(Artikkel publisert i Credimus N° 1 /2009)

I Røldal kyrkje heng eit underlig krusifiks. Kvar Sankthansnatt tek det til å sveitte, og om du får lagt eit klede innåt denne Kristi lekam slik at det vert fukta av sveitten, vil tøystykket kunne helbrede deg for kva enn du lir av. Du legg det berre inn på kroppen der du er plaga, eller tett til brystet om det gjeld sjølve helsa. Då vil kan hende Gud forbarme seg og gjeve deg lækjedom og fred.

Slik gjekk ordet frå hus til hus gjennom mange hundre år her til lands, og mange var dei som kom til Røldal for å tilbe og for å be om lækjedom og styrke. Om alle vart bønhøyrd seiest ikkje, men mange spor vitnar om ein levande tradisjon.

Vår eigen pilegrimstradisjon

I forrige nummer tok me for oss pilegrimsvegane i Santiago, der eventyret kallar og opplevingane ventar. No vender me blikket til vår eigen pilegrimstradisjon, og ser dermed nærare på vår eiga kultur- og kyrkjehistorie. For Røldal sin del startar denne historia tidlig. Stavkyrkja er trulig bygd ein gong på tolvhundretalet, og valfarten hit byrja kort tid etter. Det velkjende krusifikset er laga i same tidsrom, men det er uklart kva tid det faktisk kom til Røldal. Røldalskyrkja var elles ikkje eineståande i sitt slag, ho er ei av fleire som vart omtala som ei lovnadskyrkje det knytte seg særlege løfter til. Andre kyrkjer som fekk liknande status var Fana kyrkje utanfor Bergen og Tomaskyrkja på Filefjell, for ikkje å gløyme nasjonalheilagdomen i Nidaros. Det var særleg helbredande mirakel som gjorde kyrkjene kjend og som førte til at dei vart vitja av folk frå fjern og nær.

Røldal ligg på grensa mellom Hordaland, Rogaland og Telemark, midt i fjellheimen og langt frå folk. Heilt fram til seint på 18-hundretalet var einaste framkomstveg stiar som slynga seg mellom juv og berg, og kvardagen var krevande for dei som budde og ferdast her. Det ein ville ha i hus måtte berast, og me les om menn som tok bører på hundre kilo i gongen, -kvinnene var ikkje borte dei heller. Ei som heitte Eldrid Rinden tok halvtønna (50 kg) så lett som nokon kar, og gjekk og spøta[1] attåt. Ho klara jamt ein sokk til dagen! Veg kom her først rundt 1870, då hadde songen tagna ved jonsoktider i den gamle stavkyrkja…

”Det papistiske uvesen”

Sjølv om Røldal låg avsides til, var staden med si geografiske plassering ein viktig møteplass der det gjekk føre seg handel av varer, hest og fe mellom Austlandet og Vestlandet. Når marknadsdagane tok til på seinsomaren vart det nok liv i bygda, og eit gamalt ordtak seier det på sin eigen måte: ”Her er mang en dans trådt, mang en gild hest sprengt, og mang en sprek kar dengt!” Men anten vi snakkar om kvardagsslit eller festdagar vart pilegrimstradisjonen halden i hevd gjennom mange hundre år. Kvar Jonsok strøymde folk på, og liturgien vart feira i gamal, katolsk tradisjon. Ein skulle kanskje tru at denne praksisen tok slut ved reformasjonen. Men det skulle dryge endå 300 år før krusifikset i Røldal vart hekta ned frå veggen for siste gong. I 1835 vart det sett ein endelig stoppar for den forbodne tradisjonen, og me høyrer tale om heidenskap, overtru og ”det papistiske uvesen”. Den polémiske tonen me finn i kjeldematerialet må sjåast i lys av si tid. Protestantismen såg med ublide auge på at den katolske praksisen hang att i store delar av landet. Dei hadde kome bort frå det liturgiske symbolspråket og trua på den lækjande krafta i relikviene, og forstod slett ikkje mentaliteten til folket som fortsatt hadde eit levande forhold til dei gamle tradisjonane. Denne trua satt djupt i den norske folkesjela, og fann sitt feste ikkje i overtru og magi, men i ei naturlig tru som fall saman med det kvardagslivet folk flest levde, noko som nok særlig galdt i bygder og meir avsidesliggande strok der lutherdomen ikkje så lett nådde fram.

