Regngrå vårdag. Stilla ligg tungt i lufta. Rastlaus kjenner eg fråveret av lydar som skarpe knivar. Uro. Ingen stad å gå. Ingen utveg. Berre inn, alltid innover.

Vandrar gjennom klostergangar, utan svar. Eg sig ned framfor tabernakelet, og kjenner mørkret omslutte meg. Dette er siste stopp. Tankane mine heng som lause kjettinglenkjer over ein avgrunn eg ikkje har skapt, men som eg spring ut av.

Eg legg fram min uro, mine lengslar, mine savn. Alle ord får slippe til her. Guds hus er ikkje for sensur! Langsamt stoppar orda opp. Som om kjettingane til slut heng heilt stille. Og eg veit at når eg går herifrå, då vil likevel det store nærveret fylle staden.

Eit stille nærvær.

Ein stille fred.

Advertisements