(Artikkel publisert i Credimus N° 4 /2008)

« Be for meg når du kjem til Santiago! » Med desse orda la pilegrimen ut på vandring i tidligare tider, og slik vart denne framande helsa langs vegane som enda opp ved grava til den heilage apostelen Jakob. Utrusta med stav og skjeppe, og med von om å nå målet la han ut på ei ferd som visseleg var meir hasardiøs enn i våre dagar.

-og om han til slutt kom vel fram, ja då var han berre komen halvvegs! For her fanst inga reisebyrå for å booke flyturen heim. No fekk han kamskjellet som han la om halsen og som me finn att i gamle hustufter i heile Europa, og med «Compostela», sertifikatet utskriven av biskopen i Santiago den gang som i vår tid, fekk han det skriftlege provet på at målet var nådd. Så vende han blikket mot aust, og frå å sjå mot kveldssola på vegen til ‘campus stellae’ – Stjernemarka, gjekk han no morgonljoset i møte i endå nokre veker eller månader.  Merker og kors hogd ut i fjellet var hemmelege teikn for kvar pilegrimen hadde gøymd noko av reisekassa for returen, og var han heldig låg mynten endå der i bergskorta. Til slutt kom den reisande heim og tok opp att dagliglivets vande rytme. Men tru om ikkje blikket hadde fått ein ny glans der det kvilte i skinet frå soli som glader over fjella…

I fylgje og åleine

Dette er kanskje litt av dei tankane og draumane me gjer oss over pilegrimstradisjonen, og kva er no eigentlig linken mellom det pittoreske biletet av middelalderpilegrimen og dagens unge globetrottarar? Kvifor legg stadig fleire folk i veg, og kvifor har det blitt så populært å gå Caminoen? -og kva er det eigentlig som ventar ein på ei slik vandring?

Det er noko katolsk over ein pilegrimsveg. For ein pilegrim går ikkje åleine, han går i eit fylgje som er av ein annan orden enn det me til vanlig ser for oss. Det er eit stadlaust fylgje fordi ein er på same veg men ikkje på same stad, og det er eit tidlaust fylgje fordi det teller alle pilegrimar til alle tider, ikkje berre dei som går der i dag. Dette universelle perspektivet fylgjer Den katolske kyrkja og manifesterar seg på ein særlig måte i pilegrimstradisjonen. Ein går ikkje åleine. Og den kollektive dimensjonen knyttar seg på underlig vis til sin rake motsetnad.  For samstundes som vi er omslutta av medvandrarar er pilegrimen òg heilt åleine. Det er ein sjølv som må gå vegen, og ingen kan gjere det for ein. Ømme musklar og såre føter må ein sjølv uthalde. Og timane på stiar og langs vegar vert somme tider mange og lange.

Det individuelle aspektet ved vandringa svarar godt til vår individualistiske tidsalder, og har og sin pris… Ei ordenssyster heldt ein gong eit foredrag om tru, og starta med det kjende uttrykket « No man is an island ». -og, sa ho, det motsatte gjeld i like stor grad: « Every man is an island ». Dette kan vi kome til å oppdage undervegs, der vi vekslar mellom det sosiale liv og einsemda. Der kan vere  livlege kveldar på refugioen, med møter ein ikkje hadde tenkt seg og med samtaler som brenn seg fast, med vener for ein time eller for a lifetime, ein veit aldri på Caminoen. Andre gonger kan ein kjenne seg like åleine som på ei einsam øy i Stillehavet. Når ein går åleine på smale stiar, når tankane eller følelsane tårnar seg opp, eller når heimlengselen legg seg som eit lokk over horisonten, då er ikkje alltid entusiasmen den same. Eit ekte eventyr har sine opp- og nedturar. Caminoen innfrir alle forventningar, og kan hende er det nettopp derfor så mange vel å ta ut.

Sjølv om tradisjonen er lang har nok pilegrimspraksisen lege nede ganske lenge. Det er fyrst dei seinare åra at han atter har kome på mote. I 1986 fortel statistikken om ein liten tropp på snaue toogeithalvt tusen sjeler som gjennom året stilte til pilegrimsmesse i  den nesten tusen år gamle katedralen i Santiago. I fjor hadde talet stige til 114.000. I jubelåra er tala endå høgare, sist gong, i 2004, kunne ein skilte med heile 180.000 vandrarar! Neste gong festdagen for St. Jakob fell på ein sundag er i 2010, og då ventar ein endå fleire vandrarstavar på vegen hit.

Mangearta motiv

Men kven er alle desse vagabondane? Det er ikkje lett å finne fellestrekk, men Lydia Ioti i Time finn kanskje ein fellesnemnar når ho skriv : «If medieval pilegrims sought answers to prayers, modern pilegrims are just seeking answers». Og kanskje er det alt ein treng å seie. For kvar og ein av oss må ta utgangspunkt i oss sjølv, og motiva kan vere så mangearta. Her går menneske som har mista ein av sine næraste og som går vegen med sorg og med håp. Andre ber på uro eller ustilte spørsmål. Medan andre igjen ikkje riktig veit kvifor dei befinn seg her, kanskje ikkje før etterpå. Vegen er målet seier ein, det kan ikkje sannare bli for Vegen til Santiago. Bilete og forteljingar kan gjere oss nyfikne, men sjølve innhaldet ligg der framme og ventar på å bli avdekt, som ei unik oppleving for kvar einskild og samstundes delt med alle medvandrarar.

Di eiga vandring

Legg ut på vandring, finn din rytme og kom nær deg sjølv. Kan hende vil du òg sjå vår Herre i eit nytt ljos? Eller i andletet på dei du treff undervegs? Legg ut, og legg bak deg daglegliv og kvardag. Lat dette verte di vandring. Og lat vandringa ta deg med. Berre ein ting vil eg be deg om: Be for meg når du kjem til Santiago.

bror Haavar Simon OP.

Advertisements