Menneskas smerte og Kristi liding

Ser me nærare på pilegrimstradisjonen i Røldal, finn me eit gripande og poetisk uttykk for den lengsel, bøn og naud som pilegrimen bar med seg. Her var det ikkje først og fremst preken og lange tekstutleggingar som sto i høgsetet, men eit konkret uttrykk for den smerta menneska bar i seg. Dei som kom hadde gjerne ei bøn om lækjedom eller helbred, men dei bar like mykje med seg bøner og allmisser for dei heime som ikkje kunne kome med. Grundig førebuing høyrde med til pilegrimsvandringa, der bot og faste stilte sinnet inn mot Guds nåde og miskunn. Og når pilegrimen under sjølve vandringa nærma seg målet, hende det at han batt på seg kneskinner og handkrykker og gjekk krosslut[2] dei siste kilometerane fram før han endelig nådde kyrkjedøra. Eit ærleg uttrykk for det audmjuke alvoret som prega vandringa.

Høgdepunktet for pilegrimen var messa, der krusifikset vart teken ned slik at kvinner og menn endelig kunne legge linduken innåt den lidande Kristusfiguren. Her galdt ikkje blind overtru, det var ikkje eit magisk fenomen pilegrimen søkte. Sveitten frå Kristusfiguren var eit uttykk for Kristi liding. Symbolspråket bar i seg levande realitetar som gav uttrykk for ei mykje djupareliggande tru. Duken som ein hadde lagt på krusifikset la ein no på sin eigen kropp, og på denne måten vart Kristi smerte og pilegrimens liding eit, -handlinga var eit uttrykk for foreining med frelsaren og ei overgjeving av heile menneske og dei ein bar med seg i tankar og bøner. Alle opplevde nok ikkje å få det svaret dei søkte, men mange gjekk styrka vidare både i tru og i det daglege virke. Og at mirakel faktisk fann stad ber krykker og dei mange votivgåver eit tydelig prov om. Votivgåver var små skulpturar i tre eller metall som viste til den delen av lekamen som hadde vore lækt, og som vart gjevne som teikn og takk til vår Herre.

Tydelige spor og nye former

Me har grunn til å vere stolte og glade over dei vitnesbyrda som kjem til uttrykk gjennom dei historiske kjeldene. Kyrkjas lange og trusstyrkande pilegrimstradisjon har satt sitt tydelege merke i Røldal som så mange andre stader i landet, og tek stadig nye former. For det er ikkje berre i gamal tid at Evangeliet finn feste på aude stader. Tenk berre på Karmel i Tromsø eller nonnene på Tautra. Me har sågar ein eremitt, fader Robert, som har funne tilhald i Tinn, og om ikkje lenge kjem trappistmunkar frå Citeaux for å gjenreise sitt kloster på gamle tufter i Munkeby utanfor Trondheim.

Klimaet er forandra, polemikken har tagna, og me finn i dag eit ope og økumenisk fellesskap. Klostera vert oppsøkt av truande og søkande frå mange forskjellige konfesjonar, og på denne måten held Kyrkja fram med å famne sine born frå fjern og nær.

br. Haavar Simon Nilsen OP

Storegut med til Røldalsmessa

(frå diktverket Storegut av Aasmund Olavson Vinje)

I kyrkja i Røldal eit bilæt hekk so mang ein sæling til frelse;
For sjuke og såre til detta gjekk og fingo atter si helse.
Og funne det var på Jelse

Det bilætet, det var ein undramann; for helst so ved jonsoktider
det var so att sveitten sila og rann ifrå det på alle sider.
Det er som fyr oss det lider.

Fekk nokon av sveitten det minste dogg, var sjukdomen yvervunnen;
Um sjuk eller halt eller sår av hogg, han var som til livet funnen
med lovord sæle i munnen.


[1] Spøte = strikke

[2] Krosslut = tradisjon der ein krabbar den siste distansen før ein når pilegrimsmålet, som til dømes den heilage trapp, santa scala opp til St. Giovanni in Laterano i Roma.

Advertisements