I MortenM i VG i dag les eg: «Katolisismen må behandles som hummer’n. Man må fjerne paven før den blir spiselig». I fyrste omgang eit artig point. I neste runde ein litt trøytande, utslitt klisjé, er ikkje dette noko me har høyrd før? Jau, allereie i Evangelia ser me korleis Kristus vekkjer anstøt med sine utleggingar om nattverden; «Den som et min kropp og drikk mitt blod, har evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.» (Joh. 6; 54) Det er med katolisismen som med kristendomen: Han vert straks litt meir spiselig så snart ein fjernar Kristus…

Advertisements