Eg kviler i tonane med hovudet i hendene.

I vår orden lyder eit av våre motto: Laudare – Benedicere – Praedicare. Lovpris, Velsign, Forkynn. For ein orden som kallar seg prekebrødre ville ein kanskje tru at det var forkynninga som ville kome fyrst. Eller som ein klerikal orden ville ein kanskje tenkje at den prestelige velsigninga skulle stå fremst saman med forvaltinga av Guds nåde gjennom sakramenta. Slik er det ikkje. Slik er det ikkje av den grunn at ordenen har står djupt festa i en humanistisk tradisjon, -det er mennesket sjølv som har fremste plassen. Og mennesket sitt fremste og edlaste mål, det er heilt enkelt lovsangen. Skapnaden byrja med lovsangen, og som ein lovsang skapte Herren dei fyrste menneska i sitt eige bilete. Lovsangen fylde edens hage, og då tonane stilna av, og Gud måtte gå rundt og leite etter Adam, då satte Gud igong den langsiktige planen for atter å fylle skapnaden med eit rungande GLORIA. Dette Gloria lydde som gråt frå den nyfødde, og alle som hadde øyrer å høyre med, dei skjøna straks kva som hadde hendt. Det universelle GLORIA fyller skapnaden, og kallar kvar av oss til å ta del.

I morgon vil koret synge Gloria, og eg vil bli skruda som diakon. Då vil songen få sitt tilsvar frå det Gloria eg kjenner springe ut av mitt indre, frå den kjelda der Guds Ande sjølv er virksam.

GLORIA
Gloria in excelsis Deo,
et in terra pax hominibus bonae voluntatis.
Laudamus te,
Benedicimus te,
Adoramus te,
Glorificamus te,
Gratias agimus tibi propter magnam gloriam tuam,
Domine Deus, Rex caelestis, Deus Pater omnipotens.
Domine fili unigenite, Jesu Christe,
Domine Deus, Agnus Dei, Filius patris,
Qui tollis peccata mundi, miserere nobis.
Qui tollis peccata mundi,
suscipe deprecationem nostram.
Qui sedes ad dexteram Patris, miserere nobis.
Quoniam tu solus sanctus,
Tu solus Dominus,
Tu solus Altissimus, Jesu Christe,
Cum Sancto Spiritu in gloria Dei Patris.
Amen.

Ære vere Gud i det høgste
og fred på jorda blant menneske som Gud har hugnad i!
vi lovar deg
vi prisar deg
vi tilbed deg
vi opphøgjer deg
Vi hyllar deg for din store herlegdom
Herre Gud, himmelske konge, allmektige Fader.
Herre, Guds einborne Son, Jesus Kristus,
Guds Lam,
som bar all verdsens synder,
miskunna deg over oss.
Du som sit ved Faderens høgre hand,
høyr vår bøn.
For du åleine er heilag.
Du aåleine er Herre.
Du åleine er Den Høgste, Jesus Kristus,
med Den Heilage Ande i Faderens herlegdom.
Amen.

Advertisements