(Kronikk i Vårt Land den 07/05  2010)

Ei forvrengt sanning?

Sidan dei fyrste oppslaga i Adresseavisa kom på trykk for nokre veker sidan, har det storma sterkt rundt Den katolske kyrkja. Det er vondt å vere katolikk når så sørgjelege ting kjem til overflata. Pressedekninga teiknar eit bilete av Den katolske kyrkja som dei truande ikkje kjenner seg att i,  og ein sit att med noko som liknar eit vrengebilete av det dei fleste medlemmer både opplever og lever. Samstundes vil vi òg måtte seie Gud skje takk at desse sakene kjem opp. For den tyngste børa fell til sjuande og sist på dei som  har vore utsette for ein så grov urett som eit seksuelt overgrep er. Desse menneska har levd lenge med ei sanning som ikkje har kome opp i dagen. Før no.

Eit særkyrkjeleg fenomen?

Ein kan få inntrykk av at overgrep fyrst og fremst finn stad innanfor Den katolske kyrkja. Avisene har ikkje spart på spalteplassen dei siste vekene. Dette må ein forvente når det gjeld eit tema som inneheld tre hovudingrediensar i tabloidpressa; sex, vald og religion. I dei mest negative vinklingane kan det sjå ut som om det er heile Den katolske kyrkja som så å seie er tatt med buksene nede.

Diverre er kallet til fornying og omvending ikkje berre eit initiativ retta mot geistlige innanfor enkelte trussamfunn. Heile det europeiske samfunnet vitnar om det ein kan kalle ei seksualmoralsk avdrift med alvorlege fylgjer. I følgje den franske kristenavisa La Croix viser ei irsk undersøking av overgrep mot mindreårige, at over halvparten av straffedømde overgriparar er foreldre, ein tredel anna slekt eller kjenningar, medan 3,4 prosent er autoritetspersonar. (La croix, 11. mars 2010, s. 2). Det er sjølvsagt store mørketal i ein slik statistikk, noko som vert stadfest av Nova-rapporten 20/07 (Norsk institutt om for forsking om oppvekst, velferd og aldring). Over 7000 skuleelevar frå heile landet har teke del, og resultata er  graverande. 15 prosent av jentene og 7 prosent av gutane seier dei har opplevd grove seksuelle krenkingar. Det er oftast ven eller kjærast som er nemnd som overgripar, men tala viser at ei stor gruppe overgriparar på over 25 år, har misbrukt born og unge i alderen 10 til 14 år. Det store omfanget av overgrep som kjem fram i Nova-rapporten, vitnar om stor avstand mellom det ein kan lese ut av statistikkar for straffeutmåling og det som faktisk skjer i kvardagen til born og unge. Kva slags seksualmoral er det som rår når meir enn ein av ti elevar i vidaregåande skule oppgjev at dei har vore grovt seksuelt krenka ein eller fleire gonger?

Eit felles ansvar

Eit kristent minoritetssamfunn på rundt 50.000 registrerte medlemmer kan ikkje vere årsak til dei graverande tala vi her har omtala, og den veldige mediastormen opplevest som ei tung belastning for mange katolikkar. Ein føler seg hengt ut og gjort til syndebukk for ein tendens som umogleg kan vere noko som særpregar Den katolske kyrkja. Det er vel truleg heller omvendt. Men anten ein er katolikk eller ikkje, står me i det norske samfunnet overfor ei felles oppgåve: å rette alle krefter mot ei form for urett som ikkje kan tole noko anna haldning enn nulltoleranse. For Den katolske kyrkja sin del vil det vere nødvendig å bryte med den teiekulturen som tidvis og stadvis har fått rå, for slik å forhindre at overgriparar kan halde fram med sine kriminelle handlingar. Kyrkja er òg kalla til å opne meir opp for ein intern dialog der tabu rundt seksualitet og intimitet vert bytt ut med open samtale. Samstundes står vi som truande i solidarisk fellesskap med heile samfunnet for å kjempe mot denne vondskapen der han finn stad. Det er ein vond og vanskelig prosess å reinse opp i desse sakene. Samstundes må vi kunne halde fram eit håp om at vi nå kan arbeide aktivt mot alle former for overgrep der slike finn stad. Det er ikkje tida for å polarisere forholdet mellom kyrkje og samfunnet elles. Dette er ei felles byrde som vi alle er kalla til å nedkjempe. I dette arbeidet trengst det ei fordjupa og nyansert bevisstgjering av problema og ei djuptgåande haldningsendring blant både unge og vaksne.

bror Haavar Simon Nilsen OP, dominikanarbror og teologistudent i Lille, Frankrike