Det er fyrste pinsedag, med eit grått slør over Oxford. Det regnar ikkje, men der er vatn overalt. Utan heilt å kunne peike ut korleis det skjer vert alt ute vått og fuktig. Dette vatnet er signa mange gonger i Skrifta: ”Du vatnar fjella frå din høgsal, og jorda fyllest med grøda du gjev. Herrens tre får sløkkja torsten, sedrane på Libanon, som han har planta” (Salme 104,5.16). For vatn er eit livgivande prinsipp, som mennesket ikkje kan greie seg utan, ja, ikkje planter eller dyr heller. Då eg var liten kan eg hugse korleis eg gjekk rundt i stova heime og stakk fingeren ned i kvar blomsterpotte for å sjå korleis det stod til med vasstanden. Eg kan endå minnest den tørre skorpa som stunda etter vatn. Bestemora mi lo når ho såg korleis måleapparatet, den vesle fingeren min, målbevisst og trufast tok for seg potte etter potte, og sidan gav kvar einskild det som syntest meg naudsynt. Det var ingen liten jobb, eg trur me må ha hatt den grønaste stova på Sandlandsmoane, somme krokar var mest som ein liten jungel, og store planter kravde at eg måtte gå mange turar med vassmugga.

Det er grunn til å minnest slike barndomsminne når me i dag feirar dagen for Den Heilage Andes kome. For slik eg raust skjenkte kvar grøne plante det ho trong, slik mottek me òg av den Heilage Ande det me treng for vår tru og vårt liv. Anden er vårt livsprinsipp, som me treng både i våre einskilde liv og som trussamfunn. Den heilage Ireneus skildrar i dagens lesningsgudsteneste korleis Kyrkja vert eitt nett i gjennom Den Heilage Ande. ”På same måte som tørt mjøl ikkje kan bli ein brøddeig utan vatn, slik kan heller ikkje me som er mange, bli eitt i Kristus utan vatn frå himmelen”. Det er Anden som bind oss saman, som gjer oss til eitt i Kristus, og som gjennom denne einskapen gjev oss del i Guds liv. Når me feirar dagen i dag, er det denne einskapen me prisar. Lat oss difor be om Den Heilage Andes gåver i våre liv, slik at me kan finne einskap og glede i Kristi lekam. For Gud er ikkje sein om å kome oss til hjelp, når han høyrer våre bøner frå vårt tørre jordsmonn.

Sæl er den som ”har si glede i Herrens lov og grundar på hans lov dag og natt. Han er lik eit tre, planta ved rennande bekker: Det gjev si frukt i rette tid,og lauvet visnar ikkje på det. (Salme 1)

God Pinse!

Advertisements