I dag, den 2. oktober, er det minnedagen for dei heilage verneenglar. Kan hende er dette den dagen dei aller fleste kristne og kristen-inspirerte trusretningar kan einast. For alle har eit forhold til englane. Pinsevener og lutheranarar, katolikkar og baptistar, for ikkje å gløyme new age-rørsla og Engleskulen til prinsesse Märta-Louise. Dei fasinerar, dei vekkjer undring, dei skapar tryggleik, dei gjev ein særleg fred. Det er mest som om Gud seier: Nåh ja, om menneska ikkje maktar å famne omfanget av min eksistens, vil dei, om ikkje anna, kunne forholde seg til engleskaren som omgjev meg. I så måte er englane å sjå som ein slags misjonærar, pionerar som kjem mennesket i møte der ingen andre får innpass, vegvisarar som alltid refererar til sin skapar og står fram som eit gjenskin av Gud sjølv.

Har du høyrt suset av ein englevenge? Har du kjent nærværet av din eigen verneengel? Har du fått svar når du ber om hans vern? Mi bestemor hadde det. Det er kanskje difor ho alltid forklara mine mange grenseoverskridande eventyr i barndomen med at ”det var ein engel som berga deg”. For dei dramatiske hendingane sto tett då eg var liten. Drukningsulykker, fallulykker, påkjøringar, steinras, snøras, lista blir lang… Og kvar gong var bestemor der med den same enkle kommentaren: «Det var ein engel der, som la sin veng over deg og verna deg.» Var det berre bestemor sin fantasi som fekk henne til å påstå dette? Nei, ho hadde hatt sine eigne erfaringar. Då ho var 16 år vart ho ramma av ein sterk feber, og det var fare for at ho kom til å døy. Men der, i eit syn, såg ho sin verneengel sitte ved fotenden av senga, omgitt av eit ljos ho aldri elles hadde sett eller nokon gong fekk sjå att i dette jordiske livet. Feberen sleppte taket, og livet tok atter til. Ho fekk oppleve det som salme 91 gjev lovnad om:

Inkje vondt skal koma over deg
og inga plage nå ditt telt.
For han skal gje sine englar påbod
at dei skal verna deg på alle dine vegar.
Dei skal bera deg på hendene,
så du ikkje støyter foten på nokon stein.

Det er andre som har lese denne salmen, lenge før bestemor mi vart kjent med han. St. Bernard av Clairvaux tok Guds ord frå salmisten på alvor. Englane ber deg på sine hender. Dei vernar deg på alle dine vegar. Vegar som ikkje berre er lange å gå, men farlege òg. Gud set englane i teneste for å verne oss. Og Bernard spør: ”Kva har me då å frykte, med slikt vern over oss? Dei kan ikkje overvinnast eller leiast vill, og langt mindre føre oss vill, desse vesena som er sette til å verne oss på alle våre vegar. Dei er trufaste, dei er vise, dei er mektige; kva har me å frykte? Lat oss berre fylgje dei og halde oss til dei, for slik å kvile i skuggen av den Allmektige.”

Advertisements