Det på nytt søndag, fyrste dag i veka, festdag og høgtidsdag for den kristne skare. Det er ein fortetta dag, ein dag der arbeidsveka med sitt levde liv i tru og kvardag samlar trådane og finn sitt knutepunkt. Kva er så dette punktet? Kva er det som fyller denne dagen i våre liv?

I dagens matutin er andre lesning henta frå Augustin sitt brev til Proba. Her mediterar han over korleis me som kristne ber, og kva me fyller våre bøner med. For å finne ord for våre bøner vender Augustin seg mot Davidssalmane:

Eitt bed eg Herren om,
og det stundar eg etter:
at eg får bu i Herrens hus
alle mine levedagar,
så eg kan sjå hans velvilje
og grunda i hans tempel.

Eitt bed eg Herren om. Eitt stundar eg etter. I Augustin sitt brev finn me eit kjernepunkt som kjenneteiknar alle kristnes liv. Dette punktet heiter Lengsel. Og dette er òg paradokset i det kristne liv. I sentrum av vår tru finn me eit punkt som kjenneteiknast av fråver. For lengsel, det er nett å søkje noko som endå ikkje er oppfylt, noko som ikkje er der. Me er så van med å få stimulert våre behov, våre ynskjer, våre draumar. Når me ikkje får det me ynskjer eller treng vert me oppgitte, fortvila, og endå til surmulne og vonde. For me vil så gjerne ha det slik me vil. Me likar så kleint å vere avhengig av andre, me likar best å rå sjølv. Men når me kallar oss kristne, er det av di me fylgjer ein Annan. Når me tek Kristi liv til eksempel, finn me snart at heile hans liv var ei evig bøn til Faderen. Han søkte Gud i nattetimen, på vandring, eller når han tala til sine disiplar. Hans liv var bøn og lengsel, ein evig dragning mot Faderen. Å vere kristen er å vere kalla til å elske denne lengtinga. Augustin seier:

”Me ber til Gud til faste tider, med ord, for å minne oss sjølv på desse realitetane gjennom dei symbolske handlingane, og for å sjå kor mykje framgang me har hatt i vår lengsel. Og me ber for å rive oss ut av vår dovenskap, for med auka iver å styrke denne lengsel”.

I dagens evangelietekst høyrer me likninga om enka og domaren. Etter dette nær evigvarande maset og tjaset frå enka som ber om å få sin rett, gjev domaren omsider endelig etter. Og Herren spør: ”Skulle så ikkje Gud hjelpa sine utvalde til retten deira, dei som ropar til han dag og natt? Er han sein til å hjelpa dei?” (Lukas 18,7) Me er dei som ropar dag og natt, ikkje i utilfredsstilt lengting, men i glede over å kjenne dette heilage begjæret i våre hjarta, ein attrå fødd og styrka av Den Heilage Ande.

Advertisements